Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Ny PC vil ikkje starte, mistenkjer feil på hovudkort eller PSU


Anbefalte innlegg

Eg laga eit innlegg i RTX 30xx-tråden, men sidan eg har liten grunn til å tru at problemet er skjermkort-relatera så finn eg det meir ryddig å lage ein ny tråd her.

Her er innlegget eg laga: 

Kort oppsummering:

  • PC-en startar ikkje, får ikkje bilete på skjermen og PC-en kjem ikkje forbi POST (dette veit eg av di eg har TeamViewer installera og ville fått opp PC-en som online viss den hadde kome så langt som til å starte WIndows).
  • Skjermkortet (Gigabyte Aorus Master RTX 3070) har ei kvit LED som lyser opp kvar gong eg startar PC-en, og kvar gong eg prøvar å slå av PC-en via av/på-knappen på kabinettet (sjå punktet under). Dette ljoset skal indikere straumproblem. Der er eitt ljos for kvar 8-pins kontakt, men uansett korleis eg koplar så er det det same ljoset som lyser.
  • Av/på-knappen fungerer berre til å slå PC-en på, ikkje av. Viss eg prøvar å slå av så skjer der ingenting anna att at det lyser på skjermkortet (sjå punktet over).
  • Feilsøkinga mi har så langt bestått av å sjekke alt av kablar og alle synlege komponentar for skadar, byte kablar mellom PSU og skjermkort, nullstille CMOS via jumper, samt prøve med eit anna skjermkort i båe PCI-spora. Ingenting av dette har gjort noko forskjell.
  • Test med multimeter syner at PSU leverer cirka +12,2 V til PCIe-kontaktane som går til skjermkortet.
  • LED-ljos på hovudkortet lyser ikkje, og det gjer ikkje LED-ljosa på kabinettet heller (som er kopla via hovudkortet, eit Gigabyte Aorus Elite X570).
  • Alt av vifter går, med unntak av på PSU og skjermkort (men det kan skuldast at temperaturen ikkje er høg nok).
  • Når eg slår på hovudstraumbrytaren bak på PSU så ser eg eitt blink i LED-ane på hovudkortet, og så ikkje noko meir.

Dette her får meg til å tru at det må vere enten PSU eller hovudkort som der er noko gale med. Spørsmålet er om der er ein grei måte eg kan finne ut av dette på.

Eg har avgrensa med anna maskinvare å teste med (det var rein flaks at eg hadde eit høveleg skjermkort liggjande), og endå meir avgrensa med tid til feilsøking...

Er det nokon her som har eit forslag til ein enkel måte som eg kunne bruka til å snevre inn feilkjelda ytterlegare?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Her må du nok enten høre i nærområdet ditt om det er noen som har en PSU liggende, å få lånt den! Eller sende mail til butikken du har kjøpt delene i fra. Ville først begynt med PSU(litt surt viss det ikke er den som er synderen, da du nok må betale for undersøkelsen)

Hvor i landet holder du til sån ca?

Lenke til kommentar

Midt i dei indre bygder i Sør-Noreg, så det er ikkje berre å velje og vrake... 😉

Elles er eg heilt einig, det hadde vore surt å sende inn feil del på reklamasjon. Eg hadde vona at der kunne vere ein smart måte å avsløre "syndaren" på utan å trengje noko ekstra maskinvare, men det er kanskje ikkje så nådig. 

Lenke til kommentar

He he, eg begynner visst å verte gløymsk på mine gamle dagar... 😂 Eg hadde heilt gløymt bort at eg hadde PSU-en frå den førre PC-en liggjande...

Eg testa med den, og problemet var like gale. I tillegg prøva eg litt forskjellig med minnebrikkene (utan brikker, berre ei brikke, forskjellige minneplassar), og eg tok ut CPU-en og sette den i på nytt. Til slutt prøva eg å starte PC-en berre med hovudkortet i og ingenting anna, men då skjedde ingenting, så der er vel gjerne ei sperre som gjer at dette ikkje går.

Då kjem ikkje eg nærare enn at det må vere hovudkortet. Eg har bestilt retur på garantien no. Så lyt me berre vone at NetOnNet er raske i vendinga så eg slepp å måtte kjøpe nytt hovudkort før dei får avgjort saka... 😋

Uansett, takk for alle innspel, både her og i RTX 30xx-tråden (takk til @N o r e n g, @meg0709. @Bennykill og @SIR WOLFIE 87 som svara i den tråden - eg taggar dykk like godt så de veit at eg fann ut av det til slutt)! 👍

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...