Gå til innhold

Verv


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Verv kan også være jobbar eller oppgåver som andre har valgt deg inn til og gitt deg ein tittel. Verv blir også ofte brukt omkvarandre med "frivillig arbeid". Altså arbeid som du har utført som enten er ulønna eller som du har hatt i så liten stillingsprosent at det ikkje er passande å skrive det opp som arbeidserfaring. 

Eg antek at du er ung så det er ikkje sikkert du har rukket å inneha verv endå, men kanskje du har vært klassetillitsvalgt, har vært i elevrådet eller likande verv knytta til skulen?
Det kan også være roller som du har hatt i vennegjengen, som til dømes at du har tatt ansvaret for å skaffe sponsorar til russebilen eller liknande.

Eg ser at Dinside artikkelen som Nwader linker til fråråder å sette opp klassekontakt og liknande som verv på CVen, men det rådet er nok med utgangspunkt i CVen til voksne. Jo yngre du er jo meir verdt er alle den lille erfaringa du har som skiller deg frå jamnaldrande.
Voksne som har tatt høgare utdanning vil typisk droppe både barneskule og ungdomsskule frå CVen, fordi det ikkje lenger er relevant for dei stillingane ein søker. Men for ein som f.eks. går på vidaregåande så vil dette kunne være relevant for CVen.
Tilsvarande så skriv ein ikkje opp på CVen i voksen alder at du var keeper då du var 15 år og kom i lokalavisa for å ha redda flest mål i kretsen, men er du 16 år og dette skjedde i fjor så vil det kunne være høgatuelt å vise til at du er ein dyktig keeper.

Kva detaljgrad du vil legge i CVen må du nesten vurdere alt etter kva jobb du søker. 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...