Gå til innhold

Ringtrafo på inntakskabelen for å unngå overbelastning


hakontdal

Anbefalte innlegg

Er det andre "heimeladarar" med ringtrafo på inntakskabel enn Grønn kontakt sin?

https://gronnkontakt.no/flexilader/hjemme/

 

Sjølv med 63 Ampere hovudsikringar med TT-nett på 230 Volt 3-fas, er det ikkje ubegrensa kor høg last ein, to eller kanskje tre ladarar kan trekka.

 

Løysinga må jo vera at ladarane sjølv finn ut kor mykje dei kan trekka, utan at hovudsikringa går.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Såvidt jeg kan skjønne så brukes ringtrafoen til å finne ut hvor mye strøm som går inn til huset. Da kan ladeboksen regne ut hvor mye strøm som er til rådighet for lading.

 

Hvordan ringtrafoen er koblet reint praktisk klarer jeg ikke se ut fra teksten. Det er jo selvfølgelig mulig at det er en 1:1 trafo som all strømmen i huset går gjennom(da må den være *stor*, *og* dyr). Eller så er den plassert tett på inntakskabelen for å måle feltstyrken rundt kablene og ut fra det utlede hvor mye strøm som går der, da kan den være liten og billig. ;)

Lenke til kommentar

Kult at det var ei ku som svarar ein brunost (y)
Eg har fyrt avgarde eit spørsmål til GrønnKontakt, og etterpør info, bilete evt. datablad på ringtrafoen.

 

Vidare spør eg om moderne målarar vil gjer ringtrafoen overflødig.

Det skal vel vera mogeleg å kopla 3.-partsutstyr til straummålaren og henta ut relevant data om gjeldande straumlast.

Så kanskje neste versjon ikkje treng ringtrafo, gitt at boligen har moderne straum-målar?

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Då kom det telefon frå ein teknikar hos GrønnKontakt.

Ringtrafoen skal vera ganske liten. Kanskje 5 x 2 cm stor.

Det er magnetar som blir klemt rundt inntakskabelen.

Går det 1-fas til ladaren, er det ledarane i den fasen som får ringtrafo på seg. Det blir altså montert 2 stk.

På kvar ringtrafo sit ein liten kabel som går til ein liten boks som blir montert inne i sikringsskapet.

Frå boksen går det ein ethernet-nettverkskabel som går ut av sikringsskapet i lag med kraft-kabelen og fram til ladeboksen.

Teknikaren var usikker på om dei to kablane gjekk i same rør og om det var nok med eit 20 mm k-rør eller om det burde gravas ned eit 40 mm rør for å få plass. Dette var detaljar som installatøren fiksa, og dei var villig til å samarbeida med lokal installatør om det var lang reiserveg til næraste avtaleinstallatør.

 

På spørsmål om det kjem ein oppdatert versjon som hentar last-data direkte frå den nye straummålaren, sa han at dei ikkje hadde dette og at det kanskje kom seinare.

 

Det går fint å seriekopla fleire GrønnKontakt-ladarar.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...