Jump to content
Øyvind Steinkopf Sund

FEATURE: Ambassadører for død og elendighet

Recommended Posts

Ah, Dark Souls, spillene som skiller ekte gamere fra casual noob scrubs. :thumbup:

 

Kunne tilført The Rotten til lista. En bedre ambassadør for død og elendighet finnes ikke.

Share this post


Link to post

Det som gjorde mest inntrykk i Demon's Souls var den andre bossen, Tower Knight. Den første bossen var ganske lett, men den andre brukte jeg sikkert mest tid på på hele spillet, og det var vel mest pga. veien frem til bossen med dragen som måtte forseres og et par vanskelige motstandere på muren på vei til bossen.

Share this post


Link to post
Annonse

En av de definitivt kuleste bossene er han "the blind"-somethingsomething. Level 4-2. Demon Souls

 

Ikke bare er veien fram helt føkka, kjempe seg fram halvparten av veien på en altfor smal hylle i veggen, andre halvparten i mørke med fiender som manes fram både foran og bak en. Deretter en av de heftigere (ikke nødvendigvis så voldsomt vanskelig - men veldig sånn skrekkfilm-intens) bossfightene! Tower of Latria er også fantastisk.

Share this post


Link to post

Nokre av mine favorittar:

 

Flamelurker (Demon's Souls): Ein særs intens kamp og ein av dei tøffaste i spelet. Det som kanskje skil Flamelurker mest frå mange andre er at han er veldig rask og gjev deg få og korte vindauga for å få inn skade. Arenaen er òg med på å setje ein god stemning.

 

Maiden Astraea (Demon's Souls): Berre musikken er nok til at denne kampen hamnar på lista for min del, men kampen har så mykje meir å by på. Arenaen er veldig spesiell med tynne stiar og ein innsjø med demonbabyer som ikkje er sein med å ta livet av deg om du beveger deg nedi eller for nær. Sjølve kampen er ikkje mot Astraea, men hennar trufaste bodyguard Garl Vinland. Garl slår hardt og forsvarar seg sjølv godt med eit bra skjold. Gjennom kampen snakkar Astraea til deg og ber deg om å forlata dei. Det er ein trist historie bak det heile og dersom du tar livet av Garl, vil Astraea ta sitt eige liv.

 

Maneater (Demon's Souls): Kampen som satte standarden for kampar med fleire motstandarar i Souls-serien (Gargoyles, Ornstein & Smough etc). Den framstår i utgangspunktet som grei, heilt til Maneater nummer to dukkar opp og får resten av kampen til å dreie seg om å springe fram og tilbake for å unngå å bli drept, samtidig som du av og til får inn eit slag på sjefane. For å gjere det heile vanskelegare kan Maneaters fly og brukar den smale arenaen til sin fordel. Dette er ein kamp som ofte er langdryg og ein må rekne med å bruke mange healing items.

 

Tower Knight (Demon's Souls): Ikkje av dei vanskelegaste, men å bli møtt av denne typen var formidabelt. Synet og arenaen gjorde at eg mista heilt fokus første gang og tapte så det sang. Fordelen er at arenaen er stor og det er mange stader ein kan gøyme seg og stå heilt trygg. Etter å ha tatt ut hans medhjelparar er det ein grei kamp når du finn ut av det. Hans store svakhet er storleiken og at han er treg.

 

Black Dragon Kalameet (Dark Souls): Den første gode kampen mot ein drage i Souls-serien. Kalameet finn du i eit stort område og du har god plass til å manøvrere rundt. Kalameet flyr lite, men enkelte angrep utfører han frå lufta. Fleire av angrepa dekker store område og det er ein fordel å kjenne igjen dei forskjellige angrepa på bevegelsane hans i forkant. Angrep som dekker store område gjer det òg tidvis vanskeleg å få inn angrep på han, så kampen kan fort ta lang tid.

 

Capra Demon (Dark Souls): Alle kjenner igjen denne. Ein særs liten arena som kjennes endå mindre av at det er to hundar med deg der inne. Det er med andre ord tre mot ein inne på eit lite område. For dei fleste resulterer dette i ein evig rundgang der du spring opp trappa og hoppar ned igjen for å unngå å bli drept. Enn så lenge hundane er i live er det snakk om å unngå å dø og ta dei små sjansane ein får til å ta livet av hundane først og fremst.

 

Dragon Slayer Ornstein & Executioner Smough (Dark Souls): Ein av kampane alle hugsar frå Dark Souls. Dei fleste som har spelt Dark Souls har sannsynlegvis brukt fleire timar på denne kampen.

 

Manus, Father of the Abyss (Dark Souls): Sjølvaste Manus er hovedkampen i Dark Souls-utvidelsen og me finn referansar til han gjennom heile Dark Souls 2. Du har godt med plass på arenaen, men kampen er tøff. Manus er stor, men veldig rask og ofte er det vanskeleg å forutsjå kva angrep han skal utføre. Han slår hardt og du kan for dø av eit par treff. Han gjev deg korte tidsrom til å slå tilbake, så kampen kan ta lang tid.

 

The Lost Sinner (Dark Souls 2): I botn av Sinners Rise finn du denne kampen som fort blir frustrerande. I første omgang fordi du må springe ganske langt for å koma fram, samt at du gjerne blir drept på veien av og til. Gløymer du å heve heisen så må du vente på den òg. The Lost Sinner er rask, hoppar og angrip med eit langt sverd. Nokre av angrepa er vanskeleg å rulle vekk frå og du må vere presis ved gjennomføringen av angrep sidan ho gjev deg lite tid til sånt. Dei som speler gjennom det for første gang og ikkje har funnet ein nøkkel kan risikere å måtte bekjempe ho utan lys i rommet. Det medfører at du mistar Lock-On når ho hoppar vekk. Mørket, skumringen og heile settingen gjer kampen svært intens og engasjerande.

 

Smelter Demon (Dark Souls 2): Topp 3 for min del. Etter ein først har døydd ørten gangar til Alonne Knights kjem altså ein av dei tøffaste kampane i serien. Du har kjempa deg gjennom Iron Keep og mange har sikkert utrydda Alonne Knights på grunn av alle forsøka. Det blir lettare å nå Smelter Demon om du ikkje blir beskutt av Destructive Great Arrows heile tida. Smelter blir vanskelegare jo lengre ut i kampen du kjem og du tar skade av å være nær han i seinare delar av kampen. Om du ikkje har eller tar på rustning som tåler flamme, eventuelt eit skjold som beskyttar mot det, kan du fort gå tom for Estus og springe rundt utan å få inn nokre angrep.

 

The Duke's Dear Freja (Dark Souls 2): Nok ein kamp dei fleste minnest godt. Som med Capra Demon er det største problemet her dei små edderkoppane som aldri tar slutt. Freja sjølv er stor og flyttar lite på seg, men du må angripe ho på eitt av dei to hovuda, noko som sjølvsagt gjer deg sårbar for angrep. Akkurat i det du skal til å angripe kjem ein liten edderkopp og øydelegg heile greia. Dette er ein intens kamp som ofte er langdryg og kan ta timevis å klare.

 

Velstadt, the Royal Aegis (Dark Souls 2): Velstadt, trufast tenar av Vendrick og siste skanse før du finn den gamle kongen. Velstadt har ei svær bjølle som han ikkje har noko problem med å denge deg rundt med. Ei stund ut i kampen får han i tillegg nye krefter og angrep med Dark Magic. Introvideoen til denne kampen er ein av dei beste i spelet og det er ein veldig god stemning.

 

Darklurker (Dark Souls 2): Kanskje den vanskelegaste kampen for min del i Souls-serien. Veien ned til Darklurker er lang og du må ta livet av 4-5 sterke motstandarar dei første 12 gangane. Darklurker verkar ganske grei i starten. Han flyttar seg treigt og viser veldig godt kva angrep som kjem i forkant. Kampen blir først eit stort problem når han halvveis gjennom splittar seg i to. Deretter er det snakk om å unngå å dø samtidig som ein kanskje får inn eit angrep her og der. Med to Darklurkers blir du bombadert med alle typar angrep heile tida. Er du uforsiktig kan du fort døy av eit par angrep.

 

Elana, the Squalid Queen (Dark Souls 2): Nok ein kamp som blir vanskeleg på grunn av at du har fleire fiendar. Elana i seg sjølv er ganske grei å ta finne ut av, men problema oppstår når ho kallar fram skjelett, ein Velstadt-kopi eller grisar. Då må ein ta beina fatt og få Elana litt på avstand sånn at ein kan ta ut dei nye fiendane. Samtidig som ein må unngå å bli truffet av Elana sin magi. Ein kamp med høgt tempo som aldri lar deg slappe av. Tar du ut skjeletta eller Velstadt er ho ikkje sein med å kalle fram noko nytt.

 

Fume Knight (Dark Souls 2): Om du klarar å koma deg ned i botn av Brume Tower ventar ein tøff kamp. Fume Knight startar kampen med eit svært sverd og eit lite sverd, der han veklsar på kva han brukar. Det betyr at du må ha kontroll på rørslene hans i forkant av eit angrep for å finne ut av om du må rulle vekk kjapt eller vente litt på det store sverdet. Halvveis ute i kampen har han fått nok av det vetle sverdet og puttar flamme på det store samtidig som han tar det i begge hendene. I dette stadiet kan han i tillegg angripe deg med Fire Magic. Med begge hender på det store sverdet angrip han raskare med det og påfører deg store skader om han treff. Ein tøff kamp som verkeleg utfordrar dine evner til å rulle unna angrep med forskjellig hastigheit.

 

Sinh, the Slumbering Dragon (Dark Souls 2): Nok ein god dragekamp, denne gang med ein drage som kan fly. Ein vil forst innsjå at Sinh vil tilbringe store delar av tida i lufta, noko som dreg ut varigheten på kampen. Han har mange angrep som dekkar store område og gjev deg små tidsrom til å angripe. Gjennom kampen blir arenaen knust av Sinhs angrep og kropp. Det er heldigivis eit stort område, som ein treng når Sinh flyg rundt.

  • Like 4

Share this post


Link to post

Sir Alonne Dark souls 2: sykt morro kamp. Slet mer med den enn med Fume knight.

 

Lud and Zallen Dark Souls 2 : Selv om turen til bossen er veldig plagsom, syns jeg utfordringen var god. To katter på en gang. Og DLCen var veldig estetisk kul med vinterland.

 

Sif Dark souls : Enig med forfatter. Hele historien med knights of gwyn og artorias er tøff. Og valpen til Artorias vokter sin mesters grav.

 

Velstadt Dark souls 2: Før vendrick, vokter han kongen sin. Liker egentlig alle "undead" omerådene som sjette kapittel i demons souls, blighttown, gutter og undead crypt/tomb.

 

Ikke en boss, men han ene archeren i Anor Londo er like plagsom hver gang!

 

Gleder meg som en unge til DS3

Share this post


Link to post

Det spørs om kriteriet skal være vanskelighetsgrad eller design. For min del er det ofte ikke de kuleste bossene som er vanskeligst å ta. Sif var ti ganger kulere enn Capra Demon, men sistnevnte stod jeg fast på mens Sif tok jeg på første forsøk. Executioner's Chariot har kanskje det kuleste designet av noen boss i serien hvis du spør meg, men den er utrolig lett hvis man vet hva man skal gjøre, mens den langt vanskeligere Smelter Demon bare er nok en "dude in armour".

Share this post


Link to post

Det spørs om kriteriet skal være vanskelighetsgrad eller design. For min del er det ofte ikke de kuleste bossene som er vanskeligst å ta. Sif var ti ganger kulere enn Capra Demon, men sistnevnte stod jeg fast på mens Sif tok jeg på første forsøk. Executioner's Chariot har kanskje det kuleste designet av noen boss i serien hvis du spør meg, men den er utrolig lett hvis man vet hva man skal gjøre, mens den langt vanskeligere Smelter Demon bare er nok en "dude in armour".

 

Einig der. For min del er det ein kombinasjon, med mest vekt på grad av kor vanskeleg det er. Chariot var ganske utfordrande første gang, litt på grunn av at du har ein gjeng i helane på vei til arenaen.

 

Smelter Demon og Fume Knight er nok ein humanoid med armor, men kampane var intense og utfordrande. Det er noko av grunnen til at eg likar Souls-serien så godt. At du blir utfordra og verkeleg må fokusere på kva som skjer.

 

Nokre av kampane med best design er etter mi meining:

 

Dragon God: Sjølve kampen er lett når ein først finn ut av det, men synet av dragen er fantastisk.

Maiden Astraea: Unik arena og design med tanke på at det er Garl som er problemet.

Capra Demon: Eg synest den vetle arenaen gjev denne kampen noko spesielt.

Ornstein & Smough: Den store arenaen i hjarta av Anor Londo. Med to gylne typar i helane er det verkeleg ei oppleving. Smough passar på å rasere heile arenaen.

Sif: Arenaen, musikken, Sif, alt fungerte perfekt! Eg gjekk inn der med alt for mange souls. Sidan det ikkje var tåke der, venta eg heller ikkje at det skulle vere noko boss der. Så feil kunne ein ta. Etter utallige forsøk der eg først måtte finne igjen souls-ene mine, gav eg opp og brukte ein ring som tok vare på dei. Kom tilbake seinare for å ta Sif.

Sinh: Flygande drage, stor arena som blir knust. I like!

Sir Alonne: Ein vakker arena og kamp som føregår i høgt tempo.

Share this post


Link to post

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...