Gå til innhold

Tre kjappe spm før partisjonering av ny Samsung SSD 840 Evo


Anbefalte innlegg

For 4-5 år sidan fekk eg ein 64 gb SSE i min stasjonære pc. Fyst då eg fekk hjelp her i frå forumet kom eg i mål og fekk disken aktivert ++. Ein feil eg gjorde var å ikkje endre frå IDE til ACHI i Bios. Då eg endeleg fekk det gjort (via ein re-installasjon) opplevde eg at mine Virtualbox-baserte gjester ikkje fungerte lenger.

 

Denne gang skal eg ta trinnet med ein 2012-versjon Multicom bærbar PC, over frå SATA til ACHI. Frå ein 500 GB snurredisk til Samsung SSD 840 Evo. Win 7-64 på begge.

For 3 veker sidan var eg i Hong Kong og på CyberCenter, eit varehus med hundrevis av små pc-sjapper. Der fekk eg satt inn denne 120 gb Samsung'en. (Prisen var forresten 640 HK$. Multiplisert med 0,76 blir det knapt 490 n.kr). Endeleg er det ferie og på tide å ta den i bruk. Pr idag er disken initialisert, MBR-basert, og klar til partisjonering.

 

Denne gang vil eg helst oppleve å kunne bruke alle mine virtuelle disker vidare. No går det an å eksportere dei virtuelle diskane. Mest sannsynleg er dette nøkkelen; å eksportere dei frå dagens Virtualbox.

(1) Nokon som veit om eg vil få problem om eg importerer dei over til min SSD-baserte ny-installerte Win7-64?

 

(2) Ikkje sant; det fyste trinn vil bli å gå inn i BIOS og endre til ACHI-basert? Før eg installerer Win7-64.

 

Det neste eg lurer på er stasjonsbokstaven. Pr idag har eg 5 partisjoner på snurredisken. Dagens Win. er på C:/ . Planen er å bruke eit bootloader-program slik at eg i ein overgangsfase kan boote inn i både dagens og det nye windos-systemet. Etter denne "fasen" ville det ha vore optimalt å ha Windows på C:/.

 

(3) Kva om eg endrer bokstaven på dagens win-partisjon til D:/ FØR eg installerer Win til ein ny C:/-partisjon på den nye SSD'en? Vil eg i so fall klare å boote inn i det gamle systemet - på D:/ ? For meg - som amatør - høyrast dette litt usannsynleg ut. Nokon som har gode tips her? Jauda, det går an å bruke program til å overføre dagens system til den nye disken.... Også å boote frå f.eks. D:/ - som eg har tileigna den nye system-partisjonen på SSD'en.... Men eg vil ha ein ny, rein installasjon - og helst unngå å ha systemdisken på D: dei neste 2-3 åra.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har ikke svar på alt her, men tar litt:

 

(3) Diskbokstaven er ikke noe man setter på en disk slik at det er en atributt som følger disken. Det er Windows selv som bestemmer bokstaven, ut fra en ID kode som ligger på disken. Så når man har flere disker så vil Windows alltid ligge på C:, uansett hvilken disk du booter til.

(NB! Jeg sier ikke her at Windows alltid har bokstaven C:, men det er en annen diskusjon).

 

Dessuten, du kan ikke endre bokstaven på en Windows partisjon.

 

Må også nevne at det har ingen hensikt å initialisere på forhånd slik du har gjort. Man kan installere på en uinitialisert disk, da gjør installasjonsprogrammet initialiseringen.

Lenke til kommentar

Takk for svaret. Nei, eg visste vel at det ikkje går an å endre bokstaven på den fungerende windows-partisjonen. Såg nettopp på heimesida til EasyBCD at med to win7 på to partisjoner vil systemdisken vera C: på begge to! Eg kan boote inn i kun ein om gangen og då vil denne ha "navnet" C:. Dette problemet er løyst.

 

Ja, eg stod og spann litt på om det i det heile var naudsynt å initialisere SSD'n men no er det uansett gjort. Det går vel bra. Problemet sist var forresten ikkje å få disken aktivert men "aligned".

 

Nokon som veit om det er andre program enn Virtualbox som vil få problem etter at eg endrer disk-oppsettet frå SATA til ACHI i Bios?

Endret av Dabola
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...