Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

Benk-oppvaskmaskin


Anbefalte innlegg

Hei eg skal snart flytte inn i eiga leilighet og lurte på om noken har hatt erfraing med mini-oppvaskmaskiner, eller benk-oppvaskmaskiner. Fungerer disse godt, erfraringer og eventuellt anbefalinger. Er veldig usikker på om eg bør kjøpe ei slik eller om eg skal kjøpe oppvaskmaskin i det heile tatt (vaske opp manuelt)

 

Takker for alle svar ^^

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Benkoppvaskmaskinar vaskar jamt over langt dårlegare enn store maskinar, og er etter mitt syn lite tenlege om ein KAN vaska opp for hand. Serleg når ein er åleine vil eg seia handoppvask er å føretrekkja. Skal du absolutt ha benkoppvaskmaskin, skal du satsa på ein av dei betre, som denne: http://www.lefdal.com/product/hvitevarer/oppvaskmaskin/SKS50E01EU/bosch-benkoppvask Som du ser er dei slett ikkje billegare enn ein golvmaskin med same spesikasjonane - berre mindre og med klårt dårlegare vaskeresultat. Og benkeplass tek dei og - noko kjøken i små husvære oftast ikkje har for mykje av frå før.

Lenke til kommentar

Har desverre ikkje noken personlige erfaringer med benk oppvaskmaskiner, men det eg har høyrt er stort sett bra.

 

Problemet med oppvaskmaskinene er at dei har dårlig kapasitet (sjølvsagt) og at du må være ekstra påpasselig med å skylle av tallerkner før du setter dei inn.

 

Støy kan også være eit problem frå enkelte modeller.

 

Ein anna fordel med oppvaskmaskin er at det blir skikkelig reint, enkelte er forferdelig dårlige til å vaske opp manuelt, der servicet berre blir dyppa i lunka vatn med alt for mykje såpe og deretter lagt rett opp i skap. Med oppvaskmaskin blir det både reint og serviset ser også fint ut (spesielt glas kan være litt vanskelige å få fine dersom du ikkje vasker dei i varmt vatn og skyller etterpå).

 

 

Sjølv gjekk eg rett på ei skikkelig oppvasksmaskin når eg fyrst kjøpte. Eg vil nok anbefale at du også gjer det samme dersom du no kjøper leiligheit. Benkoppvasksmaskiner er meir nødløysninga dersom det enten ikkje er plass til oppvaskamskin eller dersom du leiger og ikkje vil gjere endringar på kjøkkenet for å få plass til oppvaskmaskin.

Det er alltid greit å ha litt ekstra kapasitet når du fyrst treng å vaske opp mykje.

Det kan også være lurt å kjøpe ei oppvaskmaskin som har eit eige program for halvfull maskin slik at du ikkje bruker meir varmevatn en du treng når du berre vasker nokre få ting.

Lenke til kommentar

Dei små maskinane er slett ikkje billegare enn dei store, tvert om dyrare, så du bør velja ein maskin i standardstorleik om du i det heile har plass til ein.

 

Ein maskin eg sjølv hadde vurdert om eg hadde enkle krav til maskinen var denne: http://www.lefdal.com/product/hvitevarer/oppvaskmaskin/SGU40E02SK/bosch-oppvaskmaskin

Her får du "inkje ekstra" av ting som display fortel kor lang tid det tek før han er ferdig, knapp som utset starten i tre timar (til du sit på arbeid og ikkje høyrer maskinen), program for skåneoppvask av krystall og slikt som ikkje tåler VARMT vatn og liknande "knask", men du får ei veldig god "oppvaskhjelp" som syter for hygiensk oppvask med mindre brukt av vatn enn deg sjølv. Derimot bråkar han ein del, så har du open kjøkenløysing mot stove, høver han best til å setja på når du skal ut. Altså: Han kan samanliknast med ein god benkemaskin i kvalitet og funksjon, bortsett frå at han vaskar betre og har meir plass (og tek meir plass).

 

Har du finare krav, kan eg absolutt tilrå http://www.lefdal.com/product/hvitevarer/oppvaskmaskin/SN46M283SK/siemens-oppvaskmaskin-sn46m283sk, som ikkje er nett billeg men svært god - og bråkar helvta av kva den fyrste eg nemnde gjer.

 

MÅ du ha så liten maskin råd er, kan eg tilrå http://www.lefdal.com/product/hvitevarer/oppvaskmaskin/SF44E200SK/siemens-oppvaskmaskin. Han er nokolunde lik fyrste maskinen eg nemnde, men som du ser dyrare, endå han er mindre.

 

Og ei merknad til slutt. Eg har valgt å referera til Lefdal av rein latskap, og for å sleppa å referera til ein butikk her me bur (i utlandet). Du finn heilt sikkert desse maskinane i sal andre stader med, og det er vert å samanlikna prisar. Nytta då "det lange kodenamnet" (t d SE44E200SK for siste maskinen) som grunnlag for samanlikninga, slik at du VEIT du samanliknar likt med likt. Det finst mange "mest like" maskinar frå same produsent!

Lenke til kommentar

Det kan også være lurt å kjøpe ei oppvaskmaskin som har eit eige program for halvfull maskin slik at du ikkje bruker meir varmevatn en du treng når du berre vasker nokre få ting.

Eg har sjølv hatt maskin med slik maskin, og var vel nøgd med det, men dei programma er det nok slutt på. Alle stormaskinar utover det absolutte skranglet har i dag automatiske inntak av så mykje/lite vatn som oppvasken krev, og ikkje meir. Altså tilpassar dei seg heilt automatisk små ting.

Lenke til kommentar

Eg innser no at eg bør kome med litt meir informasjon: Eg leiger leiligheta og er ikkje sikker på om der er lagd opp for oppkopling av "skikkelig" oppvask-maskin.

 

@Atlanterhavet Gode forslag alle 3 og om eg skal kjøpe so går eg mest truleg for ei ala den fyste (eg såg foresten at prisane var omlag det same i alle butikkare).

Lenke til kommentar

Sidan du skal leige så bør du fyrst sjekke kva slags muligheiter det er for å kobble til oppvaskmaskin. Dersom det ikkje er lagt opp til dette så kan du spørre utleiger om du får gjere dei endringane som trengst for å sette inn oppvasksmaskin.

Eg vil anta at dette går greit då det også er i utleigers interesse å kunne tilby ei leiligheit som er best mulig tilpassa ei moderne hushaldning.

Husk at sjølv om du har stor oppvasksmaskin så treng den ikkje nødvendivis være innfellt i kjøkkenbenken.

Lenke til kommentar

Sidan du skal leige så bør du fyrst sjekke kva slags muligheiter det er for å kobble til oppvaskmaskin. Dersom det ikkje er lagt opp til dette så kan du spørre utleiger om du får gjere dei endringane som trengst for å sette inn oppvasksmaskin.

Eg vil anta at dette går greit då det også er i utleigers interesse å kunne tilby ei leiligheit som er best mulig tilpassa ei moderne hushaldning.

Husk at sjølv om du har stor oppvasksmaskin så treng den ikkje nødvendivis være innfellt i kjøkkenbenken.

Det er lite truleg er direkte motviljug til ei slik endring (sjølv om du endeleg FINN den typen huseigarar og!), men du må rekna med å kosta henne sjølv, og ho kostar snart meir enn oppvaskmaskinen (som du kan ta med på flyttelasset, i motsetning til endringa). Det trengst tre ting: Tilkopling for el, tilkopling for vatn og tiltopling for gråvatn. Du må plassera maskina der kor det ER jorda opplegg straum, for ei slik maskin har du ikkje lov til å kopla til skøytekabel og vatn samstundes, og ho SKAL vera tilkopla jord. Skal du ha langt opp ei ny stikkontakt brenn du snart av eit par tusen kroner til elektrikarrekning.

 

Så har du tilkoplinga til gråvatnet. Dette er lett å ordna 90 % sjølv om du har berre LITT "handverkardugleik" ved å nytta (rimelege, her kjem du langt med 500 kr) røyrsystem som du koplar til mellom slangen på maskina og røyret for til dømes gråvatnet frå vasken og fester til kva som helst du har lov til å skrua i. SISTE tilkoplinga av det systemet er likevel ei røyrleggarsak som fort brenn av 500 til i delerekning og gjerne ein halvtime i arbeid. Røyrleggjarsak er og tilkoplinga av av vatn, om huset har offentleg vatn. Her trengst i prinsippet eit "T-stykke" (http://www.clasohlson.no/Product/Product.aspx?id=156767026) som vert skote innpå røyret til kaldtvassrøyret til til dømes batteriet ved vaskekummen, så X meter koparrøyr (http://www.clasohlson.no/Product/Product.aspx?id=162507799) festa med Y (5 gonger X) sveip (http://www.clasohlson.no/Product/Product.aspx?id=156766744) avslutta med http://www.clasohlson.no/Product/Product.aspx?id=162507894 og med http://www.clasohlson.no/Product/Product.aspx?id=160441471 skoten inn på røyret ein stad kor han her lett tilgjengeleg. I alt utløyser dette 2-3-4 timar arbeid for røyrleggjaren til måling/skjering/lodding/bøying/festing, etter kor godt du har førebudd arbeidet og kor langt og kronglete røyr skal strekkjast. Legg så til at røyrleggjaren sine prisar på desse delene er 2-3 gonger høgare enn dei eg synte (tiltenkte hytter som har forsyning frå brønn/vannpumpe, ikkje offentleg nett) og at litt verkstadmateriell kjem i tillegg , så ser du sluttrekninga vert ikkje heilt liten.

 

Du kan godt nytta ein maskin frittståande, men bør likevel (for reinhaldet sin del) kle han inn med noko på topp sider. Her er det fritt fram for eigen snekkerdugleik, så langt huseigar tillet, eller du ikkje fester til vegg/innreiing (noko som aukar støynivået litt).

 

Same problema kjem ellers og delvis ved benkemaskin. Du må og her ha jorda stikkontakt på høveleg stad, eller ta kostnaden med ei ny, for skøytekabel er like ulovleg her. Har du gamaldags vannkran/batteri med skrukopling ytst på tuten, er saka for vatn grei, det krev eit adapter til 50-100 kr, ellers har du same problemet som med ei fast. Gråvatnet er greit her, men sjølv det krev EIN skrue i veggen på fleirtalet av maskinane. Inkje problem så lenge huseigar seiar OK, men du KAN alltid riskikera du ikkje får lov å setja den skruen av huseiegar utan (heilt lovleg) krav om heil oppussing av kjøkenveggene ved fråflytting.

 

Nei, TS, det lettaste er nok å satsa på oppvaskkost og kjøkenhandklede type De Luxe + stor og fargerik skyljebalje :).

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...