No er det vel faktisk slik at i russland så er korrupsjonen total, og den er værst på toppen.
Sidan putler kom til makta for over 20 år sidan så har han lagt til rette for seg sjølv og hans trufaste "venner", slik at dei har kunna grave til seg så mykje pengar som muleg.
Når dei lenger ned på rangstigen ser at putler og hans kompiser er dei grådigaste, så vil dei også kave til seg det dei klarer.
Så dei problema som den russiske hæren i dag har med at pengar som skulle gått til utstyr, vedlikehold og trening har forsvunne i korrupsjon er problemer som putler sjølv har skapt. Ikkje at eg er lei meg for det.
Men for putler er det umogeleg å løyse problemet, for han er sjølv den mest korrupte.
I Ukraina er det vilje og evne til å gjere noko med det, det er derfor vi stadig hører om korrupsjon i Ukraina.