Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 024
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Zeph

  1. Planlegg for at dette skal fungere ved eit ev. samlivsbrot. Det meste går greit i fredstid, men om det står 50/50 i skøyte, du har betalt meir på lånet og bustaden blir solgt om nokre år pga. samlivsbrot så kan det bli eit tap for din del.

    Metoden eg føreslår fungerer like godt etter ein dag, eitt år eller til lånet er nedbetalt. Søker du litt på nett så vil du sjå at den er den løysinga bankane og økonomiekspertar anbefalar, men hugs for all del å skrive det ned i ein kontrakt.

    Vedlikehald og oppussing bør òg følgje eigarbrøken. Om du eig ein større del av bustaden bør du betale ein tilsvarande større del av den type utgifter. Då er alt på stell.

    Fordel utgifter til daglegvarer, Netflix og kva det måtte vere som de vil, men verdiar, ofte bustad, bør alle ha full kontroll på. Du kan tape store beløp til sambuar ved eit ev. brot om ting blir gjort feil.

    • Liker 1
    • Innsiktsfullt 1
  2. barfoo skrev (13 minutter siden):

    Det blir ikkje rettferdig. Om dei går frå kvarandre dagen etter kjøpet, vil dei ha skote inn 50% kvar, men sittje igjen med ulik sum.

    Om vi tenker oss at dei kjøper hus til 1M, og har 100k i EK, og betaler hhv. 10k og 20k i mnd, vert jo reknestykket at på kjøpsdagen har dei 50/50, med 100k kvar.

    Etter ein månad har ein betalt 110k, og den andre 120k. Då eig dei hhv. 52.2% og 47.8% om ein skal gå matematisk fram etter innskoten sum. Månad #2? 46.2% og 53.8%...

    For min del hadde eg gått for 50-50, først og fremst fordi pengar ikkje er så fordømt viktig her i livet.

    Eigenkapital (EK) og lån er ikkje det same, men krone for krone representerer dei lik verdi av bustaden. Dei har “gått inn” med 50/50 i eigenkapital, men om den er på 500k av totalt 4m kjøpesum så har dei kun kjøpt 0,5/4=12,5% av bustaden kvar med EK. Dei har gått inn med 12,5/12,5, ikkje 50/50.

    Dvs. at 75% av verdien er lånefinansiert. Lånet på 3m representerer 75% av verdien, så korleis dei betjener lånet vil på rettferdig måte representere kor stor del av bustaden dei eig. Har du økonomi, og er villig til å betjene ein større del av lånet så eig du delen av lånesummen du betalar på.

    Kva om dei etter 20 år har betalt ned heile lånet og skal selge?

    Då har TS gått inn med 500k i EK og betalt inn 2m på lånet. Sambuar har gått inn med 500k i EK og betalt inn 1m på lånet.

    TS har betalt 2,5m. Sambuar har betalt 1,5m. Korleis er det då rettferdig om dei skulle solgt og fordelt salgssummen 50/50?

    Hadde dei gått frå kvarandre dagen etterpå og fått igjen nøyaktig 4m så ville TS først betalt ned sin del av lånet på 2m, og deretter fått 500k på konto. Sambuar ville betalt ned sin del av lånet på 1m og fått 500k på konto.

    Kva meiner du er urettferdig med dette?

    Til TS: Skriv sambuarkontrakt, sørg for å få alle tal i orden og ting på stell.

    • Liker 1
  3. Dette er ganske enkelt å fordele.

    Eks.: 4m kjøpesum, 500k kvar i EK. Lånet er 3m, der TS betjener 2m og sambuar 1m.

    Eigarbrøk TS: (0,5m+2m)/4m = 62,5%

    Eigarbrøk sambuar: (0,5m+1m)/4m = 37,5%

    Når kjøpet er gjennomført kan du gløyme eigenkapital i kroner og kun tenke på eigarbrøk. Ved eit ev. framtidig salg er det brøken som avgjer fordeling av salgssummen.

    Om brøken forblir uendra og bustaden ein dag blir solgt for 5m så fordeler de salgssummen som dette:

    TS: 5m*62,5% = 3,125m

    Sambuar: 5m*37,5% = 1.875m

    De kan velge om de vil ha eit felleslån og betale inn kvar sin del eller to lån der den enkelte betjener heile lånet. Fordelen med to lån er at ved ev. ekstra innbetalingar er det lett å halde styr på. Om ein person betalar inn ekstra på eit felleslån må de rekne litt for å justere innbetalingane.

    • Liker 1
    • Innsiktsfullt 1
  4. Hadde sitatet vore feil om du tolka det feil som TS? Breivik hadde òg eit ynskje om ei betre verd, men metodane var sjølvsagt ekstreme og i strid med det dei aller fleste på koloden meiner skal til for å få ei betre verd. Hitler hadde sikkert òg eit ynskje om ei betre verd. Så lenge ein ikkje sympatiserer med den type handlingar så må det vere greit å poengtere kva dei tenkte.

  5. Zepticon skrev (2 timer siden):

    Det må du gjerne tro. Regner emd du også tror at bankene som gir oss disse kortene gjør det av det gode i hejrtene deres, og ikke hard kapitalistisk profitt.

    Kven har sagt dei trur det? Så lenge du ikkje betalar renter så er det ein god deal. Bankane tilbyr det fordi nok kundar betalar nok renter til at det blir profitt, men det betyr ikkje at alle kundane betalar renter.

    • Liker 1
  6. sedsberg skrev (6 timer siden):

    Ikke koble jord til utstyr som er dobbeltisolert. Da forsvinner noe av poenget.

    Kva meiner du med det?

    Dobbeltisolert er eit tryggleikstiltak som gjer at utstyret ikkje treng å jordast, men korleis meiner du poenget med eit tryggleikstiltak forsvinn av å legge til eit ekstra?

    Når noko er dobbeltisolert har det eit ekstra lag isolasjon som skal hindre jordfeil eller kortslutning ved skade på utstyret, men du kan framleis skade det nok til at ein feil oppstår. Er den då jorda i tillegg så blir anlegget sikrare. Dobbeltisolert utstyr har stort sett ikkje jordtilkopling, så det er sjeldan eit problem, men det blir laga mange slags lampar der ute, ikkje alt er CE-merka, og unntak finnes nok. Det finnes òg dobbeltisolerte lampar med jordtilkopling der jordinga er for braketten, ikkje sjølve armaturet.

    • Liker 2
  7. Gjest 57cc4...f67 skrev (12 minutter siden):

    Vi har maks 7500kr stående på kontoen som debetkortet går på, resten av pengene er enten på sparekonto med 4,5% rente, eller investert i indeksfond. De gangene det står mere på kontoen med debetkortet er når vi skal f.eks. betale 25.000kr for en bil reparasjon, da overfører vi fra sparekonto for å dekke det.

    Anonymous poster hash: 57cc4...f67

    Overfører de manuelt kvar månad etter behov eller er det faste overføringar? Å ha buffermidlar på brukskonto er sjølvsagt ikkje smart, men frå månad til månad, der det meste går automatisk, kvar er det noko å hente?

    Dei fleste utgiftene våre har trekkdato den første veka etter løna kjem, og der forsvinn brorparten av utgiftene. Det som ev. blir til overs om det fyller seg opp blir flytta på andre kontoer.

    • Liker 2
  8. BadCat skrev (På 2.5.2024 den 1:59 PM):

    Debet er for dyrt, ikke bare taper man bonuser og forsikringer, man må betale gebyrer. Renter går tapt ved at man kunne hatt 4,55%-5% i rente i stedet for brukskonto med 0,0% rente. 100k, som man gjerne må ha til disposisjon blir 5k i året bare i rentetap. Tap i alle retninger.

    Det nytter ikke å skylde på kortet hvis man er en som bruker mer enn man har.

    Det er flere år siden jeg droppet mitt siste debetkort. Jeg kommer ikke tilbake.

    Må du ha 100k på brukskonto til ei kvar tid for å bruke debetkort? For å få 5k med 5% rente (som du må skatte av) så må det stå 100k der kvar einaste dag heile året. Dei fleste får løn og brukar av den fram til neste løn. Mykje utgifter går på Avtalegiro og eFaktura. Me har Trumf til daglegvarer og kjøper ikkje så veldig mykje anna, så eg kom fram til at det ikkje vart så mange kroner av å bruke meir og fleire kredittkort.

    Med eit forbruk på 10k i månaden til daglegvarer kan ein få 325 kroner etter skatt ved å ha dei på konto med 5% rente.

    Til tråden:

    Eg brukte Ikano for nokre år sidan, gjekk tilbake til debet, men har no Trumf Visa sidan me stort sett handlar det meste på Kiwi. Veldig greit å kunne bruke bonusen fortløpande. Kan ikkje seie at me brukar meir eller mindre med kredittkort. Alt må betalast til slutt uansett, så om de har høgare forbruk (på kva?) med kredittkort så er de kanskje ikkje typen til det.

    • Liker 2
    • Innsiktsfullt 1
  9. Det er så store individuelle forskjellar på forbruk der ute at det er vanskeleg å generalisere.

    • Ein bil, to bilar, ingen bilar
    • Born eller ei
    • Skattenivå i kommunen
    • Kommunale avgifter
    • Fritidsaktiviteter
    • Matvaner
    • Alkohol og tobakk
    • Alder på bustad
    • Straumutgifter

    Forskjellane kan utgjere tusenvis. Difor er det så viktig at alle har kontroll på sin eigen økonomi og tilpassar investeringane til den.

    Systemet fekk seg ein god prøve frå hausten 2021 til 2023, der styringsrenta steig med 4,5 prosentpoeng. Eit halvt poeng under 5%, som var den renteauka bankane skulle stressteste kundane med på det tidspunktet.

    • Liker 1
  10. dølledøck skrev (1 time siden):

    folk som har holdninger som 'orker ikkje' er problemet. det er derfor vi har spill til 900kr på psn.  hvis interessen ikke er der og man 'orker ikkje' så kan man bare slutte med spill hobbyen og finne seg en annen hobby hvor man orker å engasjere seg. vi er nå inne i en tid der vi holder på å miste eierskap og kunde rettigheter. så det går ikke lengre å ikke engasjere seg. kjøp av fysisk media er et must. hvis du ikke finner spill på elkjøp så er det plenty av online sjapper som selger fysiske spill.

    https://www.doesitplay.org/

    https://www.stopkillinggames.com/

    Eg har ikkje noko problem med å ev. miste tilgangen på spel i framtida. Det er så sjeldan eg har interesse for å spele dei igjen uansett. Det finnes eksempel på at folk har mista spel, men det er ganske sjeldan. Eg er ikkje spesielt bekymra.

    Å slutte med spel fordi du ikkje likar digitale spel er ikkje aktuelt.

    I framtida endrar kanskje bransjen seg til at du leiger spel og betalar per dag eller månad i staden for å kjøpe, som musikk-, film- og TV-bransjen har gjort.

    Eg meiner digitale spel er framtida uansett.

  11. Eg seier ikkje at det ville gått i dykkar tilfelle med så lite informasjon om økonomien, men eg har sett nok av Luksusfellen til å ikkje avfeie det fullstendig. Uansett er det du og din familie det handlar om, så dine vurderingar er det einaste som betyr noko. Går det ikkje så går det ikkje. 

    Treff de ganske greit på skattemeldinga eller blir det større summar i restskatt eller til gode? Med høgde renteutgifter og kostnader til barnehage så blir det ein del tusen i rentefrådrag, men det skal i utgangspunktet allereie vere tatt høgde for og vise igjen i inntekta. På ei renteauke på 10 000 i månaden vil de få tilbake 2200 i frådrag.

    • Liker 1
  12. Banken har først og fremst sine eigne inntekter som prioritering. Om de ikkje klarar å betale lånet og dei må tvangsselge huset så er det eit størst problem for deg. Banken har sikring på verdiane sine og vil få dei tilbake.

    Hadde de gått gjennom økonomien og redusert der de kan så kan det hende 3% auke ville gått. Det betyr kanskje å kutte på underhaldningstenester, kjøpe billegare mat osv. I dagens økonomi er kanskje ikkje banken like bekymra for at renta skal gå opp. Forventningen er heller at den vil halde seg på dagens nivå eller gå ned, utan at det er noko garanti.

    Uansett høyrest det fornuftig ut å selge. Eg forstår at pengane forsvinn ut, men de bør absolutt prioritere å bygge opp ein buffer.

  13. Mangel på kompetanse trur eg er ein viktig faktor. Mest økonomisk, men òg digitalt. Mange satsar på at automatikken har orden på alt, sjølv om dei potensielt kan gå glipp av mykje pengar.

    Årets utgåve er ei stor forbetring og det er blitt langt enklare for dei med lite kunnskap å prøve seg fram, men for å legge til eller endre bør du framleis ha ei viss peiling på kva det er snakk om.

    • Liker 1
  14. trn100 skrev (8 timer siden):

    Men det er allikevel noe med denne "levetidsberegningen" som en liten periode var litt vanskelig å takle. Ved å ta ut alt på en gang sier man jo egentlig at man ikke tror man ikke kommer til å leve så lenge?

    Det som fikk meg til å tippe over å ta avgjørelsen var en kollega som sa at når avgjørelsen først er tatt kan man i alle fall spare en haug med penger på å IKKE fornye medlemskapet i SATS! 😉

    Å ta ut alt betyr ikkje at du må bruke alt. Delar kan du plassere på høgrentekonto.

    • Liker 2
×
×
  • Opprett ny...