Gå til innhold

PosteMonopolet

Medlemmer
  • Innlegg

    1 268
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av PosteMonopolet

  1. Endelig! Jeg fant videoen jeg lette etter da i snakket om sortering av legoklosser.

     

     

    Litt ut i videoen ser dere en måte å gjøre det på. :p

    Eg trur eg skal ta å kjøpe to slike sortimentskap. Det tek ganske liten plass når vi sortera klossane i høgda i forhold til å legge mange boksar ut over heile arealet. Eg gler meg til å få plass til alt på bordet slik at eg slepp å sitte på det vonde golvet.

  2. Mitt forslag er fire overnattingar i Tyskland, og bruk Colorline luksus cruise Oslo-Kiel begge vegar. Då hadde dykk fått det slik som meg som var på klassetur til Cebit for nokre år sidan. Eg var på Cebit messa to heile dagar, og resten av tida var til å gjere andre ting i den flotte byen. Det er utruleg mykje vi har moglegheit til å oppleve på ein slik tur om vi får nok tid. Det var den beste reisa eg nokon gong har vert på, så bra at fire overnattingar var alt for lite for meg. Og vi fekk turen mykje billigare enn Tek.no Ca. 4-5000kr + lommepengane då. Eg skjønnar ikkje korleis dykk skal greie å gå så fort igjennom det programmet utan å føle at dykk gjekk glipp av mykje.

  3. Utruleg at dykk endå ikkje har kjøpt PVR. Det tek berre 5 sekundar å spole forbi ein reklamepause.

     

    Hvem har sagt at man ikke har PVR?

    Skulle man spole forbi alle reklamene må man vente en halvtime til en time lengre før man kan begynne å se flimen..

    Eg treng ikkje å sitte å vente, det er jo berre å velja eit av dei mange gode programma som allereie ligg på harddisken. Eg har alltid meir enn nok å sjå på.

  4. Ja, Lego blir eg aldri lei av uansett. Men no er det for meg om å gjere å lage avansert mekanikk som for eksempel dampmaskin på støvsugardrift, og motoriserte bilar med automatgirkasse. Eg har prøvd å lage evigheitsmaskiner, men det har irriterande nok aldri fungert. Og så har eg bygd og programmert mange NXT robotar.

  5. Dette tilbodet blir vel berre dyrare og dårlegare akkurat slik som Netcom Connect fritid. Eg anbefaler dykk på det sterkaste å vente i to år med å bestille, for å sjå om vilkåra utviklar seg i riktig retning. Slik at ikkje dykk også endar opp med ein latterleg kvote på 2GB og prisauke på 30%.

     

    Ja, eg er sur på han som lurte meg med å påstå at Netcom connect fritid skulle erstatte ADSL.

    http://www.amobil.no/artikler/netcom-bredb..._minipris/42584

  6. Har forresten funne løysninga på problemet mitt. Det eg gjor var å gå inn på ein "hemmeleg" meny for å ta ein skikkeleg formatering av harddisken. Eg siterer eit innlegg på Dinside der oppskrifta står:

     

    "1. Gå til: "MENY" -> "Teknisk informasjon" -> "Produktdata"

     

    2. På fjernkontrollen trykk følgende 3 taster etterhverandre:

     

    Rød tast - i (info) - Grønn tast

     

    3. Flytt markøren ned til "Harddisk" og trykk "OK"

     

    4. Flytt markøren ned til "Formatere harddisk" og velg OK/Ja.

     

    (Teksten i dette bilde er på fransk, men det står Ja/Nei på norsk nederst)

     

     

    5. Sett deretter dekoderen i STAND BY.

     

    Når dekoderen slåes på igjen er boksen i førstegangsinstallasjon med slettet HDD."

    kjelde: http://www.dinside.no/823374/canal-digital-ordnet-opp

     

    Var det noen spennende nyheter i oppdateringen? Jeg er hjemmefra fram til fredag og får ikke sjekket før.. :)

    Nei, eg har endå ikkje merka noko forskjell med denne oppdateringa.

  7. Eg sjølv var lærling på ein PC verkstad i ein data butikk, og hadde eigentleg ingen avtale om å fortsette det etter læretid. Men etter at eg fekk fagbrevet i Serviceelektronikar så spurte eg dei om eg kunne fortsette der som vanleg tilsett, men dei sa jo berre at det blei for dyrt for dei å ha ein person tilsett der med fagbrev, og at dei hadde planar til å tilsette ein ny lærling.

     

    Eg trur Butikkane er avhengige av å vere konkurransedyktige på pris, og derfor vil dei berre ha arbeidarar med lågast lønn.

     

    Vil du ha høg lønn, så kan du berre gløyme å jobbe i butikk.

×
×
  • Opprett ny...