Gå til innhold

PosteMonopolet

Medlemmer
  • Innlegg

    1 268
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av PosteMonopolet

  1. Eigentleg så synst eg at dei fleste punkta som står på minussida berre er bagatellar og vil ikkje vere noko problem for meg. Det verste for meg er at den ikkje har støtte for flash. Eg trur det er slik at Apple har stoppa flash fordi dei vil at utviklarane skal slutte å utvikle flash innhald, og heller satse på eit anna format, noko som kan bli bra i framtida. Heldigvis så finst det mykje bra APPs for iPad som kan kompensere manglande flash. Eg har kikka litt på App store og blei overraska over kor mykje interessant eg kunne finne der.

     

    iOS er heldigvis ikkje slik som når iPhone 1 vart lansert. Då var det ein svindyr telefon som ikkje ein gang hadde støytte for tredjeparts applikasjonar i tillegg til mange andre store og små manglar. Eg hata rett og slett Apple på den tida den første iPhonen kom.

     

    No har eg bestilt meg iPad 2 som blir mitt første Apple produkt. Eg gler meg til å teste det.

  2. Då har eg bestilt og betalt for min iPad sidan sist eg skreiv kommentar. Då blir det iPad 2 32GB med 3G svart og Philips Etui: http://www.elkjop.no/product/data/tablet-og-tilbehor/tilbehor/PHILDLN1761/philips-ipad-2-etui

     

    Elkjøp fekk tilfeldigvis iPad på lager mens eg såg kikka på lagerstatusen i nettbutikken, då bestilte eg eit eksemplar med ein gang før det vart for seint.

     

    Takk for ein flott test Amobil :)

  3. Bortkasta pengar eigentleg, faktisk har eg laga eit slikt filter av ein kontakt på min telefon. Og det er ikkje 6000 forskjellige nummer som ringer meg, men ca 10, då har eg også reservert meg frå seljarar som også alle andre bør gjere. Det eg heller saknar er ein funksjon for å blokkere inn kommande annrop frå denne kontakten.

  4. Rart å i det hele tatt trekke inn SmartCover i anmeldelsen. Tar dere med beskyttelsesdeksel til telefoner i slike tester? Nei. Dekselet er tilbehør som ikke følger med pakka så er rart å ta med det óg i testen.

    Eg synst det berre er bra at dei har testa Smart Cover, for no veit eg at det fungerer så dårleg at eg heller vil kjøpe eit anna etui i staden slik at den får skikkeleg beskyttelse.

  5. Inntil vidare har eg ikkje tenkt til å kjøpe med ein 3DS, den er ganske dyr, og det finst ingen må-ha spel endå, dessutan har eg ikkje 3D-syn. Eg skal heller vurdere å kjøpe meg ein 3DS den dagen konsollen har fått etablert seg med eit solid utval av spel og redusert pris, kanskje det kjem ein forbetra versjon av 3DS om eit par år. Det blir spennande å sjå i framtida.

     

    Eg kjøpte den første Nintendo DSen rett etter lansering for 6år sidan. Ironisk nok så er det faktisk dei par siste åra eg har hatt mest glede av den. Så det vil lønne seg å vente.

  6. Håpar dykk slår saman alle sidene til ein stor og oversiktleg nettstad med forskjellige kategoriar og tenester.

     

    Og så håpar eg at ein så stor nettstad kan greie å få til TV og radio program slik som ITavisen hadde for nokre år sidan, men som dei dessverre la ned på grunn av dårleg økonomi.

     

    Skal RSSen til Tek innehalde alle sakene til alle nettstadene frå no av?

    • Liker 1
  7. Elkjøp kjem vel til å dumpe dette spelet opp i 49-kroners "søppelkassa" etter nyttår saman med resten av dei ubrukelege EA spela.

     

    Dæven da missunner jeg Elkjøp-butikken der du kommer fra. For her så holder alle spill en fast pris på 599,- uansett om det er 4 år gammelt.

     

    Ingenting å misunne deg over, for dei spela som går på billigsal der er berre dei dårlegaste spela ingen burde kjøpe, som for eksempel Harry Potter.

     

    Vel vel eg hadde ikkje teke det om det var gratis ein gang, for å spele på dårlege spel blir meir som å gjere ein kjedeleg og meiningslaus jobb enn å ha det moro.

  8. Tenk så bra N8 hadde vært om Nokia hadde turt å ikke hoppe på megapikselkarusellen og heller hatt en bildebrikke av tilsvarende kvalitet, men med 8 megapiksler i stedet. Da hadde det blitt bra!

    Det positive er at man derfor kan filme med 3x digital zoom i 720P.

     

    Men er enig med deg i at 8 MP hadde holdt lenge.

    Eg er overraska over kor latterleg mykje betre bilete kvalitet mitt 5 år gamle Canon IXUS 50 med "berre" 5MP tek, i forhold til kva dagens beste mobilkamera tek.

     

    Eg trudde at utviklinga av mobilkamera hadde gått så langt at dei beste mobilkameraane skulle tilsvare eit 5 år gammalt kompaktkamera, men så feil kunne eg ta.

  9. Eg har laga ein kontakt på telefonen der eg har lagt inn nokre nummer frå forskjellige telefonseljarar og undersøkelsesbyrå. Så lurer eg på om det finst ein måte å blokkere alle innkommande anrop frå denne kontakten slik at eg får eit enkelt og effektivt telefonsejarfilter? Telefonen eg har er Nokia 5800 XpressMusic.

  10. Har har nokre spørsmål til dykk som justerer karakterane til telefonane heile tida:

     

    Nokre av dei litt eldre telefonane har gått kraftig ned i pris og kan vere gode telefonar for folk som ikkje har lyst til å betale 4000kr++ for ein telefon. Eg synst det ser ut som at når telefonane blir eldre så får dei dårlegare Amobil karakter. Er det slik at dykk tek hensyn til om telefonen er eit godt kjøp med dagens pris når dykk vurderer terningen på nytt?

     

    Kan ikkje dykk begynne å ha karakterhistorikk i testane slik at eg kan sjå kva karakter telefonane hadde når dei var nye? For eksempel når dykk justerer karakteren så kan dykk endre terningen og skrive grunnen til at dykk vil endre karakteren i artikkelen utan å heilt fjerne den gamle karakteren. Det er irriterande når ein telefon plutseleg får ein ny karakter utan at det står noko forklaring på det.

  11. Eg kan litt C++ programmering med kommandolinje, men ein ting eg endå ikkje har lært meg er å lage program med grafisk brukargrensesnitt. Så lurer på om dykk har tips til lærestoff som handlar om Visual C++ og Windows former? Det kan vere enten ein god bok eller ein nettside som er lett å forstå. Frå før av har eg ein lærebok som heiter "programmering i C++" men den handlar ikkje om grafisk brukergrensesnitt.

  12. Kjempeflott at Amobil skriv testar av mobilspel. Eg sjølv greier sjeldan å finne noko brukbare spel til telefonen når kvaliteten på mobilspela er så varierande, og det nesten ikkje finst testar.

     

    Eg håpar dykk ein dag kan lage ein slik fin oversikt over alle mobilspel testane, på same måte som dei andre produkt testane dykkar. Då hadde det blitt skikkeleg bra.

×
×
  • Opprett ny...