Gå til innhold

PosteMonopolet

Medlemmer
  • Innlegg

    1 268
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av PosteMonopolet

  1. Eg har ein Nokia 5800 og brukar den til nettsurfing med Opera Mini.

     

    Men ein ting som irriterar meg er at Web serverane på nokre nettstader gjenkjenner meg som mobilbrukar, slik at eg automatisk får fram nettsidene i WAP format sjølv om eg vil ha det i vanlige PC formatet.

     

    Viss eg for eksempel skriv inn www.dinside.no i mobilnettlesaren, så blir eg berre automatisk ruta til Dinsides Wap sider. Eg vil helst få fram nettsidene slik som på PCen.

     

    Korleis kan eg overstyre dette slik at Web serverane trur eg brukar PC?

  2. TV3 er ikkje ein dårleg kanal. Dei sender mange gode filmar, pluss ein del gode eigenproduserte program. Når det gjeld reklamer så er det berre å ta opp programma, sjå dei litt seinare og spole forbi reklamen. Etter at eg fekk meg PVR så har eg alltid gjort det slik.

     

    Når det gjeld mini TV så vil det den gangen det blir betal TV så floppar det på akkurat same måte som TV over 3G gjor. Det hadde jo vert så mykje meir praktisk om Canal Digital heller hadde komme med ein PVR der vi kan kopiere innhald over til mobiltelefonen. Vi skal ha god flaks om TV stasjonane sender noko brukbart akkurat når vi vil sjå tv.

  3. Det finst mange spennande programmer for 5800, men ofte får eg feilmelding om sertifikat utgått, slik at eg ikkje får installert programmet. Går det an å ordne dette, slik at telefonen vil installere programma?

     

    Oppdatert: Fekk det til å fungere no. Måtte berre få .SIS fila signert igjennom denne nettsida: https://www.symbiansigned.com/app/page/publ...SignedOnline.do

  4. No har eg nett fått min 5800. Førsteinntrykket er at musikkspelaren har utruleg god lydkvallitet, og radioen er heilt genial. Dette er ingen tvil om at denne telefonen har fokus på god lyd.

     

    Men elles så synst eg OVI suite er ganske klønete programvare, likar betre PC suite.

     

    Telefonen min er levert med eldgammal firmware , så no oppdaterer eg frå v11 til 21. Det tek vist ein del tid å laste ned.

  5. Eg og har nettopp bestilt ein 5800. Eg greier nesten ikkje å vente på den. Det blir ein kjempeoppgradering i forhold til min Nokia N70 som eg endå brukar.

     

    Er det nokon som veit om det kjem eller finst ein Opera mobile versjon for Symbian 5th? Det hadde vert ein fordel sidan eg brukar mobiltelefonen eindel til nettsurfing.

  6. Mobiltelefoni burde ha vert prisa på same måte som breiband blir prisa, altså ein fast månadspris for alle kundar uansett bruk. Tenk om breibandsleverandørane skulle ta betalt for kvar MB overført data, og for kvar einaste E-posst du sender? Det er ikkje rart mobiloperatørane har så dyrt og komplisert prissystem då. Og om det skulle bli kapasitets problem i mobilnettet av dette så får mobiloperatørane sjølv ta ansvar for dette på same måte som breibandsleverandørane gjer.

  7. Mobilprodusentane må uansett konsentrere seg om å lage telefonar som brukar mindre straum. Problemet blir ikkje løyst av å berre lage kraftigare batteri til dei stadig meir straumslukande telefonane, for då vil det dukke opp nye problem med at globale energibehovet blir større.

     

    Vi forbrukarar må vere meir opptekne av batteritid når vi kjøper ny mobiltelefon, for då blir det hardare konkurranse om å utvikle telefonar med lang batteritid.

  8. Er det noko øvre datagrense på Chess sitt mobilt fritid breiband? Eg ser forresten at eg har i gjennomsnitt overført 6GB data i månaden etter at eg begynte å abonnere på Netcom connect fritid.

    Så utruleg teit med den 2GB grensa. Før var jo meininga med Netcom connect fritid at det skulle vere eit godt alternativ til dyre ADSL linjer, noko som fungerte utruleg bra når det ikkje var noko maks grense for dataoverføring.

    *

    Disse mobile bredbånds abonnementene har vel aldrig vært ment som noen erstatning for den vanlige ADSL linja man får i veggen, men et alternativ for de som trenger/liker og komme seg på nett uansett hvor man er. For de som liker og sitte og jobbe i en park, eller er mye ute og farter osv.. Og tviler på at OneCall kommer til og komme med noe abonnement som ikke har noen maksgrense da de ikke har eget nett, og sikkert ikke får lov til og la brukerne sine overbruke nettet.

    Jo i følgje Netcom så var det meininga at Netcom skulle konkurrere mot ADSL:

    "Netcom vil at du skal kunne erstatte ADSL-linjen din med HSDPA der det er tilgjengelig."

    Kjelde: http://www.amobil.no/artikler/netcom-bredb..._minipris/42584

     

    Og så seint som i haust hadde luringen i Netcom påstått det same:

    "Overbelastning får Ice.net til å vurdere bremsene på fastpris. – Tull, sier Netcom, som mener mobilen vil erstatte ordinært bredbånd." Kjelde: http://www.amobil.no/artikler/slutt_paa_fri_nedlasting/56524

     

     

    Til slutt får eg seie at hadde så god trua på dette at eg aldri abonnerte på noko ADSL, og gjekk rett på mobilt breiband frå Netcom. Det var både billig og praktisk, i tillegg har eg kjøpt ein ruter som eg koplar USB modemet på, slik at eg enkelt delar mobilt internett med alle WLAN enhetane mine.

  9. Så utruleg teit med den 2GB grensa. Før var jo meininga med Netcom connect fritid at det skulle vere eit godt alternativ til dyre ADSL linjer, noko som fungerte utruleg bra når det ikkje var noko maks grense for dataoverføring.

     

    Med 2GB i månaden kan eg jo nesten ikkje bruke nettradio og kan ikkje ein gang laste ned eit program som tilsvarar ein DVD plate. Dette er utruleg skuffande av Netcom. Eg får for all del håpe at Onecall kan komme med betre tilbod slik at internettilgangen min blir redda.

  10. Det ser ut som om mobilkameraet aldri vil kunne erstatte digitalkameraet. Det er ingen optisk zoom, eller skikkeleg blits. Den dagen mobilkameraet tek igjen mitt Canon IXSUS 50 digitalkamera, så skal eg vurdere å begynne å kjøpe mobiltelefon med skikkeleg kamera. Men inntil vidare så er mobilkameraet berre eit leiketøy og betre mobilkamera er ingen grunn for å kjøpe ny mobiltelefon.

×
×
  • Opprett ny...