Gå til innhold

Du er ikke egnet som toppleder om du ikke har fått til innovasjon på to år


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Delvis einig.
Det er viktig med innovasjon, men innovasjon kan ikkje være målet på om ein er ein god leiar eller ikkje.

Alt for ofte så blir det satt likeheitsteikn mellom innovasjon og endring/omorganisering, det er heilt vanleg at kvar gong ein får ny leiing så skal dei gamle rutinane ut og ein skal starte på nytt for å bygge ein ny og betre organisasjon.
Det er fleire utfordringa med dette, den mest openbare er at endringane typisk går i bølgedalar, brukar ein for mykje tid på å internt utvikle ein god organisasjon så kjem neste leiar inn og seier at frå no av skal det jobbast utadretta og det skal ikkje brukast tid på å bygge organisasjon. Resultatet blir at organisasjonen forfell dei neste åra medan ein får til mykje utad. Neste leiar som kjem inn og seier at grunnen til at effektiviteten er dårleg er at jobben ikkje er strukturert nok, så då er det full retur og fokus på å bygge organisasjon igjen. Neste leiar ser at her brukar vi for mykje tid på organisering og gir ordre om å igjen skifte kurs, osv, osv.

Det er alt for lite fokus på å kartlegge moglege negative sider ved å være innovative. Om vi ser på eksempelet frå artikkelen om dusjing to gongar i veka med assistanse og at ein med innovasjon kan få til dusjing fire gongar i veka med lik tidsbruk. På papiret ser dette kjeme bra ut og at det må utvilsomt være eit løft i tenesta. Det som ofte ikkje blir vurdert er andre sider av saka. Vil brukaren få betre tenester av fire kattevaskar eller av to vanlege reingjeringar i veka? Kva med viktigheita av dei varme hendene som viser omsorg? Det er ikkje alle tenester som kan byttast ut med ein vaskerobot. Kva om tidseffektiviseringa med automatiserte tenester gir behov for å opprette nye tenester som ivaretek det sosiale behovet som til dømes i form av to timar med samtaleterapi i veka?

Det er viktig å understreke at ein ikkje skal være redd for å prøve nye ting, men ein kan ikkje sette likheitsteikn mellom innovasjon og kvalitet.

 

Eg trur at det er ein styrke for kommuneøkonomien (og dermed den norske økonomien) at det er litt treigheit i systemet slik at ikkje iveren etter innovasjon fører til dyre feilsteg.
Sjå berre kor mange kommuner som dei siste åra har rulla ut ipad eller laptop i grunnskulen for å være innovative, men utan å sjekka opp om det gamle skulebygget har infrastrukturen som skal til for at alle ipaddane skal ha brukbart wifi samtidig, eller at det er nok stikkontakter til lading.
Eller kommuner som har vært så innovative at dei har kjøpt ei flåte med heilt nye elbilar til heimesjukepleien, men nok ein gong utan å undersøke om kommunen har nok ladeplassar, eller om bilane har nok batterikapasitet til å vare ein heil arbeidsdag. Eg har til og med sett ein avisartikkel for nokre år sidan der kommunen hadde kjøpt dieselbilar for å spare drivstoffutgifter, berre for å oppdage at kombinasjonen diesel og kortkøyring betydde at heimesjukepleiaren måtte bruke arbeidstid på å køyre på ein halvtimes biltur to gongar i veka for at partikkelfilteret ikkje skulle gå tett.

Det er for mykje av innovasjonen som kjem i form av impulshandlingar frå enkeltpersonar.

  • Liker 1
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Hva med å innovere litt rundt innovasjon: Lag en portal hvor ledere i det offentlige kan poste innovasjonsprosjektene sine med detaljerte beskrivelse, så andre ledere i det offentlige kan plukke de prosjektene de ønsker å kopiere. De som kopierer bekrefter dette i portalen slik at den som la ut det originale prosjektet får kred./æren.

  • Liker 2
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...