Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 573
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,9k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Sant nok, men er det faren for jordfeil som er begrunnelsen for at dette ikkje er lov?
  2. Begge delar, oljen skal primært smøre motoren. I tillegg har oljen ein sekundærfunksjon som kjølemiddel slik at motordelar ikkje blir for varme. Når oljen blir gamal så kan den skille seg, særleg ved at fuktigheit frå lufta kondenserer seg og blander seg med oljen. For å overdrive veldig så kan du med veldig gamal olje risikere at det som blir pumpa rundt som smøremiddel nesten berre er vatn, medan alt det smørande fettet i oljen har skilt seg og ligg igjen i botnen. For deg betyr det at du bør skifte olje for å sikre at oljen ikkje har skilt seg og fortsatt er effektiv som kjøle og smøremedium. Hadde du køyrt mykje så skal også oljen byttast med jamne mellomrom, då fordi oljen blir skitten av smuss og metallstøv som kjem av slitasje, og av den grunn blir dårlegare. Lite køyring kan fort være nesten like problematisk som mykje køyring ved at ting blir øydelagt av for lite bruk. Eg ville nok fortsatt å følgje anbefalte serviceintervall, men kanskje ikkje fullt like slavisk som då bilen var ny. Eg ville nok også kutta bruk av merkeverkstad om du ikkje alt har gjort det, jo eldre bilen blir jo mindre har du eigentleg igjen for å betale litt ekstra for å utføre servicen på merkeverkstad. I tillegg er det også eit spørsmål om kor lang levetid du ynskjer å få ut av bilen, og kva som er viktig for deg. Er du ute etter å bruke minst mogleg pengar på bilen så kan du til dømes kutte servicen på airconditionanlegget då dette ikkje er ein spesielt kritisk bilfunksjon. Kanskje særleg for deg som køyrer så korte turar at cupeen uansett ikkje rekk å bli kald om sommaren og varm om vinteren. EU-kontrollen er ikkje ei erstatning for service og anna vedlikehald, men samtidig så er kontrollintervalla på EU-kontrollen tilpassa slik at veldig alvorlege manglar som utslitte bremser og likande blir oppdaga før det går alt for lang tid.
  3. Du blir ikkje formelt satt opp på fastelegelista før den fyrste i måneden ettersom listene berre blir oppdatert ein gong i måneden. Om du har bytta til ein lege som har ledig plass på lista si så er det mest ein formalitet at du ikkje blir formelt satt opp på lista før 1 juni. I mellomtida så er det mogleg å bestille legetime og be spesifikt om å få den legen som blir din nye fastlege. Det er uansett ikkje noko å vente med å sende inn førespurnad om ny fastlege, jo tidlegare jo betre.
  4. Ja det synes eg. Poenget er ikkje at folk ikkje skal ha råd til å kjøpe egg, men at det fort blir kostbart å skulle hamstre egg som kanskje ikkje ein gong blir spist. Det er forskjellig tålegrense på ei prisstiging alt etter om ein kjøper seg ein 6-pakning med egg for å bake kake til 17 mai, og på det å kjøpe fire brett "for sikkerheits skuld" i tilfelle det skulle bli tomt. Mykje av hensikta med ei slik prisstigning er at alle som vil ha egg får muligheit til å kjøpe egg fordi det ikkje har blitt utsolgt. Eg ser ikkje at det er spesielt mykje meir urettferdig enn at nokre få hamstrarar har meir egg enn dei klarer å gjere seg nytte av medan dei som ikkje kan handle tidleg på formiddagen ikkje får tak i eit einaste egg. Om ein vil ha meir sosial profil så kan ein kombinere ei prisaukning på matvarer det er mangel på med eit priskutt på andre varer, som anna festmat. Er det for lite egg til at alle kan bake kake så kan ein sette opp prisen på egg og sette ned prisen på kremost slik at det å bytte ut bløtkaka med ei ostekake blir eit rimeleg og fullgodt alternativ å sette fram på kakebordet.
  5. Det ser ikkje ut til å finnes klar heimel for at det ikkje er lov å bruke aggregat under køyring utanom meir generelle krav til at køyretøyet ikkje skal utgjere ein trafikkfare. Om eit aggregat i drift under køyring utgjer ein trafikkfare må vel då være ei konkret vurdering av kvart enkelt aggregat basert på kva som står i bruksanvisning og produktinformasjonen? Skal det være eit generelt forbod så må det koplast til ein paragraf. Dersom politi og vegvesen tolkar det slik at eit kvar form for utstyr som er i bruk under køyring krev eigen dokumentasjon på at det er lov så vil vel det også få betydning for masse anna ekstrautstyr som er påkopla under køyring, alt frå kjølebokser til ekstralys? Eller gjeld dette utelukkande forbrenningsmotorar? Kan denne "regelen" omgåast ved å ha eit gamalt elbilbatteri som batteribank i staden for aggregat i drift under køyring?
  6. Så vidt eg fekk med meg så vart det ikkje oppfordra til hamstring, men det er sjølvsagt det som skjer når avisene gjengir Nortura sine uttaler om at det er mindre egg tilgjengeleg enn etterspørselen og at dersom ingen hamstrer så får alle kjøpe litt egg. Det var ingen oppfordring om å hamstre men samtidig var det gjort veldig klart at det ikkje er nok egg til alle. Alternativet til hamstring er då å bruke mindre egg enn normalt, men særleg inn mot påska så er det vanskeleg å skulle få folket til å droppe egg-tradisjonane sine for at alle skal kunne ha egg til frokost ein eller to gongar i løpet av påska. Avisene kunne ha formulert seg annaleis, men det har avisene ingen interesse av ettersom dei treng å få ordet "krise" eller "sjokk" inn i overskrifta for å generere klikk. Ein tørr artikkel om at Nortura har bomma på det stippulerte eggbehovet selg ikkje aviser. Det store spørsmålet som eg sitt igjen med er om ikkje ein burde løyst eggmangelen ved ei prisendring. Beste måten å unngå hamstring og overforbruk av ein vare som det er mangel på er å auke prisen slik at forbrukarane reduserer forbruket sitt.
  7. Stikkprøver er ein heilt grei måte å gjennomføre kontroll på, spørsmålet i denne saka går meir på om universitetet har rett (kanskje også plikt) til å gjennomføre stikkprøver tidlegare avlagte masteroppgåver. Normalt sett så er det eit krav om at det må føreligge heilt nye opplysningar for å gjere om eit vedtak, i denne saka så er det rom for å diskutere om det ved hjelp av digitale hjelpemiddel har blitt funnet nye opplysingar eller om ein berre har funnet meir av det som sensor opprinneleg kjente til og vurderte til å ikkje være juks ved fyrste gongs sensur. Grunnen til at eg synes at saka er interessant er ikkje fordi det er feilt å luke ut dei som har juksa, det er meir det at finn det interessant kva som eventuelt blir etablert praksis på området. Denne saka etablerer ein praksis på at det å ta ny vurdering av tre år gamle oppgåver er innafor, vidare blir det då eit spørsmål om dette er noko som alle kan kreve? Kan ein arbeidsgivar be om at graden til sine tilsette blir vurdert på nytt av universitetet? Kor ofte kan ein vurdere slike saker på nytt før dei blir forelda? Og kan slik ny vurdering gjerast utifrå dagens praksis eller må ein bruke same vurderingskriterier som ved opprinneleg sensur? Vil ny vurdering av ei masteroppgåve berre være for å vurdere om det har blitt juksa slik at graden skal annullerast eller er det også rom for ny karaktervurdering? Ved gjennomføring av fartskontroll så slepp du ustraffa unna dersom du køyrer for fort dei dagane det ikkje er stikkprøvekontroll i form av fartskontroll. Ein går aldri tilbake for å vurdere om køyreturen du hadde for 3 år sidan ville ført til fartsbot dersom det hadde vært fartskontroll den dagen. Heile premisset bak stikkprøvekontroll er at ein aksepterer at ein ikkje kan ta alle, men i staden så gir ein ekstra høge fartsbøter både for å være avskrekkande og for å til ei viss grad kompensere for at dersom du får fartsbot så har du nok også køyrt for fort tidlegare også utan å bli tatt. For universiteta så er stikkprøvekontroll ganske likt. Universitetet tek ein kalkulert risiko ved at juksarar kan sleppe unna, men at dette er ein akseptabel risiko i forhold til ressursbruken til universitetet måtte ha lagt ned for å være heilt sikre på at alt er i orden før det blir skrevet ut vitnemål.
  8. Vil også legge til at du skal ha ein attest etter arbeidsforholdet som ikkje skal innehalde meir enn dei faktiske opplysningar om namn, kva arbeidet har bestått av (noko som er mykje meir enn berre stillingstittel) og varigheit på arbeidsforholdet. Meir utfyllande attest skal være avtalt, men det er likevel ein fare for at din arbeidsgiver velger å bruke sluttattesten til å svare ut din argumentasjon i oppseiinga. Så også av den grunn så er det enkle det beste. Og ja, du har rett i at når det står at oppseiingsfristen er rekna frå oppseiingsdatoen så startar oppseiingstida å løpe med ein gong. Dersom du har 14 dagars oppseiingstid og leverer oppseiinga i dag så har du siste arbeidsdag 24 mai. Reknar med at du kanskje ikkje jobbar måndag til fredag, i så tilfelle skal du følgje oppsatt arbeidsplan slik at siste arbeidsdag også kan være tidlegare om du ikkje er satt opp på jobb den 24 mai. Det kan være litt forvirrig rundt eksakt kva som er siste arbeidsdagen så då er det ryddig at du presiserer at du har din siste arbeidsdag er 24 mai. Merk at sjølv om det står at det er oppseiingsdagen ( i praksis datoen) som er tellande så bør du vurdere å også informere munnleg, via SMS eller til og med skrevet ut på fysisk papir i tillegg berre for å forsikre deg mot at det blir noko tull med at arbeidsgivar påstår at oppseiinga ikkje har komt fram eller liknande.
  9. Om det ikkje er avtalt noko anna slik at ein følgjer arbeidsmiljøloven så tell oppseiingstida frå den fyrste i komamde måned. Elles er det avhengig av kva som står i arbeidsavtalen om oppseiingstid. I det offentlege er det ikkje uvanleg med dato til dato fristar. Det kan derfor være greitt å dobbeltsjekke oppseiingstida, har ein dato til dato så treng ein ikkje å vente til juni før oppseiingstida startar å telle.
  10. Oppseiinga treng ikkje å være begrunna, dette er ingen søknad. Einaste grunnen til å ha med ei forklaring på kvifor du seier opp er dersom du ynskjer å få eit "mottilbod" for å trekke oppseiinga. Når du har bestemt deg for å slutte så er det best å berre ha med det viktigaste. PS. Bra at du tek med kva du anser som siste arbeidsdag, då slepp ein ytterlegare konflikt rundt kva som er siste dag ettersom det då er arbeidsgivar som må kontre med det arbeidsgivar meiner er siste arbeidsdag.
  11. Det handlar nok mest om manglande dokumentasjon på at aggregatet kan brukast under køyring. Det kan nok være grunn til å stille spørsmål ved om i kva grad det er grunnlag for å kreve dokumentasjon på at aggregat og liknande kan monterast og brukast under køyring, men det er dette politiet krev. Eg har også sett argumentasjonen om fare for bensinlekkasje og brann ved bruk av aggregat under køyring, så mogleg eit forbod kan grunngjevast i eit generelt sikkerheitskrav.
  12. Du kan i utgangspunktet ikkje nekte å møte på jobb. Som @panzerwolf seier så er det eit krav etter arbeidsmiljølova at arbeidet skal være helsefremmande, men den praktiske utfordringa er at det blir ei vurderingssak. At ein kan bli smitta av vanlege sjukdommar vil ein ofte argumentere med at er pårekneleg når ein jobbar saman andre. Reint praktisk så blir fyrste spørsmål om du har reelle alternativ utanom å være heime utan å jobbe? Heimekontor er nemt, det er ikkje berre eit alternativ for deg men kanskje helst for dei som er sjuke men likevel kan jobbe. Det skal mykje til for at du kan nekte å møte på jobb, så realistisk sett så må du argumentere for kva som er alternativet, og kva risiko for unødvendige kostnadar ein får ved at sjuke får møte på jobb og føre til at fleire blir sjuke. Kortids sjukefråvær er noko som arbeidsgivar må dekke, så det bør være lønnsomt å forebygge at dei tilsette får influensa og liknande.
  13. Det er ikkje nødvendigvis sant. Det er ikkje slik at alle psykisk sjuke ikkje forstår kva og kvifor dei gjer og seier ting. Det er fint mogleg å rasjonelt sett forstå at ein er psykisk sjuk men likevel ikkje klare å la være å gi etter for dei tankane og handlingane som følgjer med sjukdommen. Ein som lir av depresjon vil vite utmerket godt at ein er deprimert, det er ikkje som at ein ikkje forstår at ein berre tenker negative tanker. Utofrdringa for deprimerte er at sjølv om ein veit at ein er deprimert så er det ikkje berre å bestemme seg for å tenke seg frisk.
  14. No veit eg ikkje kva du viser til viser til som blir avfeid av etterforskning, åstadsgransking, obduksjon og dommarar, men vil påpeike at det er ein vesentleg forskjell på avvise all offisiell etterforskning til fordel for ein forfattar, og å meine at det finnes støtte i bevismaterialet for forfattaren sin hypotese. Særleg når også gjennopptakingskommisjonen (etter lang tid) kom til same konklusjon og endte med at VK fekk prøvd saka på nytt og vart frikjent. At etterforskningsarbeidet ikkje holdt god nok kvalitet til å dømme både VK og JHA er vel alle einige om? Så er det sjølvsagt litt ueinigheit om VK hadde ein rolle i denne saka om han i det heile tatt hadde ei rolle. Det kan være alt frå at VK er 100% uskuldig og uvitande, til at VK var ein hovudmann som var til stades og beordra JHA til å gjere ugjerningane, kanskje til og med at VK deltok i ugjerningane. Det som uansett er rimeleg klart er at sjølv om VK skulle være skuldig så har ein ikkje funnet andre bevis mot han enn JHA sitt vitnemål, og utan tilstrekkeleg med bevis så kan ein ikkje dømmast. At det ikkje finnes sterke nok bevis til å dømme VK betyr ikkje at han ikkje kan være skuldig likevel, men det betyr at han skal behandlast som uskuldig så lenge ikkje anna er bevist. Sannsynlegheita for at VK var til stades på åstaden og deltok i ugjerningane utan å avsette anna enn ufullstendige DNA-profilar som også stemmer med personar som har delteke i etterforskninga, er nok særdeles lav, særleg med tanke på kor mykje DNA som stammar frå JHA eller svært nære slektningar av han. Når du snakker om Viggo tilhengere så lagar du ein stråmann om at alle som støtter at det ikkje føreligg nok bevis til å dømme VK (jamfør frifinninga) også meiner at VK er eit englebarn. Det er to litt forskjellige ting, det går fint ann å både meine at VK vart utsatt for eit justismord og at VK hamna i søkelyset av ein grunn, heriblant andre ting som VK hadde gjort tidlegare.
  15. Om dette har skjedd "underveis/før bryggeprosessen" så er det ei moglegheit for at endringa ligg innafor det som er søkt om så lenge dei romma som er bygd oppfyller krava som er stilt til slike rom. Det er sjølvsagt eit problem dersom ferdigattesten er utskrevet under føresetnad om at bygget er bygd slik som opprinnelege teikningar, men det hender også at ferdigattesten blir utskreven på bakgrunn av at ansvarleg søkar har erklært at bygget er satt opp etter gjeldande reglar. Så lenge det tredje soverommet er bygd på ein slik måte at det blir godkjent om det blir søkt så treng det ikkje å være eit problem for ferdigattesten med mindre det bryt krav til utnyttingsgrad av tomta. Hadde dette vært arbeid som har skjedd etter ferdigattesten utan søknaden så er det rimeleg lklart at det ikkje føreligg ferdigattest for slik huset er i dag, men sidan du skriv at det har skjedd ting undervegs og før byggeprosessen så er det ei moglegheit for at endringane har skjedd i samråd med kommunen utan at det er sendt inn heilt ny byggesøknad berre fordi ein ville sette inn eit vindu og gjere sportsboda om til eit soverom. Her kan det være fornuftig å ta kontakt med kommunen for å gå gjennom byggesaka, eventuelt be om innsyn i byggesaka slik at du sjølv kan gå gjennom detaljane. Det kan ha skjedd ganske mykje mellom den opprinnelege søknaden for arbeidet og den endelege ferdigattesten.
×
×
  • Opprett ny...