Gå til innhold

UTFORDRING: La oss bytte til sidemål!


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Eg kjenner meg handicappa no, men det er ein del av læringa. Det veit eg. Det gjeng over. Det er jo difor vi gjer det, er det ikkje? Ei investering. Ikkje det at eg kjem til å nytte meg av nynorsk so ofte, men eg kjem til å nytte meg av det å lære svært ofte. Og då er det kjekt å vete at kjensla av å vere handicappa gjeng over. :) For kvar gong eg lærer noko nytt og ikkje gjev opp, so veit eg litt betre neste gong at det gjeng over då òg.

Lenke til kommentar
Eg klarar ikkje skrive på nynorsk. Det ville vore(?) altfor tungvindt å skrive alle inlegg her på nynorsk. Sjølv om det kunne vært(?) morosamt orkar eg ikkje. Eg ville også vendt meg til å skrive mange feil.

 

(det var sikkert nok av nynorskfeil i den posten :p)

«Det ville vere ...»

«... det kunne vert ...»

Trur det berre var dei, og dei var du usikker på òg. :)

 

Eg fikk igjen nynorsk og bokmålstentamen i dag. Eg fikk ein femmar på begge. Meget fornøgd.

«Eg fekk ...»

«... nynorsk- og bokmålstentamen i dag.»

 

Og er det lov med meget i nynorsk?

Endret av Underpants
Lenke til kommentar
Eg klarar ikkje skrive på nynorsk. Det ville vore(?) altfor tungvindt å skrive alle inlegg her på nynorsk. Sjølv om det kunne vært(?) morosamt orkar eg ikkje. Eg ville også vendt meg til å skrive mange feil.

 

(det var sikkert nok av nynorskfeil i den posten :p)

«Det ville vere ...»

«... det kunne vert ...»

Trur det berre var dei, og dei var du usikker på òg. :)

Ikkje blant desse to formane:

 

Skulle/ville/kunne vere ... (bokmål: skulle/ville/kunne være)

Skulle/ville/kunne (ha) vore ... (bokmål: skulle/ville/kunne (ha) vært)

 

Sidan ha reknast som valfritt (trur eg no iallfall) er det lett å blande dei to. Er du usikker so sjekk om det passar med ha eller ikkje.

 

Det ville vere altfor tungvint ...

Det ville (ha) vore altfor tungvint ...

 

Sjølv om det kunne vere morosamt ...

Sjølv om det kunne (ha) vore morosamt ...

 

Begge gjeng an, men eg trur siste alternativ er best sidan det er snakk om hypotetiske situasjonar. Altso:

 

Eg klarar ikkje skrive på nynorsk. Det [ville vere]/[ville ha vore] altfor tungvindt å skrive alle innlegg her på nynorsk. Sjølv om det [kunne vere]/[kunne ha vore] morosamt orkar eg ikkje. Eg ville også vendt meg til å skrive mange feil.

 

(det var sikkert nok av nynorskfeil i den posten :p)

Sånn. :)

 

Og er det lov med meget i nynorsk?

Nei, men svært er tillate. Du kan òg nytte særs eller særdeles, men dét vert kanskje ein smule for formelt. ;)

 

Tillate, tillatt, tillèt, tillét og det styret der har ég forresten rota fælt med. Ho er ikkje alltid so grei å ha med å gjere, den ordboka.

Lenke til kommentar
Tillate, tillatt, tillèt, tillét og det styret der har ég forresten rota fælt med. Ho er ikkje alltid so grei å ha med å gjere, den ordboka.

Skal det ikkje vere kursiv i stden for aksentteikn her?

 

Da skulle eg vere grilla bra nok. Og eg veit sjølvsagt at innlegg er med to n-ar.

Eg har vore på grillfest og grilla ein -drugiS-.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...