Gå til innhold

Nokia 1110i eller Nokia 1112?


Anbefalte innlegg

Innleiing (hopp gjerne over):

Min Ericsson R520m er, etter 5 og eit halvt år i tru teneste, på god veg til mobilhimmelen (trur eg). I det siste har han slått seg av (og på igjen) både titt og ofte. :'(

 

Eg har ikkje gjeve heilt opp ennå sidan han har oppført seg eksemplarisk i dag. :') Kanskje kanskje... Det er lov å håpe, eg er glad i denne telefonen. :love:

 

men...

 

Eg må truleg ha ny telefon, og prøver å finne ein som kan dekkje mine behov.

 

Mobiltelefonen må:

- Kunne ringjast med

- Kunne sende og ta i mot SMS

- Ha god batteritid (ikkje minst taletid)

- Ha alarm og klokke

- Kunne varsle SMS, oppkall og alarm med vibrering (og ljod)

- Ha gode tastar

- Skrive SMS med ordliste

- Vere Nokia[1]

- Leve minst like lenge som den eg har no :yes:

- Ikkje vere låst til ein teleoperatør

- Ha låg pris

- Ikkje koste masse pengar

Og han må vere billeg!

 

 

 

Spørsmål:

 

Av det eg kan sjå tilfredsstiller både Nokia 1110i og Nokia 1112 dei krava eg har lista opp her. Viss me ser bort frå fargen på teksten og bakgrunnen; kva er skilnaden på desse?

 

Finst det andre telefonar eg berre vurdere, ut frå mine krav?

 

 

 

--------------------------------

Fotnote:

1: Eg har dårleg høyrsle og ynskjer moglegheit for kjøpe handfrisett med teleslynge. Av det eg kan sjå, er Nokia dei einaste som har tatt dette alvorleg. (Eg bør eigentleg ha ein telefon med pop-port sidan den gamle typen ikkje lagast meir)

 

Redigert: La til lenkje til den gamle telefonen og retta namnet på han.

Endret av krita
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Andre ting som hadde vore kjekt:

Linux, vasstett, støtte for minnekort, blåtann og/eller IR, moglegheit for å sjå sendetidspunkt på sendte smsar, wlan, skype, fin fargeskjerm, mp3-spelar, nettlesar, e-post, mms, kamera...

 

Kan nokon lage ein telefon som tilfredsstiller alt dette og krava nemnt over? Eg gjer 1000 kr for ein slik mobiltelefon. :)

 

Vel, eg treng det ikkje, så eg sparar heller pengane.

 

Det einaste som er litt rart er at eg truleg kjem til å kjøpe ein mindre avansert telefon enn eg kjøpte for 5 og eit halvt år sia. :dontgetit:

 

Redigert: Retta ein skrivefeil

Endret av krita
Lenke til kommentar

:hmm: Nokia 1112 kjem med eit billegare batteri enn Nokia 1110i, men Nokia lovar at dei skal ha like bra batteritid. Nokia 1112 er altså meir batterisnill enn Nokia 1110i. Det vil seie at eg vil få meir batteritid igjen for pengane om eg skulle kjøpe nytt batteri i framtida om eg går for Nokia 1112.

 

Men handfrisettet LPS-3, som har gått ut av produksjon, er ikkje nemnt på lista over kompatibelt ekstrautstyr til Nokia 1112. Nokia 1110i skal vere kompatibel. Eg har sendt e-post til Nokia...

 

Kan desse telefonane varsle oppkall/sms med vibrasjon? Det står ingenting om det...

Ny e-post til Nokia...

 

Redigert: Både Komplett.no og Hellkjøp(<-- sjå kor tøff eg er!) påstår at Nokia 1112 har vibrasjon.

 

1110i kan ein bytte deksel på. Det kan ikkje på 1112.

Endret av krita
Lenke til kommentar
Andre ting som hadde vore kjekt:

Linux, vasstett, støtte for minnekort, blåtann og/eller IR, moglegheit for å sjå sendetidspunkt på sendte smsar, wlan, skype, fin fargeskjerm, mp3-spelar, nettlesar, e-post, mms, kamera...

 

Kan nokon lage ein telefon som tilfredsstiller alt dette og krava nemnt over? Eg gjer 1000 kr for ein slik mobiltelefon. :)

 

7677824[/snapback]

 

Jeg sier lykke til i jakten etter den mobilen til den prisen. Tror du må varsle både meg og hele forumet når du finner den. Du må nok opp en god del tusenlapper for å finne alt det i en mobil.

Lenke til kommentar

Då har eg fått svar frå Nokia. Begge kan varsle med vibrering (eigentleg sjølvsagt, men greitt å få det stadfesta)

 

Nokia 1112 kan ikkje brukast med LPS-3(teleslynge-handfrisett) :( 1110i kan :)

 

God nyhende! Ericssonen min har ikkje slått seg av på to døgn. Han er frisk igjen! Så då kan eg ta meg tid til å sjå etter andre alternativ...

Lenke til kommentar

Takk, det var akkurat den typen informasjon eg var ute etter då eg starta denne tråden.

 

Ericssonen er framleis i godt slag, sett bort frå at bakljoset er øydelagt og at eg brukar det batteriet eg fekk med for 5 og eit halvt år sida...

 

Det er framleis stor sjanse for at eg kjøpar ein av dei. No venter eg på at yatack.no skal få inn Nokia 1112 i sitt sortiment. Dei har hentelager rett borti gata.

 

(Trur eg skal drite i teleslyngegreia... Har meir lyst på 1112 enn 1110i... )

Lenke til kommentar
Eg har venta på han i minst fem år. Og eg er budd til å vente på han i fem år til... Den ultimate Linuxtelefonen altså.

7685614[/snapback]

kanskje du ikke trenger å vente så lenge :)
FIC skal lansere telefonen i hele verden i løpet av første kvartal i 2007.

Ifølge FIC selv er Neo 1973 kun den første i rekken av en kommende storfamilie av åpne Linux-telefoner.

http://www.amobil.no/artikkel/mobiltelefon...re_sjefen/33245

http://www.amobil.no/artikkel/mobiltelefon...or_folket/34003

http://www.digi.no/kortnytt/to+motorola-mo.../art364612.html

Lenke til kommentar

Aiai, den siste lenkja di(mandela) var interessant :)

 

Eg har fått min Nokia 1112... Men :cry: dei eg pratar med klagar over dårleg ljodkvalitet. Og eg pratar gjerne 1-3 timar i strekk, så god talekvalitet er VIKTIG!

 

No lurar eg på om eg skal returnere den nye venen min... Eller er det noko gale med han? Dei sa at telefonen hadde god ljodkvalitet då dei testa han på amobil.no.

 

Berre for å gjere det heile ekstra vanskeleg og leit måtte sjølvsagt Ericsson-telefonen døy i dag. :cry:

Lenke til kommentar

Jeg fikk veldig mye negativ tilbakemelding fra de på andre siden da jeg brukte min Ericsson T39m, den er det noe galt med. Så gikk jeg over til K610i og Nokia 1112, har ikke hørt noen klager siden. jeg foretrekker selv handsfree, og de er jo billige og har skikkelig kontakt på Nokia 1112 (ikke den forbanna pop-porten og hva nå Sony Ericsson kaller sin, som nesten er like elendig). Hør med forhandleren, det skal ikke være dårlig kvalitet. Forsøk å ring til telfonen selv og hør om det er skikkelig ille så at du lettere kan beskrive det for butikken. Lykke til.

Lenke til kommentar

Handfrisett er uaktuelt då eg har ting stappa i øyrane allereie... (Høyreapparat)

 

Eg trur ikkje eg har lyst til å reklamere på han. Ser føre meg at det kjem til å ta ei ævelengd(?)

 

Heve kjøpet og handle same telefon på Lefdal.com er kanskje det raskaste? Eller eg kan gå tilbake til hentelageret og seie at eg heller vil ha den raude varianten? (bør vere enda raskare)

Endret av krita
Lenke til kommentar

Eg sendte denne eposten til Nokia i går kveld:

Eg har kjøpt Nokia 1112.

 

Eg får klagar frå alle eg pratar med at ljodkvaliteten er dårleg hjå dei. Eg har testa frå fleire stader, og til fleire mottakarar. Eg har prata til saman i nesten 1 time og 30 min (har hatt telefonen snart ein dag) Der eg har prata mest er eg 100% sikker på at det er særs god dekning. Kva kan vere gale? Kva skal eg gjere?

Dette er svaret eg fekk i dag:
Hei Kristian.

 

Takk for at du kontaktet Nokia Care kundeservice.

 

Siden det er mindre enn en uke siden du kjøpte telefonen anbefaler vi at du tar med telefonen tilbake tilforhandler. Dersom dette er vanskelig (ved feks kjøpt over internett) ber vi deg ta kontakt med nærmeste service sted som du kan finne her:

 

http://www.nokia.no/support/repair/service.php

 

Skulle du ha flere spørsmål, ikke nøl med å ta kontakt med oss.

 

Vennlig hilsen,

 

Nokia Service Professional

Norwegian Team

Nokia Care

Det gjorde eg, og det var ikkje noko problem for yaTack.no heller. Eg kan hente den nye telefonen kl 16.00.
Lenke til kommentar

Eg ser føre meg at eg kan komme til å gå for ei slik løysing ei gong i framtida. Men ikkje no. Eg kvitta meg med teleslynga i dei høyreapparata eg har no for å få plass til eit musikkprogram :p (Sånn at høyreapparata er betre tilpassa musikklytting.)

 

Eg klarar meg eigentleg ganske fint utan. Men viss eg kan få både musikkprogram og teleslynge i framtida... (Eg skal ha nye apparat til våren)

 

Då må eg ut å kjøpe ny telefon igjen :hm:

 

Eg insisterer på å ha Nokia no, mest fordi dei er snille med sånne som meg og lagar slikt utstyr.

Endret av krita
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...