Gå til innhold

Skaffe straumkablar til PSU


aaad

Anbefalte innlegg

Eg har eit par straumforsyningar på loftet, som manglar kablar. Eg kjøpte tre brukte Chieftec BDF-1000C PROTON for nokre år sidan...rimeleg. Haka var berre at berre ein av dei var utstyrte med straumkablar (!) Denne eine har funka glimrande i fleire år. Så var det dei to andre då...korleis får ein tak i kablar?

Eg har vore i kontakt med Chieftec, med spørsmål om det er mogleg å fa tak i komplette kabel-kits. Dei viser berre til å prøve forhandlarar av produkta deira. Eg har vore i kontakt med fleire, utan napp. OK, då kan ein kanskje berre skaffe kablar frå eit eller anna anna merke? Men, nei...for av ein eller annan idiotisk grunn er det ikkje ein fast standard for pinninga av kontaktane, sjølv om kontaktane er like. Ein PSU-kabel er altså ikkje ein PSU-kabel, og å kople på kablar med avvikande pinning kan potensielt vere katastrofalt.

Kva gjer ein då? Kjøpe kablar frå anna merke, og pinne-dei om? Få tak i kontaktar og pins og mekke kablane sjølv? Eg har jo eitt sett med originale kablar, som kan vere modell for eit prosjekt...

Nokon som har gode råd? Nokon som veit kor ein kan få tak i kontakter og pins og kva ein måtte trenge? Gode instruksjonsvideoar for utføringa av re-pinning, eller mekking av nye kablar? Treng ikkje vere noko fansy modding, med slives og stasj...

Eller kanskje nokon har eit par kræsja Chieftec-PSU''ar, med kablar dei gjerne vil bli kvitt? 😜

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
SilverShaded skrev (8 timer siden):

Hvis du ikke har lyst til å lage kablene selv, er det mulig du kan få ModDIY til å bygge dem for deg. Vet ikke om de fikser Chieftec og/eller din modell, men muligheten fins. De har sett i ulike prisklasser.

Det ser ut til at dei har standard sett til ein heil del merke, men ikkje Chieftec. Rett nok kan ein gjerne gi lyd viss ein ønsker kablar til eit merke som ikkje er i lista deira...men heilt billig er det ikkje.

Lenke til kommentar
Dubious skrev (6 timer siden):

Billigere å kjøpe ny PSU med kabler enn å få noen til å lage kabler for de du har. 

Du har eit poeng. Det ser ut til at ModDiy sine standard-kits kostar $79. Dei har ikkje system på innbetaling av norsk mva, så då får ein vel tollgebyr i tillegg til mva, og då byrjar ting å bli dyrt... 😐

Lenke til kommentar
SilverShaded skrev (7 minutter siden):

På den annen side er det heller ikke billig med ny 1000W PSU av bra kvalitet.

No får ein ofte så hatten passar når det er snakk om Chieftec og «kvalitet»...men billige er dei ikkje uansett, viss ein skal kjøpe dei nye. Som sagt har eg hatt den eine i bruk nokre år, i riggen til ein av gaming-gutane i familien, ein relativt kraftkonsumerande rigg, med rx 590 i crossfire og greier. Null problem. Akkurat denne modellserien har eg vel sett eit par ok reviews på òg. Eg kjem til å høyre med ModDiy, så får eg sjå.

Eigentleg er eg ein gjer-ting-sjølv-kar, det er berre at det ofte er litt avstand frå tanke til handling, i ein elles travel kvardag. Det kan jo kanskje bli eit gjer-det-sjølv-prosjekt mellom ribbe, pinnekjøt og julekaker... 😝

  • Liker 1
Lenke til kommentar
aaad skrev (2 minutter siden):

No får ein ofte så hatten passar når det er snakk om Chieftec og «kvalitet»...men billige er dei ikkje uansett, viss ein skal kjøpe dei nye. Som sagt har eg hatt den eine i bruk nokre år, i riggen til ein av gaming-gutane i familien, ein relativt kraftkonsumerande rigg, med rx 590 i crossfire og greier. Null problem. Akkurat denne modellserien har eg vel sett eit par ok reviews på òg. Eg kjem til å høyre med ModDiy, så får eg sjå.

Eigentleg er eg ein gjer-ting-sjølv-kar, det er berre at det ofte er litt avstand frå tanke til handling, i ein elles travel kvardag. Det kan jo kanskje bli eit gjer-det-sjølv-prosjekt mellom ribbe, pinnekjøt og julekaker... 😝

Sant nok...med slike prosjekter må man bare ta seg sammen og "just do it". Bare å finne riktige komponenter blir en jobb. Selv kan jeg gjøre mye selv, og finne på 'rare' ting, men pleier å holde meg innenfor en sikkerhets-sone der jeg kan backe ut og det ikke fører til katastrofale resultater om det ikke blir vellykket. Når det gjelder strømkabler, overlater jeg det til proffene.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Då har eg satsa på ei løysing, som eg trur kanskje kost-nytte vil vere minst arbeid til lågast pris. Eg har bestilt to Corsair-kabelsett på Amazon, og eit pin-uttakar-verktøy på AliExpress. Då blir det vel ein drøy tusing, inkl. mva, for to kabelsett.

Så får eg rigge meg til med original-kablane og eit multimeter og samanlikne pinninga, og trekkje pinnar ut og putte inn, der det måtte vere avvik...kan jo vere heldig med at det ikkje er så mange 🙂

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...