Gå til innhold

aaad

Medlemmer
  • Innlegg

    206
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

aaad sine prestasjoner

11

Nettsamfunnsomdømme

3

Hjelpsomme svar

  1. Demonterte og rensa cpu'en på pin-sida, i håp om at dette kunne gjere noko med minneproblemet. Det var litt film frå kjølepasta eit par stader. No skin han som ny, ...men det løyste ikkje problemet Greier framleis berre køyre ei minnebrikke, ...i feil slot, men ho køyrer. Nokon som veit kva ein tapar med berre å ha ei minnebrikke (i feil slot), i staden for to i par, anna enn halvparten så mykje minne då sjølvsagt? Brikka er på 16GB og køyrer med 3600MHz
  2. Nope...kjøpt brukt. Kan vel fort bli ei lita delrefusjonssak iallfall, viss ikkje det er noko anna som er problemet då. Har lese litt om både brudd i cpu-pinnar og overtrykk frå kjølaren mot cpu'en. Var faktiske eit par litt bøygde pinnar på cpu'en, men trur eg retta dei greitt opp. Brukt den òg...trur eg skal slutte å handle brukt
  3. Joda, har styring på det...men kva hjelper det når dei ikkje verkar?
  4. Prøvde igjen, og trykka då Y. No startar maskina utan at det kjem opp noko melding. Verkar òg når eg bruker det andre brikka i same slot'en...men brukar eg to brikker startar ikkje systemet. Prøvde så med ei av dei brikkene eg først tenkte å bruke, Corsair Vengeance LPX DDR4 3600 16GB (v 4.33). Han funka den òg, men berre åleine, og køyrer berre 2666MHz. Kan dette tyde på at eg har tre defekte ram-slot's? ...kan kanskje leve med det, sidan den som no står i er på 16GB, men som single slot skal ho visst helst stå i slot 2 (B2) ...no står ho i slot 4 (A2)
  5. Prøvde det, først med den eine, så med den andre...og, når eg prøvde siste brikka (!) i fjerde slot'en, då blei det litt liv. Først blei det skikkeleg lysorgel i led-indikatorane med både gult og raudt og grønt, ...men det landa på grønt Det kom ei melding under oppstart, og det verkar som om bios måtte konfigurere ny cpu eller noko. Litt gresk for meg kva eg skulle trykke N eller Y...gjekk for N....kom då inn i setup. Når eg startar igjen, er det samme mølla med same melding. Skulle eg ha trykka Y heller? Sjå bilete vedlagt...
  6. Har nettopp skrudd sammen en ny PC, men han vil ikkje starte, ...eller det er liv, cpu-vifte snurrer, lys på HK og GPU, men ikkje bilde på skjermen, og på hovudkortet tennast ei led-lampe for "RAM-failure" (!?) Nøkkelkomponentar: Asus Rog Strix B550-F Gaming Wifi Ryzen 7 5700X GPU: RX 590 Fatboy RAM: FuryX DDR4 2x8 GB (HX426C16FB3K2/16) HD: Kingston Fury Renegade M.2 SSD 2TB PSU: Chieftec BFD-1000C Proton Series Rett nok stod ikkje minnebrikkene eg brukte først på lista over støtta brikker, men eg har byta med eit sett som skal ha støtte, og som nyleg har funka greitt på annan PC. Framleis "RAM-failure" ...har òg prøvd å køyre begge brikkene i single slot. Eg oppdaterte til nyaste bios med Bios Flash Back før eg monterte cpu/ram, og prosessen såg ut til å ha gått greitt. Forslag til korleis gripe an problemet nokon? ...kan det vere noko anna enn eit RAM-problem?
  7. Kor får du denne for under kr 750? 😮 ...kjøpt brukt, kaskje?
  8. Då har eg satsa på ei løysing, som eg trur kanskje kost-nytte vil vere minst arbeid til lågast pris. Eg har bestilt to Corsair-kabelsett på Amazon, og eit pin-uttakar-verktøy på AliExpress. Då blir det vel ein drøy tusing, inkl. mva, for to kabelsett. Så får eg rigge meg til med original-kablane og eit multimeter og samanlikne pinninga, og trekkje pinnar ut og putte inn, der det måtte vere avvik...kan jo vere heldig med at det ikkje er så mange 🙂
  9. No får ein ofte så hatten passar når det er snakk om Chieftec og «kvalitet»...men billige er dei ikkje uansett, viss ein skal kjøpe dei nye. Som sagt har eg hatt den eine i bruk nokre år, i riggen til ein av gaming-gutane i familien, ein relativt kraftkonsumerande rigg, med rx 590 i crossfire og greier. Null problem. Akkurat denne modellserien har eg vel sett eit par ok reviews på òg. Eg kjem til å høyre med ModDiy, så får eg sjå. Eigentleg er eg ein gjer-ting-sjølv-kar, det er berre at det ofte er litt avstand frå tanke til handling, i ein elles travel kvardag. Det kan jo kanskje bli eit gjer-det-sjølv-prosjekt mellom ribbe, pinnekjøt og julekaker... 😝
  10. Du har eit poeng. Det ser ut til at ModDiy sine standard-kits kostar $79. Dei har ikkje system på innbetaling av norsk mva, så då får ein vel tollgebyr i tillegg til mva, og då byrjar ting å bli dyrt... 😐
  11. Det ser ut til at dei har standard sett til ein heil del merke, men ikkje Chieftec. Rett nok kan ein gjerne gi lyd viss ein ønsker kablar til eit merke som ikkje er i lista deira...men heilt billig er det ikkje.
  12. Eg har eit par straumforsyningar på loftet, som manglar kablar. Eg kjøpte tre brukte Chieftec BDF-1000C PROTON for nokre år sidan...rimeleg. Haka var berre at berre ein av dei var utstyrte med straumkablar (!) Denne eine har funka glimrande i fleire år. Så var det dei to andre då...korleis får ein tak i kablar? Eg har vore i kontakt med Chieftec, med spørsmål om det er mogleg å fa tak i komplette kabel-kits. Dei viser berre til å prøve forhandlarar av produkta deira. Eg har vore i kontakt med fleire, utan napp. OK, då kan ein kanskje berre skaffe kablar frå eit eller anna anna merke? Men, nei...for av ein eller annan idiotisk grunn er det ikkje ein fast standard for pinninga av kontaktane, sjølv om kontaktane er like. Ein PSU-kabel er altså ikkje ein PSU-kabel, og å kople på kablar med avvikande pinning kan potensielt vere katastrofalt. Kva gjer ein då? Kjøpe kablar frå anna merke, og pinne-dei om? Få tak i kontaktar og pins og mekke kablane sjølv? Eg har jo eitt sett med originale kablar, som kan vere modell for eit prosjekt... Nokon som har gode råd? Nokon som veit kor ein kan få tak i kontakter og pins og kva ein måtte trenge? Gode instruksjonsvideoar for utføringa av re-pinning, eller mekking av nye kablar? Treng ikkje vere noko fansy modding, med slives og stasj... Eller kanskje nokon har eit par kræsja Chieftec-PSU''ar, med kablar dei gjerne vil bli kvitt? 😜
×
×
  • Opprett ny...