Gå til innhold

The Last of Us-serieskaperen mener at fire sesonger høres passende ut


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Ai ai ai. Det er eit dårleg teikn at ein går for å gjere kontroversielle castingar for ulike rollefigurar. Om det stemmer at serieskaparane forventar at publikumsreaksjonen skal bli: «Hæ? Virkelig?», då er også sannsynlegheita svært stor for at fleirtalet av sjåarane vil bli negativt overraska, og at dei kanskje ikkje vil gi serien/sesongen nok tid til å skifte meining.
Vi får likevel håpe dette hemmeleghaldet om kven dei har casta som Abby er meint i retning av at dei har skaffa ein veldig kjent skodespelar, og ikkje at dei har endra karakteren til det ugjenkjennelege.

Eg er klar over at det fortsatt er store kontroversar om tLoU2 og denne Abby karakteren, men samtidig så meiner eg at når fyrste sesong av serien var nærmast ein blåkopi av det fyrste spelet så bør serieskaparane fortsette å legge seg på den linja. Og dersom dei ikkje tørr å fortelle historia om Abby på same måte i spelet så meiner eg at serieskaparane heller bør gå for å skrive ei heilt original historie som er uavhengig av spelet i staden for å prøve å "fikse" historia frå spelet.

 

At det blir fire sesongar høyres naturleg ut om serieskaparane skal fortsette å følgje spela.
Sesong 1 tok for seg heile historia frå fyrste spelet samt prequellen. Spel nummer to kan nok være naturleg å dele opp i to korte sesongar.
I tillegg så jobbes det med eit tredje spel som då naturlegvis vil danne grunnlaget for ein fjerde seriesesong. Om det blir nok innhald i det tredje spelet til å lage meir enn ein sesong med TV-serie er ikkje kjent.
Slik spel har ein tendens til å bli større og større for kvar versjon, men her har kanskje Naughty Dog litt tidspress på seg på å raskt kome med ein oppfølgjar medan interessen for The Last of Us er høg, og vil derfor kanskje nedprioritere det å lage ei lang og kompleks historie?

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...