Gå til innhold

Familieøkonomi - Fordeling av utgifter i forhold


Anbefalte innlegg

Me har endra litt på vår ordning og oppretta ein felleskonto for å ha meir kontroll. Alle faste utgifter som er felles (husleige, internett, straum, Netflix, Spotify osv.) blir trukket frå den kontoen med avtalegiro, samt at begge har Visa-kort til kontoen som blir brukt til daglegvarer og alt anna felles.

Ellers har me eitt lån kvar på bustaden som den enkelte betalar på og sjølv styrer.

Me har eit fast beløp som blir overført til felleskontoen kvar månad og pga. ulik inntekt er det forskjellige beløp. Til dømes 4000 og 6000 om fordelinga er 40/60. Sidan variable utgifter (daglegvarer, Visa-kjøp) varierer frå månad til månad så er det satt inn litt ekstra på kontoen for å ha ein buffer. Så lenge begge overfører samtidig med riktig forhold så blir alt delt etter avtalt brøk.

Det er fleire måtar å dele utgifter på og me synest det er greit å dele utgifter etter inntekt. Det vil sjølvsagt bety at den som tener mest òg betalar meir. 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...