Gå til innhold

Problem med laserskrivar, kan det skuldast inneklima?


Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

På kontoret der eg arbeider har me ein HP multifunksjons laseskrivar (har ikkje nøyaktig modell her og no, er ikkje på kontoret i dag).

 

Då eg skulle bruke denne her om dagen så var det rimeleg dårleg stelt med utskriftskvaliteten: Han dreg svart toner ut over heile den eine margen. Å køyre reinseprogrammet hjelpte litt, men problemet kom att relativt kjapt. Vidare så vert gule fargar blasse, og blått og grønt vart same farge i enkelte høve. Der skal vere greitt med toner i alle fargar.

 

På det kontoret der skrivaren står så slår me av varmen når der ikkje er folk i bygget, og då kan nok temperaturen fort kome ned mot null og kanskje under (kontoret er i ein gammal brakkerigg som ikkje er permanent bemanna).

 

Trur de at låg temperatur, kanskje i kombinasjon med rå luft, kan vere årsaka til desse problema? Me har hatt skrivaren i over eitt år no, og ikkje hatt tilsvarande problem når det har vore varmare i vêret.

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Temperatur og luftfuktighet kan være en utfordring ja.

 

Men det kan og være slitasje eller defekte deler. Om du finner ut hvilken skriver du har så kan du sjekke opp i reservedeler til den.

 

Eg har en gammel HP LaserJet 1020 stående i en fuktig tilhenger med både varme dager og netter med frost. Når eg testet den her om dagen var papiret til og med fuktig, og fortsatt fungerte den. Men det er en svart/hvitt skriver og eg mistenker de ikke lager de like gode lengre :p

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Takk for innspel, me kjem nok til å sjekke dei tinga du nemner. Litt rart viss det skulle vere slitasje etter relativt kort tid og få utskrifter, men ein veit aldri. Dessutan kan no alle mekaniske ting ryke frå tid til annan.

 

Eg tala med sjefen, og me kjem nok til å prøve å enten ha på varmen der skrivaren står eller flytte han til eit anna rom og sjå om det hjelper.

 

Heilt klårt at ting ikkje vert laga slik som før. Me har eit kjøleskåp her i huset som mor mi kjøpte på 70-talet som fungerer like godt og er nesten like fint, men eg har vore ute for at nyare skåp ramlar frå kvarandre eller sluttar å fungere etter nokon få år. Og så vidare.  :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

He he, ser den!  :wee: Eg hadde gløymt å seie noko om bruken, og det er sikkert særs forskjellig kva folk legg i "mykje" og "lite".

 

Denne skrivaren vart vel kjøpt for ikring eit år sidan, og eg vil tru at me sidan den tid ligg på ein plass mellom 2000 og 3000 sider totalt (omtrent likt fordela mellom svart-kvitt og farge).

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...