Gå til innhold

SNIKTITT: Risen 3: Titan Lords


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Då har eg fått spelt ein time eller to etter at introduksjonen var over, og eg fekk fridom til å gå dit eg ville. Eg satte kursen mot øya Taranis, der eg håpar å kunne bli magikar.

 

Spelet løfta seg eit hakk eller to når eg kom dit. Der har ikkje vore nokon mellomsekvensar eller smertefullt stemmeskodespel, og eg er fri til å gå rundt, snakke med folk, og gjere som eg vil. Den visuelle opplevinga verkar òg mykje betre på denne øya, og landskapet er interessant. Eg fann nettopp ein del av eit namngitt sverd som kan smiast på nytt når eg finn andre delen, og dette minte meg om Risen 1. Å utforske og leite etter ting er so langt ei god oppleving.

 

Der er ein ting som uroar meg litt: vanskegrada. Eg har skrudd ho opp til Hard (noko eg normalt aldri gjer) i eit forsøk på å få større utfordringar, men det gjorde ikkje so mykje nytte, sidan det underliggande problemet er i kampsystemet. I utgangspunktet er det greit nok: du trykker på venstre musknapp for å hogge. Trykk fleire gongar for å følgje opp med ein slags komboangrep, og hald knappen lengre inne medan du gjer dette for å endre timing og styrke. Timing ser ut til å vere det avgjerande for korleis du treff. Høgre knapp blokkerar (og ein blokk kan haldast so lenge ein vil), og dobbeltrykk på ein av WASD-knappane gjer at du rullar i ei av fire retningar. Alt dette er greit nok. Men der er to ting som gjer det heile problematisk:

1. Det ser ikkje ut til at du kan bli truffen medan du rullar. Dette er etter mi forstand heilt på trynet. Eg har testa ved å plassere meg sjølv inne i eit hjørne og rulle bakover gjentatte gongar. Dette burde ikkje ein gong vere fysisk mogleg, men det som er verre, er at fiendane aldri klarte å treffe meg medan eg gjorde det.

2. Du får ein medhjelpar tidleg i spelet, som ser ut til å vere udøydeleg, og som kan hele deg. So om du møter noko som slår litt for hardt: rull rundt til han har rydda opp litt.

 

For meg fjernar dette mykje av spenninga ved å utforske, og motivasjonen for å utvikle karakteren min. Merk at eg er tidleg i spelet enno, og det kan hende at eg berre ikkje har møtt på nokon interessante fiendar enno, men det eg har sett er litt bekymringsverdig. Kampsystemet i Risen 2 var dårleg, men det var i det minste utfordrande. Du måtte utvikle deg for å overleve. Kampsystemet i Risen 1 var etter mi meining det dei burde basere seg på, sidan det var både interessant, utfordrande, og verka rettferdig.

 

Eg får sjå korleis ting utviklar seg i morgon. :)

 

Kay

Lenke til kommentar

Ja spillet er litt for lett. På Hard dør jeg ganske ofte, men det er jo bare å kjøre en liten quick-load og prøve et par ganger til, så går fienden ned etter hvert uten særlige problemer. I Gothic 2 var visse fiender umulige i starten. Fiender som orkene f.eks. De burde i såfall kanskje introdusere et slags system som Dark Souls, hvor man ikke kan save og loade hele tiden, og hvor man blir vekket til live når man dør, med en mindre straff av noe slag, og at man må vandre et stykke for å komme seg tilbake til der hvor man døde.

Lenke til kommentar

Eg har no aktivt prøvd å få medhjelparen min slått ut, utan å klare det. Eg har vassa inn i kamp mot fleire tilsynelatande sterke fiendar, og ikkje gjort noko for å hjelpe han. Eg berre rullar rundt utan å trekke våpenet mitt. Likevel blir eg aldri truffen. Medhjelparen min blir slått veggimellom, men kjem seg alltid opp igjen med ein gong, og berre fortsetter til alle fiendane er daude.

 

Hr. Jenssen, du som har spelt meir, veit du om det går an at medhjelparen din blir slått ut, eller om der er område der du ikkje kan ha med deg nokon?

 

Slik det ser ut so langt, må eg kanskje kunstig lage mine eigne utfordringar, ved å ikkje ha med meg nokon når eg utforskar, men det kjennast på ein måte ikkje heilt rett det heller.

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Eg har klart å finne litt større utfordringar, og det ser heldigvis ut til at medhjelparen min ikkje er udøydeleg likevel, sidan helsa hans går ned. Eg har no møtt fiendar som er i stand til å få han ned til 30% helse. Vonleg har spelet fortsatt mykje tøffare kampar å by på. Eg trur at so snart eg har lært meg magi, kjem eg til å sette att medhjelparen min på båten, og utforske åleine. Eg tippar spelet då vil kunne gi litt motstand.

 

Det generelle inntrykket av spelet er fortsatt rimeleg godt. Utforsking er kjekt, og atmosfæra er bra. Der finst definitivt store forbetringspotensial, men jamnt over verkar spelet solid. Kampsystemet og den fullstendig ubalanserte medhjelparen er det einaste verkeleg store minuset so langt, men eg kryssar fingrane for at magisk kamp er meir interessant. :)

 

Kay

Lenke til kommentar

Godt å høre at det blir mer utfordrende etter hvert. Jeg opplevde også at medhjelper var litt vel sterk og hjelpsom, både i kamp og å foreslå hva som bør gjøres. Dette likte jeg ikke, så kommer til å sette fra meg medhjelper stort sett så ofte det er mulig. Har sjelden likt å ha medhjelpere i spill så det er ikke noe tap for min del (mulig jeg går glipp av noe dialog, men det får være).

 

Ikke fått spilt så mye enda akkurat men liker spillet hittil bortsett fra at det virket for enkelt med medhjelper og at jeg ikke liker kameraet hverken slik det er her eller i Risen 2.

Lenke til kommentar

Joda medhjelperne kan bli slått ut. Jeg har vært borti at det skjer flere ganger. Men de kan vel ikke dø. Andre karakterer kan derimot dø. Jeg har flere ganger opplevd at en karakter jeg har fått i oppdrag å følge etter eller eskortere, blir drept av fiender på veien. Da feiler oppdraget.

 

Personlig skulle jeg ønske at Hard-vanskelighetsgraden hadde gjort mer. F.eks deaktivert mini-map (det er mulig å gjøre det i options, men på Hard burde det være tvunget av). Muligheten til å bare markere alle quests på kartet burde også være deaktivert. Og menneskelige fiender burde alle angripe deg samtidig, ikke bare stå og vente på at kompisen deres dør á la Assassin's Creed.

 

Kanskje skulle man gjøre slik at companions kan dø også, som da kansellerer alle deres quests. Igjen, nå snakker jeg kun om forbedringer for høyeste vanskelighetsgrad.

Endret av Hr. Jenssen
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Jepp, einig med deg, Hr. Jenssen. Eg hadde likt det om der var fire vanskegradar: Easy - Medium - Hard - Gothic. Ein annan ting eg personleg ville ha foretrukke, var at ein kunne bli truffen medan ein rullar. Slik det er no, kan eg rulle rett inn i ein angripande fiende, eller om og om igjen mot ein vegg, og ingen kan treffe meg. Sjølvsagt, på eit eller anna tidspunkt må eg angripe, men dette med rullinga blir likevel heilt ubalansert. Eg kan t.d. rulle samstundes som eg et mat(!), og sjå helsa mi sakte regenerere utan at nokon kan gjere noko med det. Om dei hadde fiksa dette, trur eg kampanane hadde blitt mykje betre.

 

Uansett, eg har spelt spelet i mange timar i dag, og må seie at eg verkeleg likar det. :) Det er nok ikkje på høgde med Risen, men det er definitivt mykje betre enn Risen 2.

 

For øvrig, å sette igjen medhjelparen min på båten var eit godt valg, ting er ein heilt del meir utfordrande no. Eg havna forresten i ein samtale der han hadde ei vesentleg rolle, og då rusla han frå båten for å delta heilt på eiga hand, so det verkar ikkje som om ein går glipp av noko vesentleg ved å springe rundt åleine.

 

Kay

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Synd at de selv ikke har klart å putte fingeren på det geniale de hadde i Gothic 1-2 (delvis 3 - Risen 1).

 

Enten så virker det som de har msitet touchen helt, eller så har de blitt for opptatt av å selge til flere, siden de nå har klart å skape et vist merkenavn.

 

Det geniale biten med spillene er jo vansklighets graden, at man i starten føler at man er det man skal være, en totalt hjelpeløs mann som må passe seg for alt. Å bygge ham opp er helt opp til spilleren samt hvilken vei man ønsker å ta. Høres videre ut som de heller ikke har klart å fange tilbake det at man kan utføre oppdragene akkurat som man vill, men at de feiler om en dør etc, håper ikke det da menes at man kan gjøre oppdraget igjen (at de respawner) men at man må løse oppdraget på en annen måte. Som feks i Risen 1 der man gjerne kan stjele evnt drepe personen som har nøkkelen man trenger i steden for å gjøre oppdrag man ikke vill gjøre, eller at man rett å slett ønkser å spille som "tyv".

 

Det jeg har likt med nevnte spillene fra den kanten er nettopp at man kan "skape" sin egen handling mot målet (det føles i alle fall slik), virker som de har mistett dette samt fremdeles etter Risen 2 blemmen ønske rå holde det tilgjengelig for massene ved å holde det enkelt. At man ikke kan dø er ikke en Gothic spill for meg :). Mulig jeg får tid til å teste spillet i løpet av denne uken, får se, men må nok gi det en sjangs :).

Endret av simalarion
Lenke til kommentar

Vel, eg vil ikkje seie dei har mista grepet heilt. :) Men der er ingen tvil om at dei har gjort spela sine lettare, og at kampsystema har vore svake i dei to nyaste. Dette er veldig synd, og det skulle ikkje vere naudsynt, med tanke på at:

1. Dei lagde eit svært bra kampsystem i det første Risen

2. Det går an å ha fleire vanskegrader, slik at både amerikanerane og vi andre får ei passeleg utfordring

 

Men på andre område vil eg seie dei har beholdt grepet, eller til og med blitt betre. Ei anna av dei store styrkene i PB sine spel, har vore stemninga, og der vil eg seie dei har truffe blink med Risen 3. Der ser ut til å vere stor variasjon i miljøa ein utforskar, og kvart har si eiga stemning. Eg har for det meste holdt meg på Taranis so langt, men i går kveld tok eg ein tur til Caldera, og det kjennast nesten som å vere attende i Valley of Mines. :D Eg gledar meg til å utforske vidare der.

 

Risen 3 ser ut til å vere svært innhaldsrikt, med tanke på plassar å utforske, karakterar å snakke med, småspel og aktivitetar (sjølv om eg synest dei kunne ha kosta på seg nokre fleire animasjonar). Og når eg omsider er ferdig med alt saman, kan eg starte på nytt og bli med i eit anna laug. Alle dei tre lauga i Risen 3 verkar veldig interessante. Med tanke på omfang, synest eg at eg ser att litt av ambisjonane frå Gothic 3 her. Fråveret av dette var eit av dei få ankepunkta eg hadde mot det første Risen-spelet, men her verkar det som om dei har prøvd å presse grensene igjen.

 

Ein annan ting eg vil nemne er at spelet verkar rimeleg robust, teknisk sett. Etter rundt 15 timar med speling, har eg fortsatt ikkje møtt på nokre opplagde feil. Dette er noko eg synest PB har blitt betre på i nyare tid.

 

Totalt sett kjenner eg at eg berre blir meir og meir nøgd med Risen 3. :) Trass feila, synest eg det er eit verdig PB-spel. Dersom dei kunne ha gjort det slik at fiendar kunne treffe meg medan eg rullar, trur eg kanskje spelet kunne ha nådd heilt opp til PB sine tidlegare høgder.

 

Kay

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Tror nok vil må leve med at også PB må tekkes massene noe. Ser en på anmeldelser der ute og kommentarer fra brukere under disse, fremgår det temmelig tydelig at folk ikke liker kampsystem som gir utfordringer. Hadde du ikke hatt denne muligheten til å rulle uskadd rundt ville slakten trolig vært større. Men jeg er selv enig med deg og liker å ha det en god del vanskeligere enn her. Jeg satte også igjen hjelper mye, men ikke nødvendigvis på båten. Det holder å be NPC stå og vente og gå videre alene.

 

Anmeldere som AngryJoe m.fl og kanskje de fleste spillere liker best kampsystem der hysterisk klikking med musa gir seier. Det er ikke for ingenting at spill som Oblivion, Skyrim og Diablo-serien selger i bøtter og spann. Selv om Risen 3 er betydelig lettere kampmessig enn de eldre titlene til PB, så krever det fortsatt noe av deg og jeg er sjeleglad for at de ikke har gitt opp å faktisk ha en viss tyngde på spillerens evner i kampsystemet. Det er også opp til enhver om en vil utnytte muligheter som ligger i systemet til å få en krykke eller to. Personlig misbruker jeg ikke rullefunksjonen eller muligheten for å spise underveis i kamp (helse går for øvrig vanvittig sakte opp så det ville vært uhyggelig kjedelig) og jeg går for det meste alene i kamp, liker å være ensom ulv. Hvis en NPC tilfeldigvis hjelper meg å ta en fiende føler jeg meg nesten snytt. PB har fortsatt evnen til å gi utfordringer for de som ønsker det heldigvis.

 

Håper bare valg og konsekvenser fortsatt er avgjørende. Dette var temmelig svakt i Risen 2 (til PB å være) og det var for mange åpenbare svar der og du kunne i mange tilfeller klikke deg gjennom alle svarene i dialoger uten at det hadde så store betydninger. I de eldre spillene kunne feil spørsmål eller svar få "fatale" konsekvenser.

 

Jeg har ikke fått spilt Risen 3 så mange timene enda men trives godt hittil.

Hvordan er kvaliteten på musikken utover forresten? Synes den har vært ganske bra hittil i spillet - men er spent på variasjonen utover. Musikken i Gothic 2, 3 og tildels Risen 1 var jo så bra at en kunne spilt spillene bare for musikken :)

Lenke til kommentar

Eg må ærleg innrømme at eg ikkje har lagt spesielt merke til musikken...noko som i seg sjølv kan vere ein indikator på at den ikkje er heilt oppe på nivået til dei spela du nemner. Eg trur dei skifta komponist etter det første Risen, og må seie at eg saknar Kai Rosenkranz. Medan eg ikkje hugsar musikken frå spelet eg spelte mesteparten av helga, klarar eg fortsatt å framkalle temaet frå Gothic 3 i hovudet mitt når som helst. KaiRo er heilt oppe blandt mine absolutte favorittkomponistar, saman med folk som Nobuo Uematsu.

 

Men no kan det hende det at eg ikkje kan hugse musiiken er litt min eigen feil òg. Eg skal prøve å høyre litt betre etter når eg kjem heim. :)

 

Kay

Lenke til kommentar

Ahhhh, musikk, hvilket undervurdert element i spill! Åpningstemaet/skogtemaet fra Gothic 2, samt hovedtema i Night of the Raven, er sannsynligvis noen av mine favoritter. God musikk kan bety som mye som over 50 % av atmosfæren for meg, i hvert fall.

 

Ser ut til at jeg må få meg Risen 3 etter hva dere sier, ser ut til at det er et atskillig mer "inspirert" forsøk enn Risen 2, i hvert fall. Takker for all god innsikt.

Lenke til kommentar

Musikken slo meg allerede i starten. Helt fantastisk soundtrack, med god variasjon. Musikken er vakker om man stopper opp og hører på den, men den kommer aldri i veien for spillopplevelsen. Man blir aldri lei av den, slik man raskt blir i Oblivion/Skyrim (vel JEG ble i alle fall lei av musikken i de spillene).

 

KayAU, du må nok også innrømme at Risen 1 ble ganske dørgende kjedelig mot slutten. Alt man gjorde var å løpe rundt på den nå tomme øya som man for lengst hadde utforsket, for å plukke opp diverse småpjusk i en enorm fetch quest. Og så skulle man ned i noen kjedelige og forvirrende huler før man til slutt kom til siste boss.

 

Vel, Risen 3 sliter IKKE med det samme problemet. Jeg skal ikke spoile noe, men utvikleren har gjort noe klokt for å holde spillet fra å dø ut mot slutten.

I min anmeldelse som nettopp ble publisert, ga jeg spillet 4/5. Det er ikke perfekt, og jeg skulle ønske det fantes en mer Gothic-aktig vanskelighetsgrad, hvor menneskelige fiender ikke venter på at kompisene skal dø á la Assassin's Creed, og hvor man ikke bare kan markere et quest på kartet og se hvor den hemmelige karakteren eller gjenstanden befinner seg. I markedsføringen til spillet så hevdes det at det ikke er noen håndholding, men måten quest-markeringen gjøres i Risen 3 er like patetisk som i Oblivion og Skyrim. Man må ikke lenger høre på hva folk sier. Bare skip all dialog, marker questen og man vet nøyaktig hvor man skal gå. Teit.

 

Utover dette synes jeg spillet var fantastisk. Jeg har spilt det i 30-ish timer, og jeg har kost meg hele veien gjennom. Enda ikke Gothic 2-oppfølgeren vi alle venter på, men et godt spill i seg selv likevel.

Lenke til kommentar

Risen dabba litt av mot slutten, det stemmer nok. Risen 3 ser til samanlikning ut til å ha vesentleg meir å utforske. I går kveld fekk eg oppleve litt meir av Calador, som som nemnt har ei heilt anna stemning enn Taranis. Mørkare, og med meir humor. Likte veldig godt å slå av ein prat med Burke. :)

 

Når det gjeld musikken, er den litt meir i bakgrunnen samanlikna med t.d. Gothic 3. Han passar fint inn i spelet, men eg må nok innrømme at eg saknar sterkare og meir minneverdige tema. Der synest eg KaiRo var betre. Ta desse døma frå Gothic 3 og Risen:

 

https://www.youtube.com/watch?v=KE46cXmaX5I&index=4&list=PL0D4A829BCF44A2ED

 

https://www.youtube.com/watch?v=oX9dkvrjPFs&index=6&list=PLC00C3ABEAC7354FC

 

4 av 5 verkar omtrent riktig for meg òg. Eg kunne godt tenke meg å lese omtalen din, kor kan eg finne han? :)

 

EDIT:

Ok, eg må innrømme at eg likar dette òg: :)

https://www.youtube.com/watch?v=k3xxckivBEY&t=62m58s

 

EDIT2:

Eg ser at å linke til tidskode ikkje fungerar inne i eit innlegg. Temaet eg snakka om startar på 1:02:58.

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

 

 

KayAU, du må nok også innrømme at Risen 1 ble ganske dørgende kjedelig mot slutten. Alt man gjorde var å løpe rundt på den nå tomme øya som man for lengst hadde utforsket, for å plukke opp diverse småpjusk i en enorm fetch quest. Og så skulle man ned i noen kjedelige og forvirrende huler før man til slutt kom til siste boss.

 

 

Det var nok det største problemet ja, at spillet døde ut på slutten (rett å slett). Ikke bare var alt utforsket fra før men questene var heller ikke veldig fengende selv om de i motsetning til Skyrim hadde en rød tråd i seg i det minste, det ga litt mening(om jeg husker det rett nå). Skyrim har jo bare random Quest de kaster rundt samt man kan bli alt man vill, ingen logiske begrensinger. Videre husker jeg Boss fighten i Risen 1 som noe som ikke brude vært der i det hele tatt, noe som mer hørte til et Super Mario spill for å sette det på spissen, så nei slutteni Risen 1 Slutten var ikke bra i mine øyne.

 

Har bestemt meg for på starte på Risen 3 i dag når jeg er ferdig på jobb\trening. Alene hjemme denne uken så mye tyder på at det blir en del spilling samt dårlig kosthold :). Siden flere her som er kjent med Gothic serien fra før går god får spillet (ikke noe særlig mer men) så må det være verdt å kjøpe... Vi får se :).

Endret av simalarion
Lenke til kommentar

Risen dabba litt av mot slutten, det stemmer nok. Risen 3 ser til samanlikning ut til å ha vesentleg meir å utforske. I går kveld fekk eg oppleve litt meir av Calador, som som nemnt har ei heilt anna stemning enn Taranis. Mørkare, og med meir humor. Likte veldig godt å slå av ein prat med Burke. :)

 

Når det gjeld musikken, er den litt meir i bakgrunnen samanlikna med t.d. Gothic 3. Han passar fint inn i spelet, men eg må nok innrømme at eg saknar sterkare og meir minneverdige tema. Der synest eg KaiRo var betre. Ta desse døma frå Gothic 3 og Risen:

 

Musikken i Gothic 3 var utrolig vakker, men jeg synes at fordi den nettopp IKKE var i bakgrunnen like mye, så ble jeg raskere lei av den. Vista point låta er den peneste i hele lydsporet, og det finnes flere andre som er greie også. Men fordi de er så "tydelige", så merkbare, blir det litt mer slitsomt når man skal spille spillet i 20, 30, 50 timer eller mer. Til sammenligning synes jeg Risen 3 sitt soundtrack finner et perfekt sted mellom det å være fint orkestralsk, ikke for langt ute i bakgrunnen, og heller ikke i veien for spillopplevelsen.

 

Anmeldelsen finner du her. Tenkte ikke å linke til den opprinnelig, føles litt ut som billig reklame, liksom. :)

Lenke til kommentar

Det må no vere lov med litt reklame av og til. :) Dessutan har vel dei fleste av oss her i tråden ein liknande spelsmak, so då er det ekstra interessant å sjå kor du skriv dine omtalar. Eg synest forøvrig omtalen av Risen 3 var grundig og god. Basert på det eg har sett so langt, trur eg at eg kjem til å ende på ein liknande konklusjon, med ein poengsum rundt 7 eller 8 av 10 (på min eigen, temmeleg strenge skala, der Gothic 2 med NotR fekk ein 9-ar, og det ikkje har vore nokre 10-arar enno).

 

Kay

Lenke til kommentar

Testet et pr timer, så langt er det helt Ok. Noe som iriterer meg er at jeg i starten hadde på følelsen av å være på tur med White-trash porno stjerner, "Patty" var i så måte et passende navn. Man kunne heldigvis velge å gå på egenhånd, det hjalp betraktelig, må inrømme at jeg heller ikke synes det var så vedlig lett (som nevnt i tråden) men kan være at det ble vanskligere etter jeg innstallerte en patch på 1.6 gb ?, jeg vet ikke, men jeg har ikke opplevd det som spesielt lett, bortsett fra helt i starten der man bare ble auto healet, det var veldig u-likt spill fra den kanten, helt på kant med Gothic 3 :).

 

Men det virker som spiller åpner seg raskt å faller litt tilbake på slik jeg kjenner Gothic serien, så det ble mer lovende etterhvert. Traff forrøvrig rett på en bugg der jeg ikke fikk hentet Heavy Packet til Githrid (han som sutrer over å ha mistet tingene sine), det er rett å slett ikke noe inngang til 1.etasje, så jeg måtte bruke Pappegøye trikset for å fly inn der, var nesten u-mulig å finne ut av, men så det etter jeg googlet det.

 

Hovedkarakteren er fortsatt for Harry i kjeften for min smak (selv etter Patty forsvant), ikke på en kul måte , jeg sliter rett å slett med å like ham. Selv etter at Pornodronningen Patty forsvant. Man kan jo velge å svare høfflig men i Cutscenes etc hopper man ofte rett over på Fuck this and Fuck that.. sliter med å få sympati\like en som oppfører seg mest som en bølle fra ungdomsskolen evnt en Hooligans.

 

På den Positive siden virker det som spillet nå etterhvert åpner seg til å ligner mer spillene jeg ble fan av fra den kanten. Grafikken liker jeg faktisk veldig godt, det er en fryd å gå rundt å utforske på Øya(ne). Virker også igjen som det er helt åpent hvor man havner, samt hva man blir, jeg liker veldig Godt at det er tilbake, om det fortsetter slik blir det bra. Jeg har nå mange retninger, jeg antar at om jeg velger en av dem blir det min skjebne å andre quest valg blir stengt for min karakter. Har i alle fall nå mange valg som virker som er helt avgjørende for hvilken vei karakteren tar, samt da eskluderer andre valg\quests.

 

Gleder meg til å spille videre i kveld, tror det bare blir bedre herfra. Virker slik.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...