Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Sende penger i posten


Jooakim

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Dette er fastsett som føresegn frå UPU (Universal Postal Union, ein postunion alle seriøse land er med i no) som eit vilkår for brevsendingar som kryssar landegrenser, og postverk godkjente i landa tilslutta UPU har heimel for (men ikkje plikt til) å fastsetja same regel for innanlandsbrev. Noreg har vore medlem av UPU sidan starten i 1874, og vilkåret vart sett få år seinare, så det er ikkje nett nye reglar. Reglane gjeld alle typer pengar, og i tillegg alle typer verdipapirer som kan verta gjort om til pengar av kven som helst på ein open marknad (til dømes frimerker eller unamna sjekkar/obligasjonar) og som er over ein minimal sum, uttrykt som ei viss mengd sylv. I Noreg trur eg summen pt er fem kroner.

 

Regelverket for Posten Norge er sett i transportvilkåra, som er i samsvar med dei vedtekne UPU-føresegnene. Var dei ikkje det siste ville faktisk ikkje land vera forplikta til å vidaretransportera eit utanlandsbrev. Det er faktisk UPU-vilkåra som fastset slikt som ein raskare post (A-post i Noreg) med blå etikett og ein meir saktegåande (B-post i Noreg) med grøn etikett og.

 

Kan jo ellers nemna at før UPU-tida kunne du ikkje gjera opp eit brev frå til dømes Oslo til København med norsk utanlandsporto. Då var portoen for det brevet som "norsk innanlandsporto + svensk innanlandsporto + transport over Øresund + dansk innanlandsporto". Ein temmeleg komplisert sak å rekna ut for ein postfunksjonær utan ting som telefon, internett og kalkulator, og i ei verd med både ulike valutaer og ulike vekteiningar (Noreg og Danmark hadde til dømes "lod" som vekt då, medan svenskane hadde noko anna). Kva utrekning (og portorekning!) ein hadde på eit brev til India eller Australia kan ein jo berre førestella seg...

  • Liker 4
Lenke til kommentar

Hei og takk for et utfyllende svar. Siden du kun nevner UPU-avtalen, så regner jeg med at det ikke står noe om dette i Norges Lover?

Det gjer det ikkje, men konkret står det i gjeldande UPU (delen om brevpost, seksjon G) at mellom anna dette er forbode i postsendingar (UPU er på fransk, som er det internasjonale postspråket (er du i tvil om det skal du sjå kva UTANLANSK språk som står i tillegg til det norske på til dømes ein B-postetikett!) men Google tilbyd omsetjing om du ikkje les fransk.)

 

6. Pièces de monnaie, billets de banque et autres objets de valeur

6.1 Il est interdit d’insérer des pièces de monnaie, des billets de banque,

des billets de monnaie ou des valeurs quelconques au porteur, des

chèques de voyage, du platine, de l’or ou de l’argent, manufacturés

ou non, des pierreries, des bijoux et autres objets précieux:

6.1.1 dans les envois de la poste aux lettres sans valeur déclarée;

6.1.1.1 cependant, si la législation nationale des pays d’origine et de destination

le permet, ces objets peuvent être expédiés sous enveloppe close

comme envois recommandés;

6.1.2 dans les colis sans valeur déclarée, sauf si la législation nationale des

pays d’origine et de destination le permet;

6.1.3 dans les colis sans valeur déclarée échangés entre deux pays qui

admettent la déclaration de valeur;

6.1.3.1 de plus, chaque Pays-membre ou opérateur désigné a la faculté d’interdire

l’insertion de l’or en lingots dans les colis avec ou sans valeur

déclarée en provenance ou à destination de son territoire ou transmis

en transit à découvert par son territoire; il peut limiter la valeur réelle

de ces envois.

Det er i same seksjonen av regelverket du finn reguleringar for/forbod mot alt frå narkotika/medisin via levande dyr til "umoralske artiklar".

 

At Noreg skal søkja seg tatt opp som medlem av UPU og underleggja seg lovverket her (som ein alltid kan reservera seg frå kva gjeld einskildpunkt, men då skal det gå klårt fram av gjeldande UPU - som gjeld for nokre år om gongen - AT et land har reservert seg kva gjeld punkta.......) står i ei gamal lov frå 1870-talet. Om ho er med i "Norges Lover" no eller er teken ut sidan ho ikkje har "praktisk tyding" veit eg ikkje, men ho stod i alle høve nemnt i overskriftsform utan detaljar i utgåve frå 1960- og 1970-talet.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Det er ikkje ulovleg å sende penger eller andre verdigjenstander i posten (heller ikkje andre land som USA har forbud mot dette). Men det er eit brudd på transportvilkåra til posten å sende verdier utan å merke det som verdibrev.

 

Du kan derfor heilt fritt sende penger i som brev utan å risikere straff, men du gjer dette på eigen risiko sidan posten ikkje påtar seg ansvaret når du ikkje har oppgitt at det er snakk om eit verdibrev.

 

Det at det er forbudt å sende penger i posten er med andre ord ei myte, men regelen i transportvikåra er godt begrunna med at heller ikkje i posten er alle ansatte ærlige så ein kan risikere at brevet blir stjålet dersom den som håndterer brevet merker at det inneheld noke av verdi. I tillegg ønsker ikkje posten å utsette seg for faren for blandt annet ran som kan oppstå dersom mange sender penger og andre lettomsettelige verdier som usikkra post.

Lenke til kommentar

Det at det er forbudt å sende penger i posten er med andre ord ei myte,....

Jaha, du er altså ikkje i stand til (sjølv med translate.google.com si hjelp) å lesa UPU-vilkåra - som har LOVKRAFT i Noreg? Vilkåret det er snakk om er sitert i innlegget rett over ditt...

 

Du kan senda verdipost, det er heilt rett - men berre innanlands (http://www.posten.no/produkter-og-tjenester/brev-og-frimerker/verdibrev). NETT av di gjeldande UPU har lovkraft. Ho opnar derimot for PENGETENESTA "verdipost" (som vert regulert av føresegna om pengesendingar, ikkje av føresegna om brevsendingar!) i land som spesifikt GODTEK det. Noko altså Noreg gjer, men INGEN naboland - og difor kjem aldri det brevet vidare.

 

Skal ein trekkja omgrepa langt nok kan ein for så vidt senda "penger i posten" gjennom å nytta posten si tilvisnignsteneste (som er samkøyrd med bankane si, og Posten Noreg opptrer her i dag på vegne av DnBNor) og - men eg trur knapt det var DET TS tenkte på...

Lenke til kommentar

"Lovkraft", Atlanterhavet? Postloven ble revidert i 1994, og da ble postordningen du sikter til opphevet (at Postkonvensjonen kunne få virkning som nasjonal lov).

 

(Verdenspostkonvensjonen fra 1994 fastslår også såvidt jeg kan se at det bare er uforsikrede brev som ikke kan inneholde slike verdier. Fra samme år er for øvrig fransk og engelsk likestilt som språk i postsammenheng.)

  • Liker 1
Lenke til kommentar

"Lovkraft", Atlanterhavet? Postloven ble revidert i 1994, og da ble postordningen du sikter til opphevet (at Postkonvensjonen kunne få virkning som nasjonal lov).

Kjelde? Det vart vedteke då Noreg gjekk inn i UPU at ein underla seg UPU sitt regelverk for postsendingar, og eg kan ikkje sjå at dette er oppheva - altså må det framleis vera gjeldande lov. UPU verkar og til å føresetja det same...

 

(Verdenspostkonvensjonen fra 1994 fastslår også såvidt jeg kan se at det bare er uforsikrede brev som ikke kan inneholde slike verdier.

UPC er ikkje UPU - og siste UPU er frå 2009 og vedteken i Bern...

 

Fra samme år er for øvrig fransk og engelsk likestilt som språk i postsammenheng.)

Ja, i UPC - men ikkje i UPU.

Lenke til kommentar

"Lovkraft", Atlanterhavet? Postloven ble revidert i 1994, og da ble postordningen du sikter til opphevet (at Postkonvensjonen kunne få virkning som nasjonal lov).

Kjelde? Det vart vedteke då Noreg gjekk inn i UPU at ein underla seg UPU sitt regelverk for postsendingar, og eg kan ikkje sjå at dette er oppheva - altså må det framleis vera gjeldande lov. UPU verkar og til å føresetja det same...

 

Postloven av 1994 § 26.

 

(Verdenspostkonvensjonen fra 1994 fastslår også såvidt jeg kan se at det bare er uforsikrede brev som ikke kan inneholde slike verdier.

UPC er ikkje UPU - og siste UPU er frå 2009 og vedteken i Bern...

 

Det forklarer hvorfor fortalen til Verdenspostkonvensjonen av 1994 har direkte referanser til UPU-konstitusjonen fra '64...

 

Fra samme år er for øvrig fransk og engelsk likestilt som språk i postsammenheng.)

Ja, i UPC - men ikkje i UPU.

 

Nå får du gi deg.

Lenke til kommentar

Postloven av 1994 § 26.

Ja, han lyder: " Fra den tid loven trer i kraft gjøres følgende endringer i andre lover: – – –" Kan du finna noko lov om tiltreding i UPU frå 1874 her? Det er ei mengd oppheva lovar i samband med den paragrafen, frå postforordninga av 1697 til einingsportolova av 1851 - men ingen av dei oppheva paragrafane gjeld tilslutninga til UPU det eg kan sjå....

 

Det forklarer hvorfor fortalen til Verdenspostkonvensjonen av 1994 har direkte referanser til UPU-konstitusjonen fra '64...

Sjølvsagt: UPC sitt arbeid er eine av fire søyler for UPU sitt arbeid - men det er tre andre (og like viktige) att. Og UPU er altså IKKJE UPC sjølv om arbeidet til UPC er av søylene for arbeidet. Difor har UPU referansetekst frå UPC i skråskrift i sine dokument - og det aller meste der er IKKJE i skråskrift...

 

Ja - og kva SEIER no den linken (som gjeld UPU)? "French is the official language of the UPU. English was added as a working language in 1994." Er "official language" og "working language" likestilte?

 

Fram til i 1994 (trur sjølv det var til 1.1.95 - men skiftet vart i alle høve vedteke i 1994) var fransk UPU sitt EINASTE språk. No har ein fått eit hjelpespråk, engelsk - men dei språka er PÅ INGEN MÅTE likestilte i UPU! Difor er FRAMLEIS fransk føreskrive språk på internasjonale postblankettar, og "autoristert språk" i postal samanheng - sjølv om engelsk OG kan nyttast der det finst tenleg. Altså: Du kan alltid byta engelsk med fransk i postal samanheng, men slett ikkje alltid fransk med engelsk. Ergo IKKJE likestilte språk.

Lenke til kommentar

Det har seg vel slik at det ikke er lov å sende penger i posten. Jeg finner ikke noe om dette i postloven, så jeg lurer litt på hvor det eventuelt står og under hvilken paragraf.

 

Lov om postvesenet § 13 hadde et forbud mot å legge penger i postforsendelser uten å angi verdien, og § 27 punkt 5. satt straffen til bøter. Loven var i kraft mellom 1/8-1929 og 1/7-1997, for så å bli erstattet av postloven som ikke inneholder et tilsvarende forbud.

 

"§ 13. Penger må ikke legges i postforsendelser uten at verdien angis. Det sammen gjelder frimerker og tjenestemerker til større verdi enn 5 kroner.

 

Dog kan Kongen eller den han bemyndiger, bestemme at penger, frimerker og tjenestemerker inntil et bestemt beløp skal kunne legges i rekommanderte forsendelser uten angivelse av verdien, når de regler som gjelder for omslag og forsegling av verdibrev iakttas.

 

Det er forbudt å angi en postforsendelse til høiere verdi enn den virkelige. [...]

 

§ 27. Hvis ikke strengere straffebestemmelser kommer til anvendelse, straffes med bøter [...]

 

5) den som innleverer til postførsel postsending som inneholder penger, eller som inneholder frimerker eller tjenestemerker til verdi over 5 kroner uten å angi verdien, eller rekommandert sending som inneholder penger, frimerker eller tjenestemerker til høyere verdi enn tillatt i slik sendinger, eller som medvirker til det, jfr. § 13, [...]"

 

Se http://www.w3.org/People/howcome/lover/1928-06-08nr2.html for hele "Lov om postvesenet" (opphevet).

Endret av what_no2000
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...