Gå til innhold

FINALE: De beste rollespillene!


FINALE!  

2 stemmer

  1. 1. FINALE 1!

    • The Elder Scrolls spillene
      68
    • Final Fantasy spillene
      35
    • Baldur's Gate spillene
      37
  2. 2. FINALE 2!

    • Mount & Blade
      37
    • The Witcher
      30
    • Mass Effect
      73


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Her er mi liste:

Eg bør kanskje nemne at for meg så er grafikk ikkje akkurat unødvendig, men eit stykke nede på lista over dei tinga eg ser etter. Så lenge den klarer å formidle ein atmosfære og kva som skjer rundt deg er eg nøgd. For meg er ikkje Diablo eit rollespel- det er ser etter er eit spel der du inntar ein rolle og nøster opp i eit eller anna mysterie. Det skal vere masse dialog og dine handlingar skal ha konsekvensar. Spelbarhet er kanskje feil ord, men det eg meiner er kor lett det er å styre karakteren din, i kamp og ellers. Er inventory innvikla kan dette også trekke ned.

PS: Godt mulig at karaktersettinga ikkje samsvarar med plassering. Enkelte spel kan ha det lille ekstra, ein x-faktor om du vi(her kan grafikk, musikk, o.l spele innl. Det vil desverre ikkje komme fram

 

1. Fallout 1&Fallout 2. Mange ville nok skilje dei, men eg synest ein nesten må spele det eine for å spele det andre.

Fantastisk bra historie. Utallige forskjelllige oppdrag du kan ta som FÅR konsekvensar.

Atmosfære:6

Spelbarhet:4

Historie:6

 

2. Planescape Torment

Eg sjuk historie, spesielt av eit rollespel som ikkje er europeisk. Amerikanarane virkar å heller gå den sikre stien til vanleg. Utruleg med dialog, mange hatar vel det, eg er ikkje ein av dei. Fascinarende historie, eit av få spel der eg ikkje har ana kva som er "mysteriet" før siste fjerdedel av spelet.

Atmosfære:6

Spelbarhet:4

Historie:6

 

3. Baldurs Gate 1: (delt med Mass Effect)

Tar kun med einare på lista mi, toaren er meget bra, men for min del ødelagte det litt at ein startar høgt oppe i level. Litt av sjarmen er å bygge seg opp.

Var ung når eg satte BG1 i cd-romen også, men hugser det som eg spelte det i går.

Atmosfære:5

Spelbarhet:4

Historie:5

 

3. Mass Effect(delt med BG1)

God historie, artig kontrollsystem, men desverre litt for lineært. Litt for bestemt kor du kan gå og kven du kan snakke med.

 

Atmosfære:4

Spelbarhet:5

Historie:5

 

4:Arcanum: Of Steamworks and Magick Obscura

Diverre, i mine auge, ei oversett perle. Fått ufortjent mykje pepper, spesielt for gameplayet. For min del var det omtrent som BG. Eg likar spesielt godt atmosfæren som er litt meir realistisk enn BG-spelar. Her er tog, teknologi og aviser du kan kjøpe.

Atmosfære:5

Spelbarhet:4

Historie:5

 

5.

Fallout 3.

Litt rart å sette dette spelet på 5.plass. Hadde utruleg mykje morro, men direkte sjokkert når det slutta. Trudde eg hadde mykje igjen av spel igjen. Bethesda har gjort mykje bra. Ting ser bra ut, men det virkar som dei har brukt for mykje tid på å lage verdenen stor, heller enn å gje den substans. Slutten er forderdeleg, i mine auge, og så langt har ikkje DLC bydd på noko minneverdig( dlc med i vurderinga) . For meg har Bethesda bomma på det som gjorde einaren og toaren så fantastiske og vore meget dyktige på det som gjorde dei samme spela "dårlige". Tenker då på 3d, grafikk, henchmen som kan slåst(sjølv om ikkje alle er enige der). Eg er desverre ikkje av typen som likar å springe rundt tilfeldig i ein spelverden ( i allefall ikkje i lengden) Det må ein nesten i Fallout 3 for å ha fullt utbytte.

 

Atmosfære:5

Spelbarhet:5

Historie:3

 

 

6.KOTOR 1&2:

Sette dei i lag fordi eg ikkje heilt klarar å skille dei. Ei stund sidan eg spelte dei. Er jo meget heldige som har eit velkjent univers å forhalde seg til, så lettare å skape ein atmosfære enn i mange andre spel. Historien er bra i begge, men det faller på lista mykje på grunn av å vere ekstremt lineært.

 

Atmosfære:5

Spelbarhet:4

Historie:4

 

7. Witcher.

 

Atmosfære:6

Spelbarhet:3

Historie:4

 

Den mest positive overraskelsen for meg i nyare tid. Litt knotete kontrollar, historien er høveleg bra, men det som eg liker spesielt er atmosfæren. Mørkt, ondt og skittent. Håpar på ein oppfølgar.

8. Daggerfall og Morrowind

(Oblivion har eg ikkje prøvd enno.)

 

Kritiserer når spel er for lineære, men av alle ting var dette spel som for meg blei for lite lineære. Har ikkje runda hverken Daggerfall eller Morrowind, brukte heller tida på sideoppdrag og utforsking. For meg fungerte grep som f.eks tidsfrist i Fallout 2(?) meget bra for å hindre at eg ikkje stoppa all progresjon i hovudoppdraget. Siteoppdraga i Elder Scrolls spela manglar litt for lite dybde. KJenner at eg ikkje bryr meg samme korleis utfalle vil bli.

 

Atmosfære:3

Spelbarhet:4

Historie:3

 

Sikkert mange uenige, men dette var nå mine tankar. Forøvrig ser eg for meg at Dragon Age kan klatre til pallplass om det kjem til å innfri forventningane. Historien virkar fengande og du har mykje dialog/historiar å bryne deg på.

Lenke til kommentar

Dette var i alle fall vesentleg enklare når det gjeld seriar...sidan Gothic er vekke, blir det Final Fantasy.

 

Når det gjeld enkeltspela, har eg berre so vidt prøvd Mount & Blade. Mass Effect og The Witcher har eg spelt igjennom. Eg synest begge var brukbare. The Witcher hadde veldig god visuell design, ei kurant historie, og interessant karakterutvikling (alle valga er innanfor samme "klasse", og det er ei ganske uvanleg ei). Mass Effect var meir standard på mange måtar, men det var vellaga og underhaldande, og stemninga var ikkje fullt so deprimerande. Totalt sett trur eg at eg hadde mest moro med Mass Effect.

 

Då blir det Final Fantasy og Mass Effect her.

 

Kay

Lenke til kommentar
Stemte på Final Fantasy såklart og The Witcher. Merkelig at The Elder Scrolls topper listene. Sikkert bare fordi folk bare har prøvd Oblivion *plystrer* :rolleyes:

Du er nok inne på ein viktig grunn til at slike avstemmingar ikkje er verdt so mykje...mange her har nok ikkje prøvd dei fleste av spela som stod på lista. Då blir det ikkje kva rollespel som er best ein måler, men heller kva som har nådd flest av dei spurte.

 

Med den relativt lave gjennomnsnittsalderen på dette forumet, blir det spesielt misvisande. Dersom du vil vite kva som er verdas beste rollespel, er det ingen vits å spørje nokon som har WoW og Oblivion som det nærmaste som kan kallast rollespelerfaring.

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Det ble Final Fantasy og Mass Effect for min del.

 

Litt døvt i at Finale 1 er det kun veletablerte og gamle serier, mens i Finale 2 er det kun nyere spill, som ikke har fått oppfølgere. Jeg mener for min del, så knuser hvilken som helst serie i Finale 1 hvilket som helst spill i Finale 2.

 

Eller har jeg misforstått og at vi stemmer separat på beste serie og beste spill?

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...