Gå til innhold

Canon Ef 50mm 1.4 med ødelagt fokusmotor(?)


Anbefalte innlegg

Har eit Canon EF 50mm 1.4 versjonen, som er to-tre år gammalt og som har vore eit av favorittobjektiva mine, til tross for at bruken har vore litt på og av. I februar var eg ein tur til London og tenkte at det ville vere ei fin anledning å få brukt det til litt gatefoto og hadde med meg både SLR med svart-kvitt film og DSLR. Prøvde først på SLR'et, men fekk av ein eller annan grunn ikkje til å fokusere. Tenkte ikkje så mykje over det der og då, men når eg seinare prøvde objektivet på 50D'en min så var resultatet det same. Det er litt nøkking i fokusringen, som om objektivet prøvar å byrje fokuseringa, men deretter gir opp ganske umiddelbart. Eg ser etterkvart at det prøvar såvidt å fokusere mellom uendeleg og tre meter, men at den ikkje klarar å gå noko under tre meter. Eit anna problem er at det ikkje går an å fokusere manuelt lenger, anna enn mellom den same distansen som objektivet "fokuserer" automatisk. Det går greit å snu fokusringen rundt, men det skjer likevel ikkje noko inne i objektivet når ein kjem under fokus for tre meter.

 

Er det nokon som har vore borti noko liknande? Objektivet har vore godt passa på og er pent brukt, så det skal ikkje vere nokon særskildre grunnar i forhold til bruken som gjer at det har problemer. Eit anna spørsmål er jo om det vil vere lønt å skifte det ut. Dersom det er noko som kan ordnast, så vil vel gjerne det koste eindel? Då kan det kanskje vere like greit å sjå etter eit anna objektiv? Er det forresten nokon i Bergens-området som tek på seg å ordne med Canon-objektiv?

 

Takk for svar.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Mitt har ikkje ramla i bakken, så trur ikkje det er det som gjer det. Solblendar har eg aldri hatt til dette objektivet, då det ikkje fulgte med når eg kjøpte det. Men det må nesten vere nokonlunde skjøre greier ja, om den skal ha blitt ødelagt av den bruken det har vore utsett for.

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Tør du reparere selv? det hadde jeg gjort (og har testet det på 17-85mm min:))

 

http://www.clubsnap.com/forums/threads/475106-Canon-EF-50mm-F1.4-Disassembly-Procedure

 

Det er en skrue eller noe som har falt ut av sporet sitt... i forhold til 17-85mm'ern så ser dette ut som en ganske rett frem sak. Bruk hodet, ha orden og vær forsiktig... har du gjort noe liknende før? Da går det fint nå også antar jeg:)

 

ServiceProffen er ikke proffe med kundeservice, så vet du det.

Lenke til kommentar

Canon 50mm F1.4 er et eldgammelt objektiv (1993), og fokusmotoren er kjent for å ryke på disse.

Ville vurdert f.eks sigma 50mm F1.4 som har en langt nyere og mer robust konstruksjon.. Det er i tilleg skarpere på full blenderåpning.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...