Gå til innhold

Kaffistova


Mr. A

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Forresten, til enixitan, eg trur ikkje det blir brukt så mykje "de" i nynorsk? Skriv heller du eller dykk. :)

 

Jo, de er svært vanleg - det er òg svært vanleg å ikkje kjenne til skilnaden mellom de, De og dykk. Du er 2. person eintal, den er me ferdige med. De (ikkje stor forbokstav, men første ord i setning overstyrer) er 2. person fleirtal, dykk er objektform av denne. Den høflege forma De er rett nok ikkje vanleg å bruke, men det er heller ikkje den eg har brukt.

 

Nynorsk de og De vert uttala med e-lyd, i bokmål uttalar ein dei med i-lyd.

 

Stryk de eller dykk, for å lage ein korrekt setning:

- Kosar de/dykk de/dykk?

- Kan de/dykk vere stille?

- Eg kan ikkje fordra de/dykk.

- Korleis klarer de/dykk det?

- Er det de/dykk som har laga kaka?

Endret av enixitan
Lenke til kommentar

 

Hei

 

Velkomen til Kaffistova. Dette er ein kafé svært lik Den store forumkaféen, men her skal de prøve så godt de kan å skrive på nynorsk.

 

Om de har ein gratis omsetjar for bokmål-nynorsk, send meg gjerne ein PM, så kan eg lenkje til den her.

 

Lukke til.

 

Omsetjing og generell betring. Elles har svelemoe gode råd.

 

Korrekt etter det eg kan sjå.

 

Eg har nynorsk som hovudmål, og kan ikkje hugse sist gong eg skreiv ein stil der noko av det grammatiske måtte rettast. Eg veit ikkje ein gong om eg nokon gong har fått ein einaste merknad på nynorsken min i skulesamanheng. Og ja, eg er ferdig med tre år studiespesialiserande på vgs.

Lenke til kommentar

eg like best å bruka deke når eg snakke iallefall, men da er vel kanskje dialekt, eller blir da brukt i skriftspråke til nynorsk?

 

Kosar de dykk?

- Kan de vere stille?

- Eg kan ikkje fordra dykk.

- Korleis klarer dykk det?

- Er det de som har laga kaka?

 

eg låg vel mellom 3 og 4 i nynorskkarakter på skulen. Rauk ofte på at eg skreiv meir dialekt enn nynorsk :p

Lenke til kommentar
Gjest medlem-1432

Eg har jo ikkje gått på noko videregåande skule, så eg gjekk opp som privatist og tok eksamen no i vår. Den fekk eg 2 på. Så tenkjer at eg vil prøve og forbeitre den karakteren.

Lenke til kommentar

Kva er dykkers nynorsk karakterar, om eg får spørja?

 

Nynorskkarakteren min varierer frå år til år. På ungdomsskulen fekk eg berre 2 og 3, men det har vore noke betre no som eg går på vidaregåande skule. Han ligg rundt 4-5 no som eg byrjar i 3. klasse, men eg skal prøve å ta han opp til 6 innan skuleåret er ferdig. Eg kan ikkje gjere noko anna enn å bare øve og skrive så mykje nynorsk som mogleg tenkjer eg. :p

Lenke til kommentar

Kva er dykkers nynorsk karakterar, om eg får spørja?

 

Nynorskkarakteren min varierer frå år til år. På ungdomsskulen fekk eg berre 2 og 3, men det har vore noke betre no som eg går på vidaregåande skule. Han ligg rundt 4-5 no som eg byrjar i 3. klasse, men eg skal prøve å ta han opp til 6 innan skuleåret er ferdig. Eg kan ikkje gjere noko anna enn å bare øve og skrive så mykje nynorsk som mogleg tenkjer eg. :p

 

Det hjelp ikkje å skrive dersom du ikkje har nokon som kan rette på deg veldig ofte.

Og så er det svært viktig å lese mykje. Are Kalvø er eit eksempel på ein glimrande nynorskforfattar.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...