Gå til innhold

0ter

Medlemmer
  • Innlegg

    42
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av 0ter

  1. Det har i internettspheren lenge vore ein etablera sannheit at ein ikkje skal gjenopplive gamle trådar - for min del har eg aldri funne noko god grunn for at det må vera slik. Eg er jau uansett ny på forumet så berre kjekt når nokon dreg fram trådar som elles hadde vore usette i det uendelege arkivet.
  2. Kva meiner du ein burde ha omsett "battle of the five armies" med?
  3. Det skriv dei i artikkelen òg. Å rekna ut frå ordinær pris er det enklaste, å finne ut kor mykje ein eigentleg har betalt krev vel å lese gjennom alle kvitteringar og reikne manuelt. Sjølvsagt mogleg, men tidkrevjande – og kanskje ikkje eit særleg mykje meir interessant samanlikningsgrunnlag, det blir då berre lågare totalsummar for alle.
  4. "Power" kan i nokre kontekstar oversettast med "makt", men med "kraft" i andre. Når det kjem til desse ringane så gjev dei bærarene overnaturlige krefter. At bærarane av ringane også er mektige kjem tildels av at dei vart smidd av mektige personar for å gje krefter og har gått i arv mellom slike sidan, men òg at overnaturlige krefter gjev makt. Den mest intuitive oversetjinga av "The Rings of Power" er derfor etter mi meining "Kraftringane". Gollum gjekk med Den eine ringen i fleire hundre år, det gjorde han ikkje mektig, men det gav han ulike krefter og eigenskapar. @HNetrom
  5. Steam har òg eit bygt inn system for å dele spel.
  6. Eg tykkjer du har eit godt poeng her. Men har ein spel til 200 000 kan ein nok selge kontoen og få noko att, sjølv om det er ein brøkdel berre.
  7. Såvidt eg hugsar så er all eksport-profitt øyremerka til utenlandskablar, altså til å betale ned låna på dei som er bygd og til å bygge fleire kablar når dette er gjort. EU ynskjer mest mogleg fri flyt av straum, sidan det tjener dei mektige kraftselskapa best.
  8. Mogleg dumt spørsmål, men kva skjer om nokon vedgår å ha slege ein annan, men meiner at personen fortente det? Er det då å rekna som ei vedgåing av straffeskuld?
  9. Ny singel frå Warlocks, skive på veg. Warlocks - Graff-Life Greier me å identifisere dei på biletet? Eg trur det er f.v. Hawk, Diaz, ?, Ken Ring, Tech Rock, Karma (to seiste er tvillingar). Usikker på kven som sit, så to "?" frå meg.
  10. Eg vil seia absolutt, dessutan er Civ 5 og 6 noko lettare å like for nye spelarar enn kapitla før. Den største faren er vel at du blir hekta og at spelet et vesentleg meir av tida di enn planlagt, du er herved åtvara.
  11. Kvaliteten er så som så, som er å forvente. Men ja, journaliststanden i Noreg er diverre i det heile ute av stand til å finne årsakssamanhengar, eller eingong sjå på dette som ein del av jobben sin. Ein kan meine det er bra Furevik gjer eit slags forsøk, men det må òg vera akseptabelt at aktørar i spelbransjen peikar på at økonomien deira er pressa, trass i høge prisar, i møte med ein slik kommentar. Furevik bjeffar nok tildels opp i feil tre, sjølv om eg trur det finnast eindel AAA-spelfirma som tek seg for godt betala. Inflasjonen i Noreg skuldast i røynda høg prisvekst i verda dei seiste åra, men òg at krona er så svak. Våre politikarar er meir opptatt av å tekkast kvart minste EU-krav og klima-alarmisme, enn å føre ein politikk som motvirkar og begrensar inflasjons-problemet. Journalistane våre stiller ikkje politikarane til ansvar for dette, som er eit stort problem. Eg forventar ikkje at ei spelside skal gjere denne jobben, men når dei forsøkjer så må bransjen og me andre ha lov å kommentere det som blir skrive.
  12. Det er sjølvsagt lov å meine, men spelet har 95% positive anmeldelsar på Steam, så mogleg du berre ikkje likar sjangeren?
  13. Kva er poenget? Vil tru det er bortkasta tid framfor å sjå på lengre tidsrom.
  14. "Å glinse" er eit verb, tilsvarande substantiv er på norsk "glans", ikkje "glins".
  15. Det var ei legendarisk liste, blir spennande å høyre. Masta Ace - Da Pro (Django Remix)
  16. Særs gledeleg å sjå ein fullt fortjent 9/10 til denne indieperla! Eg har 360 timar ingame, berre for å balansere litt med han som gjekk lei etter 60.
×
×
  • Opprett ny...