-
Innlegg
64 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av 0ter
-
Eg tykkjer det er godt at du tar eit standpunkt mot mindreårig seksualitet i spel. Den kan det vera fort gjort å brenne seg på... har eg høyrt.
-
Det er god grunn til å vera pessimistisk. Om Trump har nokonlunde helse, er han nok ikkje fremmed for å "justere lovverket litt", so han kan ta 4 år til.
-
Det er mogleg at det fungerer slik juridisk sett per i dag, eller at ei rettsavgjerd ville lande på dette, men det betyr ikkje at eg er einig i logikken Eg tenker dette er nokså beslekta med problematikken rundt proprietær software og hardware, altså om ein skal være nødt til å spela eit spel, eller lade ein mobil kun på den måten og i den konteksten produsenten har sett for seg.
-
Eksempelet du brukar over tilsvarer om Luke Ross hadde laga eit separat VR-spel som brukar Cyberpunkuniverset. Det ville då bryte med lovverket om beskytta merkevare. Eg meiner at å lage ein mod som er heilt avhengig av at brukaren eig originalspelet og kun inneheld filer laga av moddaren, er noko anna. Eg er einig i at dataspel er eit anna rettsområde som er mindre avklart. Like fullt bør det vera mogleg å ha ein diskusjon både om kva lova seier i dag og kva den burde seia i henhold til rettspraksis og prinsipp i andre sfærer.
-
Henry Kissinger advara mot ein liknande situasjon i Vietnam: "It may be dangerous to be America's enemy, but to be America's friend is fatal". I tida etterpå finst det mange eksempel der frasen passar, ikkje minst i Midt-Østen. Kurderane har vore spesielt utsatt, dei blei forrådt etter den første Irak-krigen i 1991, når dei hadde blitt oppfordra til å reise seg mot Saddam. Tusenvis blei drept og over ein million måtte flykte frå Irak. Dei blei igjen forrådt i 2017 når USA lot det nye styret i Baghdad ta Kirkuk, etter at kurderane hadde vore svært nyttige for å ta over Nord-Irak frå Hussein-regjeringas styrkar. Det høyrer sjølvsagt òg med til historia at USA på eit tidspunkt støtta Saddam Hussein. Kurderane i Syria veit sjølvsagt godt at USA og NATO er upålitelige, men om ein er tiggar kan ein ikkje vera kresen.
-
Åndsverksloven forbyr ikkje at eg lagar ein del som passar med ein bil som lar deg modifisere den og sel den til deg, så lengje eg elles ikkje bryt reglar for sikkerhet, etc. Slik eg ser det er ikkje dette annleis. Eg er einig i at ein ikkje kan stole på chatgpt, samstundes tykkjer eg dette er ei interessant problemstilling, som til sjuande og sist handler om eins rett til å modifisere ting ein kjøper og å selje modifikasjonane til andre. I EU finst det òg ekstra reglar for at software skal kunne snakke med anna software som eg trur er relevant. USA på si side har DMCA, som eg meiner ikkje er relevant i denne saka, men som dei nok gjerne vil forsøke å bruke som brekkstang uansett. Det viktigaste er ikkje om DMCA er relevant, men om du kan overbevise ein dommar som kanskje nærmar seg pensjonistalder at det er det. Om det finst rettspraksis på dette veit ikkje eg heller. Eg vil dog bemerke at eg trur det ofte er den største pengesekken som vinn slike saker. Eg synest dessutan å hugse at nokre rettssaker som gjeld den digitale sfæren utviser påfallande lav forståing av den, utan at eg kjem på eksempel i farten.
-
Det kan vel òg kanskje ha noko å gjere med at han ikkje tek sjansen på å møte eit milliardkonsern i retten på eiga rekning... Her vil eg seia at det er spelindustrien som er grådig. Det er dei store selskapa som får setje dagsorden som vanleg. Det er ikkje gjeve at ein ikkje skal ha lov å lage digitale verktøy som let andre spela sine spel på den måten dei ynskjer sjølv. Dette er noko heilt anna en ei plagiat-sak.
-
Sjølvsagt.
-
Det virkar å vera langt meir isolasjon, ensomheit og depresjon enn før - eg vil påstå at folk i snitt er mindre sosiale, eindel har omtrent ikkje sosial omgang. Det trur eg ikkje var tilfellet før i tida. Det betyr sjølvsagt ikkje at forklaringa di ikkje forklarer nokon av dei endringane ein observerer, men eg trur det utgjer ein liten del.
-
Etter mi erfaring må det vera det fyrste. Eg kan heller ikkje sjå korleis so mykje psykisk sykdom tener evolusjonen.
-
Difor bør ingen tvingast til noko som helst. Me har religionsfridom her i landet.
-
Den trakk ned, men elles kulaste bilen og laget
-
Det er nok mogleg å argumentere for båe sider i dennne saka, men om ein tenkjer at digitalsfæren skal ha same reglar som samfunnet elles, so er det jau ikkje ulovlig å lage utstyr tilpassa konkrete bilar, maskiner, etc. Eg kan ikkje heilt sjå kvifor spelindustrien skulle vera noko anleis, men det er jau ofte ting eg ikkje ser.
- 34 svar
-
- 1
-
-
Har du sett noko tegn til at Vesten bryr seg? Eg har ikkje. Dei opphøgde ein terrorist til president på dagen, som liksom hadde vore "ein av dei slemme IS-ane", utan å blunke. Tenker det er eindel me ikkje veit om denne saka.
-
Eg har ikkje sett meg veldig inn i kven som sto bak, men var det ikkje inderar?
-
Vesten veit dette godt, dei bryr seg ikkje. Dei var eit middel for å bli kvitt Assad som ikkje tok ordre frå USA/Israel.
-
Det kan godt stemme det du skriv her, men eg tykkjer elles det er påfallande kor ofte IS o.l. synest å samarbeide med Israel; ein del vil òg ha det til at dei er allierte. Men om det er sant, så stikk nok ikkje fundamentalismen så mykje djupare enn eit image, for då legg eg ein knapp på at dei er meir ein leigesoldatorganisasjon enn noko anna.
-
Spesielt sidan det er det Trump seier òg. Eg kan ikkje heilt sjå for meg korleis eit semi-uavhengig land med 56 000 skal greie å stå imot USA, så det kan tolkast som at ho har gitt opp.
-
Desse spela gler vi oss til i januar
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Du har skrytt av Against The Storm Øystein, eit spel eg sjølv har fleire hundre timar i. Difor vil eg nemne Timberborn, eitt lovande bybyggjespel som kjem ut "tidleg i 2026". Eg har 35 timar no og mekanikken er bunnsolid. Det spelar som ein meir tilgjengeleg versjon av Dwarf Fortress, men fredeleg. Beverar er som kjend mindre kule enn otrar, men ellers er spelet bra. -
I Irland, UK, NZ, USA mistar folk jobben om dei ikkje ynskjer å bruke "rett" pronomen, det vil seia det pronomenet som folk føler seg som. For eigen del ville eg nok bøygd hovudet og kalla folk akkurat det dei ynskjer, men eg tykkjer likevel det har gått altfor langt når ein tilsynelatande skal tvinge folk til å tru på ting, i dette tilfellet eit både nytt og rart verdsbilete. Burde ikkje me andre ha like mykje rett til å tru det me vil, slik folk som trur dei er diverse kjønn også har denne retten?
-
Trekker den norske storsuksessen fra The Game Awards
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Molyneux lovar og leverer ikkje. Dani... eg meiner Vedinad er vel i diametralt motsett kategori -
Akseptere/ta i mot Jesus som sin frelser?!?
0ter svarte på Lagabøter sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Moglegvis i ateistane sine ryktespreiarmiljø. Tvilar på at du kan dokumentere dette, men det er vel slik du rullar? -
Trekker den norske storsuksessen fra The Game Awards
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Ser den ^^ -
Trekker den norske storsuksessen fra The Game Awards
0ter svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Om Gamer.no vil gjera eit "scoop" angåande hans identitet, kan de jau spandere nokre timar med å etterforske "ryktene" om kven han er, er meir ein kjend løyndom enn noko anna, sjølv om eg likar stilen hans med å leike mystisk
