Kvaliteten er så som så, som er å forvente. Men ja, journaliststanden i Noreg er diverre i det heile ute av stand til å finne årsakssamanhengar, eller eingong sjå på dette som ein del av jobben sin. Ein kan meine det er bra Furevik gjer eit slags forsøk, men det må òg vera akseptabelt at aktørar i spelbransjen peikar på at økonomien deira er pressa, trass i høge prisar, i møte med ein slik kommentar. Furevik bjeffar nok tildels opp i feil tre, sjølv om eg trur det finnast eindel AAA-spelfirma som tek seg for godt betala.
Inflasjonen i Noreg skuldast i røynda høg prisvekst i verda dei seiste åra, men òg at krona er så svak. Våre politikarar er meir opptatt av å tekkast kvart minste EU-krav og klima-alarmisme, enn å føre ein politikk som motvirkar og begrensar inflasjons-problemet. Journalistane våre stiller ikkje politikarane til ansvar for dette, som er eit stort problem.
Eg forventar ikkje at ei spelside skal gjere denne jobben, men når dei forsøkjer så må bransjen og me andre ha lov å kommentere det som blir skrive.