-
Innlegg
1 463 -
Ble med
Garegaupa sine prestasjoner
87
Nettsamfunnsomdømme
-
Beste og billegaste løysing for offline lagring av viktige data
Garegaupa svarte på Garegaupa sitt emne i Lagringsmedier
For det eg har i tankane her så held det godt at det varer ut mi levetid. Data som er tenkt å vare i fleire generasjonar frametter har eg andre løysingar for. -
Beste og billegaste løysing for offline lagring av viktige data
Garegaupa svarte på Garegaupa sitt emne i Lagringsmedier
Mange gode innspel her, takk skal de ha! Det ser i alle fall ikkje ut som om eg har vore heilt bortreist med ideen min. Eg ser poenget med logistikken, samt å halde styr på kva som er kor utan å gå i surr. Dette er ting eg lyt tyggje noko meir på viss eg går for denne løysinga. -
Beste og billegaste løysing for offline lagring av viktige data
Garegaupa publiserte et emne i Lagringsmedier
Eg har nokon viktige data som eg ynskjer å ha sikkerheitskopi av offline, splitta i fleire delar og fordela over fleire fysiske lokasjonar. Eg har søkt ein del på nettet for å finne ei løysing som er god, men ikkje kostar for mykje. Der er lagringsmedium å få tak i som er sagt å skulle vare i hundrevis av år, men så er prisen òg deretter. Eg kunne tenkt meg å bruke billege minnepennar, men ut frå det eg ser så kan levetida på desse fort vere avgrensa til nokon få år. Eg lurar på om den beste kompromissløysinga for mitt bruk er denne: Eg kjøper inn ein del billege minnepennar (eg ser ein får modellar frå kurante leverandørar til under hundrelappen per stykk). Så brukar eg to minnepennar per fysiske lokasjon (for å sikre meg i tilfelle ein av dei sluttar å virke). Deretter sjekkar eg dei minst ei gong i året, og skiftar ut defekte/problematiske minnepennar. Kva tenkjer folket, er dette ei kurant løysing, eller ville de vurdert andre variantar? Eit tilleggsspørsmål: Korleis vil det vere å lagre ein minnepenn på ein plass utan oppvarming, der temperaturen fort kan kome ned mot -20 °C om vinteren? Eg ville tru at det bør gå bra, sjølvsagt så lenge ein ikkje tek pennen rett frå den temperaturen og pluggar den inn i ein PC. Eller vil levetida kunne gå drastisk ned på denne måten? -
Reklamasjonsretten på fem år har gått ut. Beklagar, eg rotar alltid saman garanti og reklamasjon. Den slår seg av i tide og utide. Eg tek straumen, og då startar den att og går i nokon timar før den stoppar att. Eg tenkte på temperatur, så eg tok den ut og reinska for støv (der var ikkje mykje), samt sjekka at viftene går. Alt OK på den fronten. No skal det seiast at den har vore stabil sidan i går til morgonen etter å ha tulla i fleire dagar, så eg får sjå det an noko. Kan ikkje seie eg heilt stolar på at den kjem til å halde seg slik når det var så gale som det var, men me får sjå.
-
Me har ein UniFi Security Gateway Pro 4 i heimenettverket som er i ferd med å ta kvelden. Garantien er diverre utgått for eit halvt års tid sidan, så her er det nok berre å belage seg på å kjøpe nytt... Det eg lurar på er om eg skal kjøpe ein ny USG Pro 4 (billegaste pris på Prisjakt.no kr 3 318,-) eller gå for ein Dream Machine Pro i staden (billegaste pris kr 5 318,-). Per i dag har eg ein UniFi Cloud Key som styrer systemet, denne kan eg så vidt eg forstår kaste ut viss eg går over til ein Dream Machine Pro? Eg vurderer òg på sikt ein G4 Doorbell Pro PoE, og då er det vel òg gunstig å ha Dream Machine Pro (med tanke på at ein kan installere ein HD i denne). Som de sikkert skjønar så hallar eg mot Dream Machine Pro, men vil gjerne høyre om nokon meiner det er to tusen bortkasta kroner med differansen mellom dei to alternativa? I tillegg til dei tinga eg nemner over her så tenkjer eg litt på kva som har framtida føre seg. Dessutan får eg gjerne selt Cloud Key på Finn.no for å utlikne noko av prisdifferansen. (Noko på sida: Er det nokon som har gode erfaringar med å kople fiberen frå Altibox rett i Dream Machine Pro og hive ut Altibox sin heimesentral?)
-
Alternativ til etasjeskilje i ny driftsbygning
Garegaupa svarte på Garegaupa sitt emne i Hus, hage og oppussing
Det hadde nok vore det optimale, men det eg har ikkje plass på tunet til nokon separat garasje/carport. Sjølv om det ikkje skal vere dyr der? Eg burde kanskje ikkje kalla det "driftsbygning", det er meir ein garasje med mykje lagringsplass det er snakk om. Helst det, ja, men eg er open for ei eller anna form for bereveggar i fyrste etasje viss det er det som må til for å få dette til å fungere. -
Alternativ til etasjeskilje i ny driftsbygning
Garegaupa publiserte et emne i Hus, hage og oppussing
Me er i ein veldig tidleg fase av å planleggje ny driftsbygning. Per i dag har me ei gammal løe frå 30-talet, og denne har sine manglar og upraktiske løysingar, pluss at forfallet (og såleis vedlikehaldskostnadane) begynner å merkast godt. Noverande løe har ei grunnflate på rett i underkant av 200 m2 (cirka 15 m x 13 m) og to etasjar (eller to og ein halv viss ein reknar med ein gammal møkkakjellar). Av ymse grunnar så ynskjer me ikkje noko større grunnflate på ny driftsbygning, så me vil verte avhengige av å kunne bruke både fyrste og andre etasje til oppbevaring av køyretøy. I noverande løe er der to garasjar nede, der me har bilane me brukar til dagleg. Oppe har traktoren stått, saman med ein snøskuter, ein del traktorreiskapar og ein tilhengjar. No har me kjøpt ny og større traktor, så den er det ikkje lenger plass til oppe (eller nede, for den del). Dessutan måtte me uansett slutte å parkere traktoren oppe sidan golvet begynte å rotne. Det dreg inn ein del snø og væte når ein brukar traktoren til brøyting heile vinteren. Ideelt så ser eg føre meg ei ny driftsbygning med tilsvarande løysing som i dag, altså at me har to garasjar nede til bilane, samt plass til traktor og anna oppe. Då må sjølvsagt etasjeskilja vere dimensjonera for dette. Slik eg ser det så har me tre alternativ: 1) Byggje alt i tre (slik som det er i dag, berre meir solid utføring). 2) Bruke etasjeskilje i betongelement/hòldekkje, med enten tre- eller stålbjelkar til å halde det oppe. 3) Byggje fyrste etasje og etasjeskilja i betong, og andre etasje i tre. Alternativ 1 er vel det enklaste og billegaste, men det eg ser på som minst aktuelt. For det fyrste så vil me framleis ha problematikken med mykje væte som kjem inn, slik at eg er redd me vil få problem etter nokon år. For det andre så slit det mykje på treverket å køyre inn og ut med ein tung traktor med kjettingar. Alternativ 3 er vel det klårt mest solide, men eg vil tru det òg er det klårt dyraste? Dessutan ynskjer me ikkje den utvendige estetikken ein vil få med murveggar i fyrste etasje og treveggar i andre etasje. Så var det alternativ 2. Per i dag ser eg vel på dette som det mest attraktive, så sant det vil verte solid nok og det vil gå greitt å unngå fuktskadar. Det beste hadde vore å unngå bereveggar utanom ytterveggane, slik at me kan begynne med ei open løysing i både fyrste og andre etasje, og så byggje skiljeveggar etter kvart som me ser behovet for fleire rom. Det skal òg seiast at me ynskjer å halde budsjettet for dette prosjektet så lågt som mogeleg utan at det går for mykje ut over kvaliteten. Me ynskjer trass alt eit bygg som skal vare i ein del år. Nokon innspel/tankar i høve til dette? -
Eg har eit Roccat Ryos MK Pro-tastatur som eg per i dag har kopla til to ulike PC-ar via ein KVM-switch. No treng eg å kople til eit webkamera til KVM-switchen, og då er eg ein USB-port i manko. Eg prøva difor å kople vekk den eine av dei to USB-tilkoplingane til tastaturet, og førebels så fungerer det 100 %. Eg kan ikkje merke noko som helst forskjell så langt. Kan eg berre la det vere slik, tru? Eller risikerer eg at det vert for mykje straumtrekk på den eine USB-tilkoplinga når eg gjer det på denne måten? (Eg brukar ikkje den ekstra USB-porten i tastaturet til noko, i tilfelle det spelar nokon rolle.)
-
Det skal du sjølvsagt få lov til å meine. Fordi me har 100 % felles økonomi (altså ikkje noko "dine" og "mine" pengar her i huset), og har lyst til å sleppe ein evig runddans med overføring mellom kontoane alt ettersom kven som har mest pengar på konto og/eller størst utgifter på det aktuelle tidspunktet.
-
Eg reknar med at dette vert løysinga for oss. Når det er sagt så tykkjer eg dette er eit snodig krav frå Vipps si side. Så lenge du har norsk BankID (som er eit anna av krava deira) så burde det vere nok, etter mitt syn. Så vidt eg har forstått så er det ikkje akkurat uvanleg at eit ektepar berre har felleskonto i banken, så der må no vere mange med same problemstilling.