Gå til innhold

_hauken_

Medlemmer
  • Innlegg

    137
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av _hauken_

  1. Polarkoordinater? :dontgetit:

     

    Mener du jeg skal gange cos t og sin t med r?

    Og "t mellom 0 og 2*pi" så mener du radianer? 330 = 11/6*pi

     

    Jeg har r = 0.40

    (r cos t, r sin t) = (0,35 , -0,20) , 11/6*pi

     

    Kan noen regne det ut så jeg kan se hvordan det er gjort?

    Jeg er ikke så stødig på derivasjon :(

     

    Ser at eg har blanda litt med grader og radianar. Tek dette heilt frå starten:

     

    Eitkvart punkt på ein sirkel med radius r kan beskrivast ved (x,y) = (r*cos(t), r*sin(t) ), der t ligg mellom 0 og 2*pi (eller 0 og 360 grader). Vi kan difor beskrive sirkelen med radius lik 0.40 med parameterframstillinga:

     

    r(t) = [0.40*cos t, 0.40*sin t]

     

    som tilsvarer:

     

    x(t)=0.40*cos t

    y(t)=0.40*sin t

     

    Vi kan så derivere desse med tanke på t:

    x'(t)=-0.40*sin t

    y'(t)=0.40*cos t

     

    Set inn for punktet 11/6*pi:

    x(11/6*pi)=sqrt(3)/5

    y(11/6*pi)=-1/5

    x'(11/6*pi)=1/5

    y'(11/6*pi)=sqrt(3)/5

     

    Vi kan så sette opp ei parameterframstilling for tangentlina:

    x(t)=sqrt(3)/5 + 1/5*t

    y(t)=-1/5 + sqrt(3)/5*t

     

    Løyser den fyrste likninga for t:

    t=5x - sqrt(3)

     

    Set inn i likninga for y:

    y=-1/5 + sqrt(3)*x - 3/5

    y=sqrt(3)*x - 4/5

  2. Hvordan finner jeg tangenten til en sirkel? Ved foreksempel 330 grader

     

    Ved å beskrive sirkelen ved ei parameterframstilling i polarkoordinatar:

     

    r(t) = (r cos t, r sin t), t mellom 0 og 2*pi

     

    der r er radius i sirkelen. Parameterframstillinga kan deriverast:

     

    r'(t) = (- r sin t, r cos t), t mellom 0 og 2*pi

     

    Ved å sette vinkelen t = 330 grader, finn du eit uttrykk for den deriverte til sirkelen i punktet som svarer til denne vinkelen, og kan då lett finne tangenten.

  3. Eg har ein trådlaus router av typen Linksys WRT54GL kobla til ei linje levert av Canal Digital over kabel. Av og til verkar det som om routerfunksjonaliteten koblar ut, slik at det går greit å koble seg til routeren både med trådlaust og kabel, men ein får ikkje forbindelse til internett.

     

    Routeren sitt web-grensesnitt tilbyr ping-funksjonalitet, så eg ser at ruteren har forbindelse til nettet. Løysinga på dette har vore å resette routeren til fabrikkinstillingar, for deretter å sette opp nettverket på nytt. Då fungerer det eit døgn eller noko slikt...

     

    Nokon som har anelse om kva som kan vere gale?

     

    Kabelmodemet er forresten av merke Thomson, og routeren har firmware v4.30.9.

  4. Strevar litt med ei oppgåve om uniform kontinuitet:

     

    Skal avgjere om funksjonen h(x) = exp(-x^2) er uniformt kontinuerleg på den reelle tallina. Reint intuitivt vil eg tru han er det, men det var dette å vise det...

     

     

    Nokon som har tips?

     

     

    Edit: Etter litt meir anstrengelsar ser eg at det forholdsvis greit kan visast at h'(x) er begrensa, og då følgjer uniform kontinuitet nærast av seg sjølv... Men kanskje fins det ei meir elegant løysing...?

  5. Vanligvis kan man sjekke swap-minnet ved å skrive i et skall (men jeg vet ikke om det fungerer med LVM):

    free -m

     

    Dette gjev:

    hauge@hauge:~$ free -m
                total       used       free     shared    buffers     cached
    Mem:           503        492         11          0          7        174
    -/+ buffers/cache:        310        193
    Swap:         1507        118       1389
    

     

    Så då har eg nok 1,5 GiB swap.

     

    Om du er interessert i mer oversikt over hvilke logiske volumer du har inni LVM-partisjonen din, så kan du jo forsøke kommandoen (som root):

    lvscan

     

    Denne gjev:

    hauge@hauge:~$ sudo lvscan
     ACTIVE            '/dev/Ubuntu/root' [72,85 GB] inherit
     ACTIVE            '/dev/Ubuntu/swap_1' [1,47 GB] inherit
    

     

    Så då ser det ut til at resten er ein stor partisjon. Kjekt å vite, takk for hjelpa!

  6. Swap trenger du dersom du skulle gå tom for minne. Helt greit å ha /home på samme partisjon. Hvis du vil gjøre om dette så vil jeg tro en modifisering av fstab vil gjøre biffen, kombinert med tilsvarende opprettelse av nye partisjoner for formålet. Du finnner den her:

    /etc/fstab

    Du kan også ta en titt på de noe forvirrende man sidene:

    $ man fstab

    8472977[/snapback]

     

    Takk for svar, då trur eg ikkje at eg gjer noko foreløpig.

     

    Forresten, kan eg på nokon måte sjå om eg brukar store delar av det tilgjengelege minnet og difor burde ha ein swap-partisjon?

  7. Det ligger ikke igjen noe som sinker systemet, men konfigurasjonsfiler ligger normalt igjen. Hvis du vil fjerne alle spor velger du opsjonen purge, eks.:

    $ sudo aptitude purge kubuntu-desktop

     

    Det var slik eg rekna med det var ja. Og konfigurasjonsfilene vert ikkje lasta på nokon måte, dei gjev berre (ubetydeleg) meir diskplassforbruk, viss eg har forstått deg rett?

     

    Oversikt over partisjoner får du i alle paritsjoneringsverktøy, eks. gparted eller qtparted.

     

    Sjå vedlagde skjermskot frå gparted. Ser ut som eg berre har ein stor partisjon...? dev/sda1 er ekstern harddisk / minnepenn. Altså har eg tydlegvis hverken swap-partisjon eller ein eigen partisjon til /home. Kan gjere noko med dette utan å reinstallere?

    post-45029-1177533110_thumb.png

  8. Har køyrt Ubuntu på min bærbare PC og har gjort dette i eitt og eit halvt år. Er frå Windows-verdenen van med at ein må formatere og reinstallere med jamne mellomrom. Korleis er dette i Linux? Vil eit program som er installert og fjerna med Synaptics eller apt-get vere heilt borte eller ligg det att spor som seinkar systemet? Har det noko hensikt å reinstallere for å renske opp eller kan ein berre avinstallere program som ikkje er i bruk?

     

    Huskar ikkje korleis eg partisjonerte då eg installerte Ubuntu, er det nokon måte eg kan få oversikt over dette på?

     

    På førehand takk!

  9. MSN er jo det beste da, det jeg ofte savner er det alternativ nicket som folk har mulighet for og ha på MSN. Det skulle jeg gjerne hatt på aMSN..

     

    Dette fins i 0.97-versjonen av aMSN i menyen Konto - Endre kallenavn - Personlig beskjed. Ser ikkje ut til at ein kan endre det direkte frå hovudbildet slik som i MS Messenger, men dette fungerer no ganske greit.

  10. Har funne ein billeg MP3-spelar hjå MPX, http://www.mpx.no/aspx/produkt/prdinfovnet.aspx?plid=58365.

     

    Dette er ein spelar med 1GB minne, FM-radio og fargeskjerm. Prisen er 769, noko eg ser på som svært rimeleg.

     

    Held denne spelaren mål? Eg finn ingen testar av han, heller ikkje kommentarar her i forumet som gjeld denne spelaren. Han er jo svært prisgunstig, og eg er eigentleg ikkje kravstor så lenge lyden er OK, men vil ikkje ha ein spelar som berre er skrap heller.

     

    Har nokon erfaring med spelarar frå Inovix?

  11. kansje du må installere synaptics driveren til touchpaden i x for å få det til å fungere bedre...

     

    prøv denne "guiden" her... (er til debian, men debian og ubuntu er stort sett to sider av samme sak)...

     

    edit: url...

    5309025[/snapback]

     

    Ser ut til å vere på rett spor, men tydlegvis nyttar debian xfree86-driver-synaptics medan ubuntu nyttar xorg-driver-synaptics. Eg har den andre tilgjengeleg, men for å installere denne må eg avinstallere ubuntu-desktop, noko som eg inbiller meg ikkje er spesielt lurt...

     

    Er det nokon som har vore borti konfigurasjon av xorg-drivaren?

  12. Eg har ein Tundra 1557E frå PSData, og er eigentleg godt nøgd. Men eg har litt problem med touchpaden, syns den er vanskeleg å bruke i forhold til andre maskiner eg har prøvd. Spesielt om eg er litt klam på fingrane føler eg at peikaren hoppar og sprett og ikkje lystrar.

     

    Er det andre som har liknande problem?

     

    Kan dette vere eit drivarrelatert problem? Eg køyrer Ubuntu 5.10.

  13. Har i det siste lese to populærvitskaplege bøker av Simon Singh, "Fermats siste sats" og "Koder", og likte desse godt. Eg kunne gjerne tenkt meg å lese fleire liknande bøker. Desse inneheld noko matematikk, utan å verte for avanserte, noko som eg likar godt.

     

    Har nokon forslag til aktuelle bøker? Kan gjerne vere dokumentarbøker, men fint om dei er relevante til matematikk, fysikk og/eller kryptografi eller liknande emne.

     

    Eg veit at det finst ein heil del populærvitskaplege bøker omkring universet si utvikling, big-bang og liknande, og dette kan vere interessant nok, men er ikkje heilt det eg søkjer. Men tek gjerne i mot gode tips også her!

  14. Jeg satte opp et stykke som følger:

    P=(356!/356)/(333!/356)

     

     

    P = (356!/356)/(333!/356) = 365!/333! = 365 x 364 x 363 x ... x 334 x 333

     

    Kan alltids gjerast manuelt, evt. hugsar eg at eg laga eit lite program for å løyse ei tilsvarande oppgåve på Casio-kalkulatoren eg hadde på vgs.

     

    Veit ikkje om det finst enklare måtar å løyse det på...

  15. Eg har klart å få installasjonen min av Ubuntu Hoary ut av stille, kjem meg mellom anna ikkje på nett, og får heller ikkje oppdatert til Breezy. Eg har difor tenkt å gjennomføre ein ny installasjon.

     

    Før eg gjer dette vil eg føre filene mine over til ei maskin med WinXP. Dette må nok gjerast ved hjelp av samba, og eg leitar difor etter ein live-cd med samba inkludert slik at dette kan gjerast enklast mogleg. Er det nokon som har tips?

×
×
  • Opprett ny...