Jump to content

_hauken_

Medlemmer
  • Content Count

    132
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by _hauken_

  1. Ser ut som Danske Bank reduserer med 0,4 pp, dvs nominell rente på 1,4% (1,3% for ung-lån).
  2. Eg reknar med det, men ved siste renteendringane har det gått nokre dagar frå Danske Bank har meldt renteendring til prislistene er oppdaterte. Eg vil tru rentene må ned minst 0,25 prosentpoeng for å vere konkurransedyktige mot tilsvarande fagforeningsavtaler (LO Favør og andre).
  3. Styringsrenta var vel 0,25 % før kuttet, så valet var vel i praksis å kutte til 0 eller la renta vere uendra?
  4. Har du teke omsyn til effekten dette får på skjermingsfrådrag? Skjermingsfrådraget på ASK vert vel rekna på lågaste saldo gjennom året? Eg vil tru at dersom ein skal ut av marknaden berre ein månad eller to, vil effekt av tapt skjermingsfrådrag vere større enn renteinntektene ein får ved å ta innskutt kapital ut av ASK.
  5. Etter det eg kan sjå er det motsett rekkefølgje som er diskutert, dvs. å låne opp for så å betale ned med BSU-midlar. Prinsipielt er det gjerne ikkje nokon skilnad, sjølv om det ved opplåning i etterkant gjerne er meir tydeleg at det er BSU-innbetalinga som gjev rom for å låne meir. På den andre sida kan det ikkje vere noko "forbod" mot opplåning etter bruk av BSU, så mest truleg er vel Skatteetaten berre oppteken av om BSU-midlane faktisk har gått til gyldig bruk, og ikkje kva som har skjedd før og etter.
  6. Eg har i 2020 avslutta min BSU-konto og betalt ned på bustadlånet. Vurderer bilkjøp finansiert med auke i bustadlån. Etter det eg kan sjå er kravet til dokumentasjon på bruk av BSU-midlar innfridd, sidan midlane er betalte inn på eit lån som oppfyller vilkåra. Vil Skatteetaten på noko vis kunne ha innvendigar mot opplåning kort tid etter nedbetaling med BSU-midlar?
  7. Er i litt same situasjon og tenkjer å kjøpe bærbar PC rundt 5000 - 6000 kr. NetOnNet har nokre alternativ: HP15 som kan matche ASUS VIVOBOOK frå Power til kr 6 500: https://www.netonnet.no/art/data-og-nettbrett/laptop/laptop-14-15-tommer/hp-15-dw0019no/1009136.10997/ Dei har også eit par Lenovo-variantar med 128 GB SSD + 1000 GB HDD: https://www.netonnet.no/art/data-og-nettbrett/laptop/laptop-14-15-tommer/lenovo-ideapad-330-15ikb-81dc004xmx/1006820.10997/ https://www.netonnet.no/art/data-og-nettbrett/laptop/laptop-14-15-tommer/lenovo-ideapad-330-15ikbr-81de02ermx/1006823.10997/ Nokon som har synspunkt på desse modellane?
  8. En 50/50 fordeling er å overvekte fremvoksende markeder ganske mye, ja. KLP AksjeVerden Indeks har nærmere 90/10 fordeling. AksjeGlobal Indeks V og Fremvoksende Markeder Indeks II fordelt slik gir en forvaltningsavgift rundt 0,21%. Bl.a. Nordnet har minsteinnskudd på 100 kr i fond. Ser at dette er mogleg å få til i Skandiabanken også. 500 kr i minsteinnskot på spareavtale er kanskje berre direkte mot KLP? Då ser det ut som 90/10 mellom AksjeGlobal Indeks V og Fremvoksende Markeder Indeks II er ei god løysing med låg forvaltningsavgift. Samanlikna med AksjeVerden Indeks skulle dette bli tilnerma identisk, bortsett frå at ein evt. må rebalansere manuelt mellom dei to referanseindeksane om ønskjeleg.
  9. Skal starte månadleg pensjonssparing (1000 kr/mnd) i indeksfond. Av norskforvalta globale indeksfond er det vel desse tre som peikar seg ut: KLP AksjeVerden Indeks DNB Global Indeks Storebrand Indeks Alle Markeder Alle har lågt forvaltningshonorar på 0,3 %. Så ser eg at KLP har eit realtivt nytt fond som heiter KLP AksjeGlobal Indeks V. Dette har berre 0,2 % forvaltningshonorar, men følgjer referanseindeks for utvikla marknader (MSCI World Index Developed Markets). KLP AksjeVerden Index følgjer MSCI All Country World Index, dvs. at også framveksande marknader er med. Er den auka diversifiseringa verdt 0,1 prosentpoeng auka forvaltningsavgift? Med sparing på 1000 kr pr månad og minsteinnskot ved spareavtale på 500 kr for KLP Aksje Fremvoksende Markeder Indeks II og AksjeGlobal Indeks V vil ein få 50/50 fordeling om ein prøver å balansere dette sjølv. Då oppnår ein gjennomsnittleg forvaltningsavgift på 0,25 %, men det er vel ei fare for at ein overvektar framveksande marknader?
  10. Eg har behov for sentral lagring i nettverket heime, og tenkjer difor å bygge ein rimelig PC som kan brukast som NAS, til dømes denne handlevogna. Av praktiske hensyn vil PC-en bli plassert i stereobenken, og eg leikar difor med tanken på å bruke den også til avspeling av musikk og video. HD er ikkje strengt nødvendig, då eg har gammal TV, men det er kjekt å ha muligheten. Eg ser tre alternativ: 1. Gå for noko liknande handlevogna over, og bruke denne til musikk og SD-materiale. Den dagen TV-en vert bytta ut kan PC-en verte dedikert filserver og eg kan kjøpe medialink eller ny HTPC. 2. Gå for ei løysing basert på Atom + ION som støttar full HD. 3. Gå for ei meir kraftig løysing med AMD Athlon II X2 (evt. Intel i3). Ønskjer mest mogleg for pengane, det vil seie helst ikkje over 2500-3000 kr inkl. kabinett, PSU, hovedkort, prosessor, minne og harddisk. Er spesielt usikker på kva ein kan få til av alternativ 3 innan denne prisramma, og kva straumforbruk og støynivå ein må rekne med kontra Atom-baserte oppsett. Alle innspel til dette vert motteke med takk.
  11. Du har her ikkje teke med Lånekassa sine kostnader med å låne inn pengane dei låner vidare, og også kostnadene knytt til at studentar under utdanning ikkje betalar renter. Så reknestykket er nok ikkje fullt så enkelt.
  12. Dette er vel ikkje heilt korrekt, ref. sitatet under frå Lånekassa sin årsrapport frå 2007 (http://www.lanekassen.no/upload/Arsrapport/2007/L%C3%A5nekassens%20%C3%A5rsrapport%202007.pdf). Dette må vel tolkast som at i alle fall den delen av stipendet som vert omgjort frå lån ved bestått eksamen er finansiert på departementsnivå. Men det er vel til sjuande og sist oss skattebetalarar som finansierar...
  13. Isolert så er ikke det ene bedre enn det andre. Får du utbetalingen nå (i år) så vil du få tilsvarende mer igjen/mindre rest på skatten neste år. Den eneste fordelen du faktisk kan tilegne deg er med skatt til gode neste år så får du renteinntekter på for mye betalt skatt. Eit anna forhold er jo om ein står i overgang mellom studieliv og full jobb. Då kan det løne seg med utbetaling i år, sidan andelen skatt ein betalar er høgre jo høgre inntekt ein har. I tillegg er det sjølvsagt ein fordel å halde seg under Lånekassa sine inntektsgrenser, om ein mottek støtte derifrå.
  14. Eg har eit Canon EOS 450D som dessverre vart utsett for eit bad for ei tid tilbake. Etter å ha fått tørka, såg kameraet ut til å fungere fint, men det overeksponerer bilete i godt lys. Etter litt eksperimentering har eg lokalisert problemet til å ligge i lukkermekanismen. Eg ser for eksempel ikkje forskjell på to bilder tatt med 1/1000 s og 1/4000 s lukkertid med elles like innstillingar. Det er også eit felt øverst på mange bilete som er mørkare enn resten. Eg trur altså det er ein treghet i lukkermekanismen. Serviceproffen estimerer kostnad med bytte til 2400 kr, og kan då ikkje gje garanti på reparasjonen sidan kameraet har vore i vatn. Dette vil opplagt ikkje løne seg, og eg lurer difor på om nokon har tips til ting eg kan prøve sjølv for å utbetre problemet?
  15. Ein bør vel ikkje gje så mykje heller, i og med at ein får det til 1 999,- på Japan Photo: https://prisguiden.no/produkt/79164.
  16. Valet fall til slutt på Canon EOS 450D. Bakgrunnen for valet var ein kombinasjon av fleire faktorar, både pris og det at eg ikkje har behov for video. Ikkje minst har "alle" rundt meg Canon-kamera, og det ser ut til å vere gode muligheter for kjøp av relativt rimeleg optikk og anna utstyr, både nytt og brukt.
  17. Ja, no er det vel delte meiningar om både vridbar skjerm og AA-batteri... Er vel berre eit valg ein må ta. Ser litt på Canon EOS 450D også, 4500 kr er jo ein god pris. Differansen opp til D5000 og K-x er jo eit stykke på veg til ein telezoom, som evt. kan kjøpast på sikt. Dette vil nok i sum gje vel så mykje fotoglede. Vanskeleg val...
  18. Er i ferd med å gjere første speilreflekskjøp i 5000-kroners klassen. Etter ein del studering har eg kome fram til at Pentax K-x og Nikon D5000 peikar seg ut som favorittar, med Canon 450D/500D som outsider. Eg greier i grunn ikkje å skilje K-x og D5000, sjølv om eg synest Pentax K-x verkar fristande. Lurte ei stund på kit med K-x med 18-55mm og 50-200mm, men har slått dette frå meg grunna lang leveringstid. Ein faktor som kan vere avgjerande er tilgang på optikk og anna utstyr som blitz og liknande, helst i ei rimeleg prisklasse. Ser jo at Pentax kan bruke gamle objektiv, men då ofte utan autofokus. Nikon (og Canon) verkar å ha eit større tilbod av både nye og brukte objektiv. Det eg ser føre meg å kunne anskaffe på litt sikt er ein telezoom, kanskje også eit lyssterkt fastobjektiv og blitz. Er det eit av merka som klart peikar seg ut når det gjeld tilgang på rimeleg og brukbart tilleggsutstyr? Andre innspel til valet vert også motteke med takk, sjølv om eg forstår at det nok er litt hipp som happ for ein nybegynnar i denne prisklassen.
  19. Er på nippet til å kjøpe dette eg også, ventar berre på at nettbutikkane skal få det inn. Er det nokon som har meiningar om dette kittet til ein nybegynnar innan dSLR? Det som peikar seg ut som klart alternativ er Canon EOS 450D, men K-x er slik eg forstår eit betre kamera på fleire område. Ikkje minst trur eg eg vil sette pris på muligheten til å prøve ulike brennvidder frå starten av, for deretter å evt. oppgradere optikken seinare. Som sagt, om nokon har input på dette valet vert dette motteke med takk!
  20. Eg har nok meir tru på at det er ein del vaksinemotstandarar som sprer propaganda... Kan du vise til kjelder på at berre 50 000 tok denne vaksina? Til informasjon vert alle vaksinasjonar registrert i systemet PANVAK. Til tross for at ikkje alle vaksinerte er registrert endå, har talet på registrerte vaksinerte passert 1 million pr. 7. desember. Kjelde: fhi.no
  21. Har akkurat bestilt Aspire 5738ZG sjølv frå MPX til 4 990,- Den du finn 500 kr rimelegare på Netonnet har litt raskare prosessor, men berre 3GB RAM og 320GB harddisk, mot 4GB og 500GB hos MPX. Elles er det ulike grafikkøysingar (ATI og Nvidia). Kva som er best av desse, veit eg ikkje. Eg gjekk som sagt for MPX sin versjon, ser ut til å gje svært mykje PC for pengane. Edit: Ser ut som Netonnet har ein nyare pakke, med Windows 7 ferdig installert, mot oppgraderingsmulighetar elles. Uansett ikkje aktuelt for meg (køyrer Ubuntu).
  22. Det var nok XPS M1330, men kom inn ein annan veg der eg ikkje fekk tilbudet som gjeld no. På denne sida er begge oppgitt, til samme pris: http://www1.euro.dell.com/content/products...;l=no&s=dhs Dell sine sider kan vere litt uoversiktlege... Edit: Denne PC-en verkar jo faktisk ganske interessann. Er på jakt etter litt kraftig maskin i 5-6000-kroners klassen, gjerne under 15,6". Ser at denne er nokre år, men spesifikasjonsmessig ser han framleis ut til å holde mål?
  23. 6300 inkl. mva? Korleis finn du denne prisen? Eg får ein pris på over 9000 kr for denne konfigurasjonen.
  24. Ja, slik brukar det å vere, men på dette apparatet (Philips 32PW6518) får ein lyd både på TV og lydutgang, og TV-lyden dominerer. Eg har ikkje funne mulighetar for å stille på dette. Ja, dette er jo kanskje det eg har mest lyst til, men er ikkje interessert i å legge mykje pengar i dette no, sidan eg på sikt vil kjøpe eit større anlegg. Eg har ikkje plass til dette i noverande leilighet. Skulle kanskje fått tak i ein billeg forserkar med to inngangar som kan bruke eksisterande høgtalarar...
×
×
  • Create New...