Gå til innhold

_hauken_

Medlemmer
  • Innlegg

    137
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av _hauken_

  1. Slik eg les informasjonen vil Sbanken halde fram med same namn og tenester, men som eit "underbruk" under DNB. Dette vil tilsvaret forholdet mellom Bulder Bank og Sparebanken Vest eller Nybygger og Sparebanken Øst. Her fins sikkert fleire døme på slik differensiering av merkevare.

    Er det nødvendigvis gitt at fusjonen vil medføre endringar for den enkelte kunde? Eg har fond i Sbanken, og avventar i alle fall å gjere noko til eg ser konkrete endringar i vilkår.

    Eg blir ikkje overraska om DNB også over tid ser seg tent med differensiert merkevare (og vilkår) for ulike kundegrupper med mål om større samla marknadsandel enn ein kan oppnå under ein felles profil.

    Så kan nok andre ha prinsipielle motforestillingar mot å formelt vere kunde i DNB, men for dei fleste betyr vel oppnådde vilkår mest?

    • Innsiktsfullt 1
  2. MailMan13 skrev (5 timer siden):

    Sparebanken Vest har fått smekk fra diverse tilsyn for å ikke være tydlige nok på at Bulder er et produkt og ikke en bank. Siste tiltak var å inkludert navnet sitt rett i Bulder-logoen. De er tydeligvis fremdeles ikke tydelige nok ;)

    Hehe, tydeligvis ikkje! 🤣

    Elles har vel desse konsepta eit klart mål om å skille seg frå "gammelbanken", for samla å kapre størst mogleg marknadsandel. Slik sett vil eg tru bankane syns det er heilt greitt at publikum ikkje nødvendigvis koplar dei saman (så lenge tilsyna er fornøgde). Det å kalle Bulder-konseptet for Bank gjer jo lett at ein ser på dette som meir sjølvstendig enn det er. 

  3. Herr Brun skrev (35 minutter siden):

    Det får de ikke lov til. Finansforetaksloven § 17-8 innebærer at samme type virksomhet som hovedregel skal utøves av kun ett foretak i samme finanskonsern. Så oppkjøp av norske banker utført av andre norske banker innebærer i praksis alltid en fusjon. 

    Er det forskjell på oppkjøp og oppstart av ny virksomhet? Eller er det forskjell i konsept mellom moderbank og utspring som gjer at Sparebanken Vest kan drive Bulder Bank og Sparebanken Øst kan drive Nybygger?

  4. nirolo skrev (2 timer siden):

    Jeg lurer litt på hvorfor du skal kjøpe deg inn via et AS?

    Eit spørsmål som kanskje er relevant: Forstår det slik at ein tilsett som får kjøpe aksjar under marknadsverdi må skatte av rabatten (med enkelte unntak for almenne ordningar med avgrensa rabatt).

    Er det nokon skilnad om den tilsette kjøper rabatterte aksjar som privatperson, samanlikna med om eit aksjeselskap eigd av den tilsette kjøper rabatterte aksjar?

  5. Herr Brun skrev (6 timer siden):

    Veldig spesielt å øke prisene på indeksfond såpass kraftig. Jeg forstår resonnementet, men jeg trodde markedet var mer effektivt enn som så. At særlig mange mennesker vil være villige til å betale dobbel pris for enkelte fond hos Nordnet sammenlignet med hos tilknyttet distributør eller annen, uavhengig distributør fremstår helt sært. Effektivt sett sier Nordnet at de ikke ønsker å ha disse kundene hos seg, og de fokuserer på kjernevirksomheten. 

    Eg har oppfatta at Nordnet ønskjer å ha ein utfordrarposisjon, og eg er difor skuffa over at dette var resultatet 9 månader etter at Sbanken gjorde si omlegging. Det er tydeleg at Nordnet først og fremst siktar seg inn mot andre enn indeksfondkundane.

    Når det er sagt så kan det hende Nordnet har rett i at kundar i aktive fond subsidierer indeksfondkundar, og at dette ikkje er bærekraftig når stadig fleire nye fondskroner går inn i indeksfond.

    Dersom andre bankar kjem etter med tilsvarande prismodellar, kan det fort verte slik at indeksfond vert billegast direkte frå forvaltaren, dvs. typisk KLP eller DNB. Eg kan vanskeleg sjå at dette er i samsvar med intensjonane bak reguleringane i banksektoren, som eg trudde var auka konkurranse, og rikt tilbod av fond på tvers av tilbydarar.

     

    For eigen del tenkjer eg at ein må tilpasse seg marknaden. Eg har i dag størstedelen av sparinga i indeksfond i Sbanken, samt noko indeksfond og aktive fond i Nordnet som krydder i porteføljen. Det må nok ryddast no, slik at alt av indeksfond vert i Sbanken, medan aktive fond kan ligge att i Nordnet.

    Eg har også småbeløp i nokre enkeltaksjar for moro skuld. Desse er plassert i Nordea grunna låg kurtasje. Eg er forøvrig overraska over at Nordea har fått vere åleine så lenge med låg kurtasje utan at nokon har utfordra dei på dette, men det er ein annan diskusjon...

     

     

  6. logaritmemannen skrev (14 minutter siden):

    Noen som vet om renten i Akademikerne-avtalen hos Danske Bank settes ned?

    Eg reknar med det, men ved siste renteendringane har det gått nokre dagar frå Danske Bank har meldt renteendring til prislistene er oppdaterte.

    Eg vil tru rentene må ned minst 0,25 prosentpoeng for å vere konkurransedyktige mot tilsvarande fagforeningsavtaler (LO Favør og andre).

    • Liker 1
  7. Nimrad skrev (2 minutter siden):

    Overraskende heftig rentekutt. Det var vel lite tvil om at det kom et kraftig kutt, men jeg hadde gjettet mer på 0,25% enn helt ned til 0%.

    Styringsrenta var vel 0,25 % før kuttet, så valet var vel i praksis å kutte til 0 eller la renta vere uendra?

    • Liker 1
  8. Zeph skrev (På 7.3.2020 den 9.33):

    I påvente av betre tider satte eg innskutt beløp på ASK over på konto med høgaste rente eg fann i banken. Det vart i eksisterande bank foreløpig. Kan få høgare rente i andre bankar, men det er i alle fall betre enn null, som det er på ASK.

    Har du teke omsyn til effekten dette får på skjermingsfrådrag?

    Skjermingsfrådraget på ASK vert vel rekna på lågaste saldo gjennom året?

    Eg vil tru at dersom ein skal ut av marknaden berre ein månad eller to, vil effekt av tapt skjermingsfrådrag vere større enn renteinntektene ein får ved å ta innskutt kapital ut av ASK.

  9. Etter det eg kan sjå er det motsett rekkefølgje som er diskutert, dvs. å låne opp for så å betale ned med BSU-midlar. Prinsipielt er det gjerne ikkje nokon skilnad, sjølv om det ved opplåning i etterkant gjerne er meir tydeleg at det er BSU-innbetalinga som gjev rom for å låne meir.

    På den andre sida kan det ikkje vere noko "forbod" mot opplåning etter bruk av BSU, så mest truleg er vel Skatteetaten berre oppteken av om BSU-midlane faktisk har gått til gyldig bruk, og ikkje kva som har skjedd før og etter.

  10. Eg har i 2020 avslutta min BSU-konto og betalt ned på bustadlånet. Vurderer bilkjøp finansiert med auke i bustadlån.

    Etter det eg kan sjå er kravet til dokumentasjon på bruk av BSU-midlar innfridd, sidan midlane er betalte inn på eit lån som oppfyller vilkåra. Vil Skatteetaten på noko vis kunne ha innvendigar mot opplåning kort tid etter nedbetaling med BSU-midlar?

  11. Er i litt same situasjon og tenkjer å kjøpe bærbar PC rundt 5000 - 6000 kr.

     

    NetOnNet har nokre alternativ:

     

    HP15 som kan matche ASUS VIVOBOOK frå Power til kr 6 500: https://www.netonnet.no/art/data-og-nettbrett/laptop/laptop-14-15-tommer/hp-15-dw0019no/1009136.10997/

     

    Dei har også eit par Lenovo-variantar med 128 GB SSD + 1000 GB HDD:

     

    https://www.netonnet.no/art/data-og-nettbrett/laptop/laptop-14-15-tommer/lenovo-ideapad-330-15ikb-81dc004xmx/1006820.10997/

    https://www.netonnet.no/art/data-og-nettbrett/laptop/laptop-14-15-tommer/lenovo-ideapad-330-15ikbr-81de02ermx/1006823.10997/

     

     

    Nokon som har synspunkt på desse modellane?

  12.  

     

    Med sparing på 1000 kr pr månad og minsteinnskot ved spareavtale på 500 kr for KLP Aksje Fremvoksende Markeder Indeks II og AksjeGlobal Indeks V vil ein få 50/50 fordeling om ein prøver å balansere dette sjølv. Då oppnår ein gjennomsnittleg forvaltningsavgift på 0,25 %, men det er vel ei fare for at ein overvektar framveksande marknader?

     

     

    En 50/50 fordeling er å overvekte fremvoksende markeder ganske mye, ja. KLP AksjeVerden Indeks har nærmere 90/10 fordeling. AksjeGlobal Indeks V  og Fremvoksende Markeder Indeks II fordelt slik gir en forvaltningsavgift rundt 0,21%. Bl.a. Nordnet har minsteinnskudd på 100 kr i fond.

     

     

    Ser at dette er mogleg å få til i Skandiabanken også. 500 kr i minsteinnskot på spareavtale er kanskje berre direkte mot KLP?

     

    Då ser det ut som 90/10 mellom AksjeGlobal Indeks V og Fremvoksende Markeder Indeks II er ei god løysing med låg forvaltningsavgift. Samanlikna med AksjeVerden Indeks skulle dette bli tilnerma identisk, bortsett frå at ein evt. må rebalansere manuelt mellom dei to referanseindeksane om ønskjeleg.

  13. Skal starte månadleg pensjonssparing (1000 kr/mnd) i indeksfond. Av norskforvalta globale indeksfond er det vel desse tre som peikar seg ut: 

    • KLP AksjeVerden Indeks
    • DNB Global Indeks
    • Storebrand Indeks Alle Markeder
     

    Alle har lågt forvaltningshonorar på 0,3 %.

     

    Så ser eg at KLP har eit realtivt nytt fond som heiter KLP AksjeGlobal Indeks V. Dette har berre 0,2 % forvaltningshonorar, men følgjer referanseindeks for utvikla marknader (MSCI World Index Developed Markets).

     

    KLP AksjeVerden Index følgjer MSCI All Country World Index, dvs. at også framveksande marknader er med.

     

    Er den auka diversifiseringa verdt 0,1 prosentpoeng auka forvaltningsavgift?

     

     

    Med sparing på 1000 kr pr månad og minsteinnskot ved spareavtale på 500 kr for KLP Aksje Fremvoksende Markeder Indeks II og AksjeGlobal Indeks V vil ein få 50/50 fordeling om ein prøver å balansere dette sjølv. Då oppnår ein gjennomsnittleg forvaltningsavgift på 0,25 %, men det er vel ei fare for at ein overvektar framveksande marknader?

  14. Eg har behov for sentral lagring i nettverket heime, og tenkjer difor å bygge ein rimelig PC som kan brukast som NAS, til dømes denne handlevogna.

     

    Av praktiske hensyn vil PC-en bli plassert i stereobenken, og eg leikar difor med tanken på å bruke den også til avspeling av musikk og video. HD er ikkje strengt nødvendig, då eg har gammal TV, men det er kjekt å ha muligheten. Eg ser tre alternativ:

     

    1. Gå for noko liknande handlevogna over, og bruke denne til musikk og SD-materiale. Den dagen TV-en vert bytta ut kan PC-en verte dedikert filserver og eg kan kjøpe medialink eller ny HTPC.

     

    2. Gå for ei løysing basert på Atom + ION som støttar full HD.

     

    3. Gå for ei meir kraftig løysing med AMD Athlon II X2 (evt. Intel i3).

     

    Ønskjer mest mogleg for pengane, det vil seie helst ikkje over 2500-3000 kr inkl. kabinett, PSU, hovedkort, prosessor, minne og harddisk.

     

    Er spesielt usikker på kva ein kan få til av alternativ 3 innan denne prisramma, og kva straumforbruk og støynivå ein må rekne med kontra Atom-baserte oppsett.

     

    Alle innspel til dette vert motteke med takk.

  15. Jeg har dessverre ikke kilde på det med at lånekassen går i pluss, men jeg regnet litt på det for å se om det kunne stemme.

     

    Så vidt jeg kan forstå vil lånekassen da få tilbake mer enn de har gitt ut i lån+stipend.

     

    Du har her ikkje teke med Lånekassa sine kostnader med å låne inn pengane dei låner vidare, og også kostnadene knytt til at studentar under utdanning ikkje betalar renter.

     

    Så reknestykket er nok ikkje fullt så enkelt.

  16. Det er også slik at lånekassen går i pluss, så det du tror er "stipend" er egentlig penger du kommer til å betale inn i renter uansett.

     

    Dette er vel ikkje heilt korrekt, ref. sitatet under frå Lånekassa sin årsrapport frå 2007 (http://www.lanekassen.no/upload/Arsrapport/2007/L%C3%A5nekassens%20%C3%A5rsrapport%202007.pdf).

     

    Fra november 2002 ble utdanningsstipendet for elever og studenter i høyere utdanning økt til 40

    prosent av kostnadsnormen. Fra 2004 er hele stipenddelen betalt ut som lån og gjort om til

    utdanningsstipend ved gjennomført utdanning. Lånekassen har fått fullmakt til å dekke inn utgiftene til

    slik konvertering av lån til stipend ved å trekke på et eget Konverteringsfond.

    Konverteringsfondet er etablert som et selvstendig fond med egne statutter og eget regnskap, og inngår

    ikke i Lånekassens årsrapport. Fondets kapital er plassert på en ikke rentebærende konto i Norges

    Bank.

     

    Dette må vel tolkast som at i alle fall den delen av stipendet som vert omgjort frå lån ved bestått eksamen er finansiert på departementsnivå.

     

    Men det er vel til sjuande og sist oss skattebetalarar som finansierar...

  17. Hva lønner seg på sikt? Å få utbetalingen nå, eller vente med sluttoppgjøret til neste år?

    Isolert så er ikke det ene bedre enn det andre.

    Får du utbetalingen nå (i år) så vil du få tilsvarende mer igjen/mindre rest på skatten neste år.

    Den eneste fordelen du faktisk kan tilegne deg er med skatt til gode neste år så får du renteinntekter på for mye betalt skatt.

     

    Eit anna forhold er jo om ein står i overgang mellom studieliv og full jobb. Då kan det løne seg med utbetaling i år, sidan andelen skatt ein betalar er høgre jo høgre inntekt ein har.

     

    I tillegg er det sjølvsagt ein fordel å halde seg under Lånekassa sine inntektsgrenser, om ein mottek støtte derifrå.

  18. Eg har eit Canon EOS 450D som dessverre vart utsett for eit bad for ei tid tilbake. Etter å ha fått tørka, såg kameraet ut til å fungere fint, men det overeksponerer bilete i godt lys. Etter litt eksperimentering har eg lokalisert problemet til å ligge i lukkermekanismen. Eg ser for eksempel ikkje forskjell på to bilder tatt med 1/1000 s og 1/4000 s lukkertid med elles like innstillingar. Det er også eit felt øverst på mange bilete som er mørkare enn resten.

     

    Eg trur altså det er ein treghet i lukkermekanismen. Serviceproffen estimerer kostnad med bytte til 2400 kr, og kan då ikkje gje garanti på reparasjonen sidan kameraet har vore i vatn. Dette vil opplagt ikkje løne seg, og eg lurer difor på om nokon har tips til ting eg kan prøve sjølv for å utbetre problemet?

  19. Har selv 55-250mm, og er veldig fornøyd med det. Byggekvaliteten er laber og bare litt bedre enn kitobjektivet, samt at det mangler zoom lås. Men bortsett fra dette så er det definitivt verdt prisen. Så lenge du ikke har tenkt til å kaste det i bakken eller noe, så duger det.

     

    Se på bruktmarkedet på foto.no du bør ikke gi noe mer enn 1800 for dette objektivet når det er brukt, var vel noe sånt jeg betalte for mitt for rundt et år siden.

     

    Ein bør vel ikkje gje så mykje heller, i og med at ein får det til 1 999,- på Japan Photo: https://prisguiden.no/produkt/79164.

  20. Jeg ville valgt D5000 pga den vridbare skjermen. K-x fikk dessuten litt dårlig omtale for stabilisatioren på dpreview. http://www.dpreview.com/reviews/pentaxkx/page13.asp

     

    Ellers er det jo mye positivt med K-x, inklusiv bruk av vanlige AA-batterier.

     

    Ja, no er det vel delte meiningar om både vridbar skjerm og AA-batteri... Er vel berre eit valg ein må ta.

     

    Ser litt på Canon EOS 450D også, 4500 kr er jo ein god pris. Differansen opp til D5000 og K-x er jo eit stykke på veg til ein telezoom, som evt. kan kjøpast på sikt. Dette vil nok i sum gje vel så mykje fotoglede. Vanskeleg val...

  21. Er i ferd med å gjere første speilreflekskjøp i 5000-kroners klassen. Etter ein del studering har eg kome fram til at Pentax K-x og Nikon D5000 peikar seg ut som favorittar, med Canon 450D/500D som outsider.

     

    Eg greier i grunn ikkje å skilje K-x og D5000, sjølv om eg synest Pentax K-x verkar fristande. Lurte ei stund på kit med K-x med 18-55mm og 50-200mm, men har slått dette frå meg grunna lang leveringstid.

     

    Ein faktor som kan vere avgjerande er tilgang på optikk og anna utstyr som blitz og liknande, helst i ei rimeleg prisklasse. Ser jo at Pentax kan bruke gamle objektiv, men då ofte utan autofokus. Nikon (og Canon) verkar å ha eit større tilbod av både nye og brukte objektiv.

     

    Det eg ser føre meg å kunne anskaffe på litt sikt er ein telezoom, kanskje også eit lyssterkt fastobjektiv og blitz. Er det eit av merka som klart peikar seg ut når det gjeld tilgang på rimeleg og brukbart tilleggsutstyr?

     

    Andre innspel til valet vert også motteke med takk, sjølv om eg forstår at det nok er litt hipp som happ for ein nybegynnar i denne prisklassen.

  22. Har tenkt å kjøpe K-x med dobbel linse kitet (18-55 og 50-200).

     

    Er på nippet til å kjøpe dette eg også, ventar berre på at nettbutikkane skal få det inn.

     

    Er det nokon som har meiningar om dette kittet til ein nybegynnar innan dSLR? Det som peikar seg ut som klart alternativ er Canon EOS 450D, men K-x er slik eg forstår eit betre kamera på fleire område. Ikkje minst trur eg eg vil sette pris på muligheten til å prøve ulike brennvidder frå starten av, for deretter å evt. oppgradere optikken seinare.

     

    Som sagt, om nokon har input på dette valet vert dette motteke med takk!

×
×
  • Opprett ny...