Gå til innhold

Kva skjer med Stalker? Ei lita oppdatering.


Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

GSCs spel Stalker har vore inn og ut av media sitt søkjelys dei siste åra. Men i den siste tida har det vore relativt stille. Her følgjer ei lita oppdatering på kva som skjer med spelet.

 

Sidan utviklinga starta i 2001, har det vore store forventningar til Stalker. Men etterkvart som spelet vart utsatt gong på gong, og rykte om ting som vart fjerna frå spel dempa den største begeistringa hos mange. Til tross for ein del klaging har GSC behalde trua på at Stalker faktisk er vert all ventinga.

 

Eit spennande moment med Stalker var at den kunstige intelligensen kunne fullføre spelet før deg. Dette vil gi ein ekstra konkurranse og spenning i spelet. Dessverre fungerte denne funksjonen for godt. Ein uventa "Game over" beskjed når KIen fullførste spelet vart ikkje tatt godt i mot av spelaren. Som følgje av dette vart denne funksjonen ofra til fordel for ein sterkare historie-del.

 

Tidlegare i år var det rykte om at kjørbare bilar vart fjerna frå spelet. Dette viser seg å stemme. Grunnen var at spelet vart for vanskeleg. Når ein kjørar rundt i "the zone", var det for vanskeleg å unngå anomlies. For å skape eit mest mogleg balansert spel måtte bilar derfor ofrast. RPG-element, ei levande verd og u-skripta AI er framleis på plass i spelet. Til stor glede for mange er og ein kvar stalkers favoritt drikk, vodka, i spelet.

 

Systemkravet er alltid interessant i samband med nye spel. I og med at Stalker enda ikkje er ferdig, er dette enda under utvikling og kan endre seg. Men det ser ut til at DX8 versjonen vil krevje P4 2 GHz, 1 GiB med RAM og eit Geforce 6800 skjermkort for ein optimal oppleving. DX9 versjonen vil ha enda høgare krav, men då vil du og få glede av over 1 000 000 polygoner per bilete, dynamisk lyssetjing og alt anna ein kan vente seg av eit moderne spel. Som sagt kan systemkrava framleis endre seg, men dette gir i alle fall eit inntrykk av kva ein treng.

 

På grunn av spelets frie gameplay, vil det ikkje kome ein singelplayer demo. Derimot kan vi sjå fram mot ein multiplayer open betatesting når utgjevingsdatoen nærmar seg. Her vil du få moglegheit til å teste ut fleire av spelet våpen, nokre brett og sjå kor godt maskina di kjører spelet.

 

Det som dei fleste er opptatt av er når spelet kjem ut. Etter eit utal utsetjingar er det ein viss skepsis rundt ein kvar utgjevingsdatoen Stalker får, men no ser det ut til at enden er nær. Om cirka 2 månader vil THQ, utgivaren, få ein release candidate. Etter dette vil det truleg ikkje vere lenge til spelet dukkar opp. Spelet er venta å kome på ein DVD, og vil vere tilgjengeleg på 6 forskjellege språk.

 

 

Edit: For ikkje lenge sidan vart ein pre-rendra intro til Stalker vist. Kvaliteten er ikkje den beste, men interesserte kan laste den ned her: http://www.gamestar.hu/downloads.php3?op=visit&lid=5992

 

Eg skreiv dette innlegget forrige veke, men eg kom aldri så langt at eg posta det. Det kan derfor vere enkelte ting som har endra seg, men eg trur dette skal vere rimeleg up-to-date. Eurogamer sin sniktitt kan og vere vert å lese, sjølv om den ikkje inneheldt noko nytt. Dykk finn ein tråd om den her.

Endret av ttt
Videoannonse
Annonse
Skrevet
Releasedatoen er satt til Q1 2007 (eg. Januar-Mars).

Det stemmer, men tidlegare uttalelser tyder på at spelet kjem tidleg på året. Så med mindre det dukkar opp fleire uventa problem eller THQ misliker den ferdige versjonen, får vi det forhåpentlegvis i byrjinga av 2007. :)

 

Når det gjeld bilar og Stalker, virker GTA moden veldig spennande. Om denne blir gjennomført på ein god måte kan den kanskje bli verdt spelet aleine.

Skrevet (endret)

For 2 veker sidan vart det i alle fall sagt at biler vart droppa, sjølv om all kodinga var ferdig.

 

Dette var i forbindelse med Game Territory messa.

Endret av ttt
Skrevet
Flott at de utelater kjøretøyene. Synes bruken av kjøretøy ødela spill som Half-Life 2, Quake IV m.fl.

7262340[/snapback]

 

i slike spill ja, men i Stalker faller det naturlig at man skal kunne ha kjøretøy.

Men men, håper dette spillet er up-to-date. Var jo et spill som skulle konkurrere med halflife2 i sin tid.

Skrevet
Flott at de utelater kjøretøyene. Synes bruken av kjøretøy ødela spill som Half-Life 2, Quake IV m.fl.

7262340[/snapback]

 

Så du kunne tenkt deg å gå rundt i spillet i ca. 20 minutter for å ta et lite mission?

Skrevet
Flott at de utelater kjøretøyene. Synes bruken av kjøretøy ødela spill som Half-Life 2, Quake IV m.fl.

7262340[/snapback]

 

Så du kunne tenkt deg å gå rundt i spillet i ca. 20 minutter for å ta et lite mission?

7263794[/snapback]

 

Ja absolutt!

Skrevet

Kjøretøy i spill har ikke vært en stor suksess (med unntak av bilspill da seff)

 

Men hadde foretrekt noe som gjorde at man kom fortere frem til plasser når spillet skal være så stort. Kanskje en hest? Fasttravel? :)

Skrevet
Hvorfor venter folk på dette spillet ? Er jo 99% sjanse for at dette kommer til å suge noe enormt.

7264100[/snapback]

No virker no dei fleste som har prøvd spelet ganske positive. Men i og med at dei har satsa så mykje på å lage eit annerledes spel, er faren der for at dei mislykkast. Klarer spelet å innfri i alle fall nokre av forventningane mine, er eg sikker på at eg kjem til å ha det mykje moro med spelet.

Skrevet

Liker overhode ikke at de har fjernet kjøretøy. Synes det har veldig mye å si for gameplayet i slike spill. Kjøre fra sted til sted og fylle bagasjerommet med alt du trenger av våpen, helsepakker osv.

Skrevet
Flott at de utelater kjøretøyene. Synes bruken av kjøretøy ødela spill som Half-Life 2, Quake IV m.fl.

7262340[/snapback]

 

Så du kunne tenkt deg å gå rundt i spillet i ca. 20 minutter for å ta et lite mission?

7263794[/snapback]

 

Ja absolutt!

7264053[/snapback]

 

Dette vil jo bli kjedelig i lengden, ta f.eks Postal 2, der gikk man i de evige tider, frem og tilbake. Kjedelig, rett og slett.

Skrevet
Liker overhode ikke at de har fjernet kjøretøy. Synes det har veldig mye å si for gameplayet i slike spill. Kjøre fra sted til sted og fylle bagasjerommet med alt du trenger av våpen, helsepakker osv.

7264420[/snapback]

Problemet med bilar var at det gjorde spelet for vanskeleg. Så då vil er det no kanskje best at dei vart fjerna. Vi får bare vente og sjå korleis det går. Eg ser ikkje bort frå at dei kan ha gjort mindre endringar som kompenserer for tapet av bilar. Som nemnt er og koden ferdig, så det dukkar nok opp ein mod som legg til bilar for dei som ønskjer det. :)

Skrevet
Var nå ikke så mye gåing i Postal 2 da... Men mulig vi har helt forskjellig syn på hva som er mye gåing da...

7265668[/snapback]

 

Det eneste man gjorde i Postal 2 var jo å gå rundt, for å så vente på en lang loading, så måtte man gå lenger, så kommer man frem, det blir masse action, så må man gå til campingvognen igjen.

Skrevet

Shenmue 2 har mye gåing. Kan jo løpe, men allikevel.

Jeg tror STALKER kommer til å bli bra. Selvfølgelig er det mulig at det kommer til å suge, men slik er det med alle spill.

Bare selve konseptet er über. Det er grunn nok til at jeg kommer til å kjøpe det.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...