Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 561
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Om The Avatar

  • Bursdag 12. jan. 1983

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

The Avatar sine prestasjoner

11,8k

Nettsamfunnsomdømme

71

Hjelpsomme svar

  1. Det er ikkje nødvendigvis sant. Det er ikkje slik at alle psykisk sjuke ikkje forstår kva og kvifor dei gjer og seier ting. Det er fint mogleg å rasjonelt sett forstå at ein er psykisk sjuk men likevel ikkje klare å la være å gi etter for dei tankane og handlingane som følgjer med sjukdommen. Ein som lir av depresjon vil vite utmerket godt at ein er deprimert, det er ikkje som at ein ikkje forstår at ein berre tenker negative tanker. Utofrdringa for deprimerte er at sjølv om ein veit at ein er deprimert så er det ikkje berre å bestemme seg for å tenke seg frisk.
  2. No veit eg ikkje kva du viser til viser til som blir avfeid av etterforskning, åstadsgransking, obduksjon og dommarar, men vil påpeike at det er ein vesentleg forskjell på avvise all offisiell etterforskning til fordel for ein forfattar, og å meine at det finnes støtte i bevismaterialet for forfattaren sin hypotese. Særleg når også gjennopptakingskommisjonen (etter lang tid) kom til same konklusjon og endte med at VK fekk prøvd saka på nytt og vart frikjent. At etterforskningsarbeidet ikkje holdt god nok kvalitet til å dømme både VK og JHA er vel alle einige om? Så er det sjølvsagt litt ueinigheit om VK hadde ein rolle i denne saka om han i det heile tatt hadde ei rolle. Det kan være alt frå at VK er 100% uskuldig og uvitande, til at VK var ein hovudmann som var til stades og beordra JHA til å gjere ugjerningane, kanskje til og med at VK deltok i ugjerningane. Det som uansett er rimeleg klart er at sjølv om VK skulle være skuldig så har ein ikkje funnet andre bevis mot han enn JHA sitt vitnemål, og utan tilstrekkeleg med bevis så kan ein ikkje dømmast. At det ikkje finnes sterke nok bevis til å dømme VK betyr ikkje at han ikkje kan være skuldig likevel, men det betyr at han skal behandlast som uskuldig så lenge ikkje anna er bevist. Sannsynlegheita for at VK var til stades på åstaden og deltok i ugjerningane utan å avsette anna enn ufullstendige DNA-profilar som også stemmer med personar som har delteke i etterforskninga, er nok særdeles lav, særleg med tanke på kor mykje DNA som stammar frå JHA eller svært nære slektningar av han. Når du snakker om Viggo tilhengere så lagar du ein stråmann om at alle som støtter at det ikkje føreligg nok bevis til å dømme VK (jamfør frifinninga) også meiner at VK er eit englebarn. Det er to litt forskjellige ting, det går fint ann å både meine at VK vart utsatt for eit justismord og at VK hamna i søkelyset av ein grunn, heriblant andre ting som VK hadde gjort tidlegare.
  3. Om dette har skjedd "underveis/før bryggeprosessen" så er det ei moglegheit for at endringa ligg innafor det som er søkt om så lenge dei romma som er bygd oppfyller krava som er stilt til slike rom. Det er sjølvsagt eit problem dersom ferdigattesten er utskrevet under føresetnad om at bygget er bygd slik som opprinnelege teikningar, men det hender også at ferdigattesten blir utskreven på bakgrunn av at ansvarleg søkar har erklært at bygget er satt opp etter gjeldande reglar. Så lenge det tredje soverommet er bygd på ein slik måte at det blir godkjent om det blir søkt så treng det ikkje å være eit problem for ferdigattesten med mindre det bryt krav til utnyttingsgrad av tomta. Hadde dette vært arbeid som har skjedd etter ferdigattesten utan søknaden så er det rimeleg lklart at det ikkje føreligg ferdigattest for slik huset er i dag, men sidan du skriv at det har skjedd ting undervegs og før byggeprosessen så er det ei moglegheit for at endringane har skjedd i samråd med kommunen utan at det er sendt inn heilt ny byggesøknad berre fordi ein ville sette inn eit vindu og gjere sportsboda om til eit soverom. Her kan det være fornuftig å ta kontakt med kommunen for å gå gjennom byggesaka, eventuelt be om innsyn i byggesaka slik at du sjølv kan gå gjennom detaljane. Det kan ha skjedd ganske mykje mellom den opprinnelege søknaden for arbeidet og den endelege ferdigattesten.
  4. Skal ikkje være nødvendig å rense filteret sjølv om ein ikkje skyller. Ein skal sjølvsagt fjerne større matrester men saus og tilgrising forsvinn i vask. Er elles einig i at det å ikkje skylle av oppvasken er viktigare når ein brukar autoprogram. Ved bruk av autoprogram så blir varigheita på vaskeprogrammet satt utifrå kor mykje ureinheiter det er i vaskevatnet. Om ein har skylt av all oppvasken så kan autoprogramet bli lurt til å tru at oppvasken er rein og dermed brukar kortare tid og lågare temperatur enn det som ein burde gjere. Dette er ikkje ein funksjon som er unik for automatikkprogrammet, dei fleste oppvaskmaskiner analyserer også kor skitten oppvasken er ved bruk av dei faste vaskeprogramma, men i noko mindre grad. Dette blant anna for å oppnå betre miljømerking. Det er blant anna enkelte oppvaskmaskiner som det er vanskelig å "tvinge" over på eit manuelt kokvaskprogram om ikkje automatikken også indikerer at det er nødvendig. Prøver ein då å kokvaske heilt rein oppvask så er det enkelte maskiner som "jukser" med å bruke vatn som ikkje er fullt så varm. I tillegg til omsynet til automatikken så er det som nemt også ein fordel for vaskemiddelet om det er litt fett som såpa kan reagere med for å få best resultat. Det mest riktige rådet er uansett å lese bruksanvisninga på si eiga oppvaskmaskin og ikkje følgje råd som blir gitt for andre oppvaskmaskiner som kan ha litt anna funksjonalitet.
  5. Vil legge til at vilkåret er at mangelen er vesentlig, så det er i utgangspunktet uavhengig av at forsikringsselskap ikkje ser på manglar som kostar mindre enn 5% av kjøpesummen. Trådstarter har ulike framgangsmåter, det fyrste og enklaste er å reklamere mot selgar og ta det derifrå.
  6. Vil også legge til at det er slettes ikkje uvanleg å være konfliktsky i møte med nye mennesker. Det er svært få som synes det er behageleg å i møte med nye folk måtte gå i konflikt. Det at det er ubehageleg betyr ikkje nødvendigvis at det er meir ubehagleg for deg enn for alle andre. Forskjellen ligg mykje i at ein må forstå at det er gjennom å tole å stå i ubehagelegheita at ein oppnår resultat. Når kelneren kjem for å spørre om maten var god så er det fort ubehageleg å svare ut spørsmålet med at biffen var tørr og sausen for salt. Det er nok mange som nikker og svarer ja for å sleppe å ha ein lengre samtale med kelneren, det kan til og med være ubehageleg å skulle kritisere restauranten sjølv omalt du seier er sant. Likevel så spør kelneren vanligvis fordi ein ynskjer å få tilbakemeldingar på om du faktisk er fornøgd med maten, om dei kan gjere noko meir for at du får ein best mogleg restaurantoppleving, og om restauranten kan endre noko til neste gong. I enkelte kulturar så er terskelen lang lågare for å svare direkte på slike spørsmål, og det er i all hovdsak noko som ein har lært gjennom sin kultur. Jo oftare du gjer noko, jo tryggare blir du.
  7. Det er fort ulike behov. Spesialvaskemiddelet for maskinens er ofte berre ekstra sterk såpe for å løyse opp fettet i sila. Om du renser sluken og ibtillegg vasker på høg temperatur av og til så vil eg tru at hygienen er ivaretatt. Det som er faren er at uten rens så kan du risikere å skylle opp bakterier frå sluken/filterer under vanleg vask.
  8. Ja det er fint mogleg, ikkje er det så vanskeleg heller om du ikkje har heilt lammande sosial angst. Det går blant anna fint å ha sosial angst i privatlivet, men samtidig legge dette fra seg når ein er i jobbmodus i f.eks. en butikkjobb. Det som kanskje er vanskeligast er å finne rette balansen mellom å utfordre deg utan at det blir for ubehageleg.
  9. Det kjem sikker ann på fargevalg og slikt, men min fyrste reaksjon hadde nok vært at dette er spesielt. Det sagt så er det forskjell på rosa neglelakk på lange negler, og svart neglelakk på korte negler slik som enkelte black metal miljøet kler seg. I tillegg tenker eg at det er litt forskjell om denne mannen berre bruker neglelakk og ellers vanleg herremote, eller om neglelakken inngår i ein meir gjennomført stil.
  10. Det runder vel både av inn i Kabelgata og fortsetter gjennom krysset? Kantstein blir ofte brukt til å tydeleggjere skillet men det må ikkje nødvendigvis være avmerka. Om vegen har eit fortau eller berre ei vegskulder blir då fort eit spørsmål om kva som er planlagt i prosjekteringa. Ideelt sett så skulle det sjølvsagt vært tydeleg merking både i vegbana og som skilt, men slik er det ikkje nødvendigvis.
  11. Betalingsviljen er nok ikkje god nok til at det er mogleg å gjere dette utover hobbybasis, så ein må uansett ha ein jobb. Ikkje berre konkurrerer ein mot KI som vist til, men ein konkurrerer også mot utanlandsk arbeidskraft som er villige til å gjere same jobben for langt mindre betaling.
  12. Synes vi har meir til felles med Japan enn mange andre land vi samanliknar oss med. Vi har vår eigen avart av slik høffligheit og kollektivisme med vår dugnadskultur og respekt for personleg rom.
  13. Alt er relativt. Ein 23 åring som har opplevd noko anna enn å gå på vidaregåande og sitte på gutterommet har i alle fall på enkelte områder meir livserfaring enn andre 23 åringar som har vært skjerma for det meste. Om ein gjennom å ha levd i 23 år og brukt litt narkotika har nok livserfaring til at ein er velegna til å stitte på Stortinget så er nok svaret klart nei.
  14. Intensjonen er avgjerande, men det er også det som er vanskelgast å bevise ettersom ein ikkje kan vite kva folk tenker. Om intensjonen var å drepe blir ei heilheitsvurdering, og ikkje minst blir det ei vurdering på kva tiltale ein kan ta ut og være rimeleg sikker på å få ei domfelling. Deretter blir det ei vurdering på om vedkommande hadde vilje og evne til å gjere alvor ut av eit ønske om å drepe. Drapstrusslar posta på sosiale nettverk vil typisk ikkje bli dømt som drapsforsøk fordi gjennomføringsevnen ikkje er til stades, det mest vanlege er at ein då blir dømt for skremmande og plagsom oppførsel.
×
×
  • Opprett ny...