Akkurat her har du eit poeng. Og Ukraina er hardt ramma fordi dei har for lite luftvern, samt at dei manglar vestlege kampfly. Tenk om Ukraina hadde vore like godt utrusta som det Israel var i møte med iranske missil. Då ville mange ukrainarar kunne sove trygt om natta, dagleglivet kunne gå sin gang utan å bli avbrote av luftvernsirener, ein ville få minimalt med skader på industri, infrastruktur, bustadblokker eller sjukehus. Det ville sjølvsagt også bli enklare å flytte produksjon av våpen og ammunisjon til Ukraina.
Russland på si side tykkjer eg ikkje synd i. Alt dei treng å gjere er å trekkje seg ut av Ukraina, så vil krigen vere over.