Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    7 057
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

14 067 profilvisninger

torbjornen sine prestasjoner

9,5k

Nettsamfunnsomdømme

2

Hjelpsomme svar

  1. https://www.nrk.no/norge/barth-eide-_lurt_-med-pa-anti-israel-bilde-pa-1.-mai-1.16871433 Slik kan ein gå fram for å sverte ein utanriksminister.
  2. Magyar er forresten også namnet på språket eller folkegruppa ungararar
  3. For min del er det største problemet at eg er næringsdrivande, og at rekneskapsføraren spør når skattemeldinga ikkje stemmer med årsoppgåva.
  4. Han har nokre poeng, men ein del av det han kjem med heng ikkje på greip.
  5. Så då meiner du vel også at motstansfolka i englandsfarten og dei som hjelpte dei langs norskekysten og sette sine eigne liv i fare dreiv ulovleg krig? Eller?
  6. Om du meiner at begge partar er like gode eller dårlege må du ha følgt svært dårleg med dei siste to åra. Når du skriv slikt avslører du kvar du sjølv står.
  7. Nei. Men det er viktig at folk følgjer med og rapporterer dersom dei ser mistenkeleg aktivitet.
  8. Hitler tok land etter land til han vart stansa av den raude arme. Er det nokon grunn til å tru at ikkje Putin vil prøve på det same dersom han ikkje blir stansa?
  9. Russarane bør vere forsiktige, for dette vil på eitt eller anna tidspunkt kunne utløyse artikkel 5.
  10. https://www.minmote.no/mote/a/0GPjJo/minstil-lucas-pinheiro-braathen https://www.aftenposten.no/sport/i/VPdL54/jeg-er-egentlig-ikke-saa-veldig-opptatt-av-mote Når eg ser menn med neglelakk tenkjer eg utvilsamt på ordet homo, men dette er kanskje mine eigne fordommar. Eg er elles glad i fargar, og tykkjer at fargerike negler er penare enn ringar i nasen og evt. andre stader på kroppen der dei ikkje "høyrer til". Men viktigast av alt: Alle har sin eigen stil, og mangfald er positivt. Ein skal ikkje dømme nokon for å vere utradisjonell. Og der nokon ser noko som er stygt vil andre sjå noko som er pent.
  11. I artikkelen om Latvia blir det nemnt at ei som er russar ikkje har høyrt om dei alternative russiske mediekanalane. Kan dei baltiske landa gjere noko for å kringkaste- eller utvide tilgangen til alternativ russiskspråkleg journalistikk i tillegg til f.eks. latvisk/baltisk journalistikk i område med stor andel russiskspråklege og/eller som ligg nær grensa mot Russland? Ein biverknad vil vere at også folk på den andre sida av grensa får tilgang til uavhengig journalistikk på eige morsmål som alternativ til propagandaen.
  12. Artikkel om Litauen og det utsette landområdet som skil Belarus og Kaliningrad. Landområdet blir kalla Suwalki-korridoren, og ein krig mellom Russland og NATO kan starte ved at russarane prøver å opprette ein landforbindelse her. https://www.nrk.no/urix/xl/datteren-pa-elleve-horte-fyrverkeri_-_pappa_-har-krigen-startet-na__-1.16863437 Også her blir tematikken rundt den russiske minoritetsbefolkninga nemnd. Desse vil vere ekstra utsette for påverknadsoperasjonar frå Russland. Og då står eg på det som eg allereie har sagt om Latvia, nemleg at det er viktig å behandle desse med respekt slik at ein har desse på "rett" side i ein eventuell konflikt. Håpet må vere at desse er like lojale mot Litauen som den russiskspråklege befolkninga i Kharkhiv er mot Ukraina.
  13. Religion var vel undertrykt i heile Sovjetunionen. Men der kommunistane skydde religion har Russland under Putin og Kirill brukt religion aktivt til propagandaføremål og hjernevask. Dette er eit godt eksempel på at ein ikkje utan vidare kan setje likheitsteikn mellom Sovjetunionen og eit nasjonalistisk-imperialistisk Russland.
  14. Utgangspunktet for tråden var at fri tilgang på pengar til ei kvar tid auka sjølve forbruket til trådstartar med x %. Så kjem rentene evt. på toppen av dette.
  15. Dette kan gjerast i Ukraina dersom Vesten syter for å støtte Ukraina nok til å få kontroll over heile landet og gjere slutt på krigen før det er gått for lang tid. Eg har derimot ikkje sansen for å sende bestemødre som har vore i Latvia nesten heile sitt liv til Russland mot sin vilje. Og dette gjeld iallefall dersom folk flytta fritt innanfor unionen utan at det låg ein spesifikk plan om russifisering bak. Her bør ein vise minoriteten respekt og få dei over på si side. Her kan ein også nemne Kharkhiv i Ukraina. Putin ville gjerne gje inntrykk av å "beskytte" befolkninga som i stor grad er russiskspråklege, men russarane greidde aldri å innta byen på grunn av stor motstand i befolkninga, som er lojale mot landet sitt, som er Ukraina. I Ukraina må ein skilje mellom russsisktalande som alltid har vore der, og russiske innvandrarar etter 2014/2022. I Latvia er det gått for lang tid, og den russiske minoriteten er ein naturleg del av befolkninga.
×
×
  • Opprett ny...