Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    6 975
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

13 968 profilvisninger

torbjornen sine prestasjoner

9,3k

Nettsamfunnsomdømme

2

Hjelpsomme svar

  1. Det måtte altså eit angrep på Israel til for å gjere dette.
  2. Det har vore to år med utmattande krig og terror, og dei mest erfarne soldatane og patriotane som melde seg som frivillige i starten av krigen er kanskje for det meste døde. Ukrainarane som er vant med friheit og demokrati er kanskje ikkje like villige til å kjempe til døden som zombie-soldatane frå Russland. Det er forståeleg. Ein vil jo helst leve og ha helsa i behald. Ukrainarane står ovanfor umogelege val, og mangel på ammunisjon og sviktande hjelp frå Vesten gjer ikkje situasjonen betre. Ein får håpe at støttepakken frå USA og auka støtte frå europeiske land kan virke motiverande, og at krigslukka kan snu.
  3. Ein får håpe at sjarmoffensiven lukkast, for det kan trengast: https://www.nrk.no/urix/unge-menn-holder-seg-hjemme.-redde-for-a-bli-tvangsvervet-1.16849279
  4. Det tyder vel like mykje på at russarane set inn alt dei har i eit forsøk på å vinne mest mogeleg terreng før innhaldet i hjelpepakken når fram til fronten.
  5. Det er tragisk at Biden og Sullivan held fram med å leggje avgrensningar på bruken av desse missila. Gjeld desse avgrensingane framleis? Det blir umogeleg å vinne ein krig utan at også Ukraina kan bombe mål inne i Russland. Kunne ikkje kongressen ha stilt som krav at Ukraina sjølv må kunne bestemme fritt korleis dei kan kjempe mot russarane på ein mest mogeleg effektiv måte?
  6. Som allereie nemnt her i tråden: https://www.nrk.no/urix/russisk-viseforsvarsminister-anklaget-for-grov-korrupsjon-1.16857229
  7. https://www.nrk.no/norge/biden-har-signert-tiktok-ultimatum_-selg-eller-bli-forbudt-i-usa-1.16856967
  8. Merkeleg sak. Er det born av russiskvennlege ukrainarar som skal til Russland?
  9. https://www.nrk.no/vestland/bergen-fringe-festival-2024-utsett-pa-ubestemt-tid-_-vil-droppa-kunstnar-ori-lenkinski-1.16856875 Kansellering av ulike årsaker er visst på moten for tida. Ein kunstfestival i Bergen er avlyst etter at ein kunstnar vart kansellert fordi ho bur i Israel. I haust var det snakk om kansellering av kunstnarar fordi dei var palestinarar. På den eine sida meiner eg at det blir feil å kansellere kunstnarar og kulturarbeidarar berre på grunn av nasjonalitet, statsborgarskap eller sterke følelsar kring terroraksjonar, pågåande krigar eller konfliktar som kunstnarane uansett ikkje har noko med eller kan lastast for. Dette inkluderer sjølvsagt også russarar. På den andre sida er det ugreit å sleppe til kunstnarar som opptrer som reine propagandistar eller talerøyr for regime eller terrororganisasjonar som gjer seg skuldige i krigsbrotsverk eller brot på folkeretten. Så blir spørsmålet kvar ein skal setje grensa, og temaet er kanskje så vanskeleg at det fortener ein eigen tråd. Mi meining er uansett at bergensarane i dette tilfellet har bomma kraftig.
  10. Ytringsfridom er aldri absolutt. Her er det snakk om oppfordring til sabotasje av forsvarsindustri i ei tid der Norge og Europa er trua av russisk ekspansjon. Igjen er det vel politikarane som, avhengig av sutuasjonen evt. må bestemme at slike ytringar skal vere straffbare.
×
×
  • Opprett ny...