Gå til innhold

Tips og triks i Gimp (Oppdatert 01/06-08)


Anbefalte innlegg

Denne tråden er inspirert av den tilsvarande tråden eg har laga for Photoshop. Det er ikkje like mange tips her, ettersom eg kan litt mindre om Gimp, men det vil sikkert kome til fleire etter kvart. Advarer om at noko av dette kan virke banalt og openbart.

 

NB! Noko av dette vil vere nytt i versjon 2.4 av Gimp, so oppgrader om de ikkje har gjort det.

 

Endre hurtigtastar

 

Eg tek dette fyrst, som eit eige hovudpunkt, fordi det vert nemnt opptil fleire gonger seinare i teksten.

 

Du kan definere hurtigtastar for so godt som alle funksjonar i Gimp, eller endre på eksisterande. Dette gjer ein ved å gå til Fil --> Tastatursnarveier i hovudvindauget til Gimp. Du endrer ein hurtigtast ved å klikke der hurtigtasten står (eller Deaktivert, om funksjonen ikkje har nokon hurtigtast), og so trykke på den/dei tastane du ha som hurtigtast.

 

Arbeide med lag

 

Gjere deler av JPG-bilete gjennomsiktige

Når ein opner eit JPG-bilete i Gimp vil det ikkje ha ein alfakanal, so om ein visker bort noko vil det berre verte kvitt, i staden for gjennomsiktig. Vil ein gjere noko gjennomsiktig, må ein fyrst leggje til ein alfakanal, ved å høgreklikke på laget og velge Legg til alfakanal.

 

For å lagre bilete med denne gjennomsiktigheita intakt, må ein lagre i eit format som støtter det. Skal biletet på nett, bruk PNG eller GIF. Skal du jobbe vidare med biletet, lagre i XCF.

 

Lage nye lag

  • Hurtigtasten for å lage nye lag er Ctrl + Shift + N. Ein vil då få opp ein dialogboks der ein kan velge kva laget skal vere fyllt med, namnet på laget og storleiken på laget.
  • Det er mogeleg å lage ein hurtigtast for å lage nytt lag utan dialogboks, då med dei siste innstillingane som vart brukt. Oppføringa ligg under Lag, og heiter layer-new-last-values (handlinga heiter Nytt lag).

Duplisere lag

Ved å trykke Ctrl + Shift + D vil ein lage ein kopi av det aktive laget.

 

Vise berre eitt lag.

Har du mange lag, og vil sjå korleis eitt av dei ser ut åleine, hald inne Shift og klikk på auget ved det laget. Då vil alle andre lag verte skjult. Klikk ein gong til, framleis med Shift, og laga vert synlege att.

 

Slå saman lag

I situasjonar der ein vil slå saman lag kan det vere kjekt å kunne nokre hurtigtastar:

  • Ctrl + E: Denne må du lage sjølv. Handlinga heiter Flett sammen nedover, og slår saman det aktive laget med det som er rett under. Ctrl + E høyrer eigentleg til ein annan funksjon, men eg tok den sidan eg er vane med den frå PS. Det er berre å velge ein annan, om du vil det.
  • Ctrl + M: Slår saman alle synlege lag til eitt lag.

Utvalg (selections)

 

Markere innhaldet i laget

I motsetnad til i PS er det er ingen rask måte å gjere dette på (som eg veit om). Det ein må gjere er å høgreklikke på laget og velge Alfa til utvalg. (Ein kan sjølvsagt lage ein hurtigtast ...)

 

Ein kan gjere det same med masker: Høgreklikk på laget og velg Maske til utvalg.

 

Ta vare på utvalg

Kanskje ikkje det mest brukte, men det vil sikkert vere anledningar der ein kunne tenkje seg å spare på eit område ein har markert. Dette kan ein enkelt gjere ved å gå til Velg --> Lagre til kanal. Ein kan hente dei fram att ved å gå til sjå i Kanaler-panelet, der dei vert lagt som alfakanalar. Høgreklikk for å laste eit utvalg, eventuelt leggje til/trekkje frå eit eksisterande utval.

 

Leggje til/trekkje frå utvalg

Når ein bruker dei ulike verktøya for å lage utvalg kan ein leggje til det eksisterande utvalget ved å halde inne shift (det vil kome eit lite plussteikn ved musepeikaren). For å trekkje frå utvalget held ein inne ctrl.

 

Midlertidig skjule utvalgssgrensa

Eller kva ein skal kalle det, den stipla linja som viser kva område som er markert (marching ants på engelsk). Har ein t.d. markert eit område for å kun justere det kan det vere greit å kunne sjå resultatet utan den grensa. Ved å trykke Ctrl + H (eventuelt Vis --> Utvalg) kan ein skjule denne.

 

Verktøy

 

Velge verktøy

Alle verktøya du ser i verktøyboksen har eigne hurtigtastar, til dømes P for pensel, R for rektangulær markering, F for lassoverktøyet og M for flytteverktøyet. Ved å lære seg desse vil ein mykje raskare kunne skifte mellom verktøy. Ein kan sjølvsagt endre alle desse om ein skulle ynskje det.

 

For å finne ut kva hurtigtast som høyrer til kvart, hald musa over verktøyet eit sekund, eller sjå i hurtigtastredigeringa.

 

Raskt velge farge utan å skifte verktøy

Dei fleste veit sikkert at ein kan bruke dråpeteljaren for å velge ein farge frå biletet. Noko alle kanskje ikkje er klar over, er at om ein bruker penselverktøya (iallfall vanleg pensel, blyant, luftpensel), kan ein aktivere dråpeteljaren midlertidig ved å halde inne Ctrl.

 

Endre framgrunnsfarge/bakgrunnsfarge

Om ein vil setje dei svart og kvit, er det berre å trykke D på tastaturet. For å byte om på dei to, er det berre å trykke X.

 

Hurtigtast for å auke/minke storleik og hardheit på pensel

Ofte vil det vere svært gunstig å kunne endre storleiken og/eller hardheita til penslar raskt. Dette er mogeleg, men fyrst må ein lage ein ny pensel (det vil seie, ein må ikkje for å endre storleik, Skaler-spaken fungerer for alle penslar, men det er like greit i mine auge). Metoden vil ikkje fungere på alle penslar. Ein kan ogso setje denne nye penselen til å vere standardpensel, so ein slepp å velge den kvar gong ein opner Gimp.

 

Steg 1 - Lage ny pensel

Opne penselpaletten ved å gå til Fil --> Menyer --> Pensler (eller ved å trykke Ctrl + Shift + B). Trykk på knappen for å lage ein ny pensel (nummer to frå venstre), velg den forma du vil ha, skriv eit namn og lukk dette vindauget. Den nye penselen vil no ha dukka opp blant dei andre penslane.

 

Steg 2 - Bestemme hurtigtastar

Gå til den kjende Fil --> Tastatursnarveier. Under Kontekst, vil de finne (i denne rekkjefølgja, men ikkje etter kvarandre) Decrease Hardness More, Increase Hardness More, Decrease Radius Relative og Increase Radius Relative. Dei to fyrste styrer hardheita til penselen - desse har eg satt til henholdsvis ' og * (begge er på same tast, til høgre for Æ). Grunnen til at eg bruker decrease/increase more, er at eg synst stega vart for små med berre Increase Hardness. Dei to andre styrer storleiken - radiusen - på penslane. Desse har eg satt til henholdsvis Ø og Æ.

 

Det er sjølvsagt fritt fram å bruke andre tastar.

 

Steg 3 - Definere standardpensel

Finn mappa .gimp-2.4 (2.4 viser til versjonsnummeret av Gimp, har du ein annan versjon vil talet vere tilsvarande) som i Vista ligg i c:\Users\<brukarnamn>. Reknar med den i XP ligg under C:\Documents and settings\<brukarnamn>, men skal ikkje seie det sikkert. Den vart laga fyrste gong du starta Gimp etter å ha installert det. I Ubuntu ligg den i heimemappa om eg ikkje hugser heilt feil.

 

I denne mappa vil du finne ei fil utan filending som heiter gimprc. Opne denne i notisblokka, eller tilsvarande. Mot slutten av dokumentet, før den siste #, legg du til følgjande:

(default-brush "namn på pensel")

Du må med andre ord vite kva namn du gav penselen. Hugser du ikkje dette, opne Gimp og velg penselen. Namnet står i feltet ved sida av penselvelgjaren.

 

Fjerne verktøy frå verktøyboksen

Om det er verktøy du aldri bruker kan du fjerne desse frå verktøyboksen, so det vert mindre «rot» der. Det gjer ein ved å gå til Fil --> Menyer --> Verktøy . Ein skjuler og viser verktøy på same måte som lag i lagpanelet – ved å klikke på auget ved sida av verktøyet.

 

Du kan ogso få fram nivåer, kurver og dei andre fargeverktøya i verktøyboksen i same dialogen. Dei ligg nederst i lista. Dei fungerer ved at når ein klikker i biletet får ein opp det valgte verktøyet.

 

Teikne rette linjer

Alle penselverktøya (eller snarare, alle verktøya som virker som ein pensel) lar ein teikne rette linjer ved å klikke ein gong, halde inne Shift, og klikke ein gong til, på ein annan stad.

 

Arbeidsflaten

 

Gjere arbeidsområdet betre

Det er eit par måtar å få betre plass på, som kan vere praktisk, spesielt om ein har ein skjerm med liten oppløysning i høve til biletet ein jobber på. To tastar er alt ein treng hugse: F11 og Tabulator-tasten (den rett over Caps Lock, på venstre sida av tastaturet). Tab skjuler alle vindauga med unnatak av biletvindauget. Trykk ein gong til på Tab for å få dei fram att.

 

F11 aktiverer fullskjermsvising (same som IE, Fx og Opera).

 

I tillegg kan ein om ein vil fjerne alle verktøylinjer frå biletvindauget med Vis-menyen: Menylinje, Statuslinje, Rullefelt og Linjaler. Då vil ein få betre plass. Menyane får ein tilgang til ved å høgreklikke på biletet, zooming og navigering er heller ikkje problem (sjå dei to neste punkta). Linjalane er det ein hurtigtast for, Ctrl + Shift + R, so den kan ein raskt vise og skjule skulle ein trenge innrettingslinjer.

 

Arbeide på bilete ein har zooma langt inn på

Om ein har zooma langt inn på eit bilete, kjem ein ofte i ein situasjon der ein må scrolle for å sjå kva ein skal arbeide på. Ved å trykke inn mellomromstasten aktiverer ein handverktøyet midlertidig, som lar ein dra biletet rundt. Når ein slepp tasten går ein attende til det verktøyet ein brukte før. Det fine med dette er at ein kan gjere dette sjølv om ein bruker det andre verktøyet.

 

Zoome inn og ut

  • Trykke på + (tasten med pluss- og spørjeteikn) og - (bindestrek/understrek)
  • Halde inne Ctrl, og vri på scrollehjulet på musa.

Arbeide med mange bilete samtidig

  • For å skifte mellom bilete kan du halde inne Alt og trykke tab. (Dette er jo som dei fleste veit standard i Windows, og gjer at ein kan skifte mellom alle opne vindauge, ikkje berre bileta i Gimp, men eg tek den no med likevel.)
  • For å lukke alle dei opne bileta på ein gong utan å lukke Gimp, trykk Ctrl + Shift + W.

Ymse

 

Raskt fylle med farge

Skal ein fylle eit lag, maske eller markering med framgrunns- eller bakgrunnsfargen, er det enklare å trykke henholdsvis Ctrl + , (komma) eller Ctrl + . (punktum), i staden for å velge malingbøtta og bruke den.

 

Fjerne den stipla linja rundt biletet

Som standard vil ein ha ei stipla linje rundt dokumentet. Ettersom dette minner for mykje om ei markering irriterte eg meg litt over den, og fann ut korleis eg skrudde den av: Ganske enkelt ved å gå til Vis --> Vis laggrense.

 

Få Save for web, tilsvarande Photoshop

Det finst mange plugins for Gimp, og ein av desse gjev ein omlag same funksjonalitet som Photoshop sin Save for web:

http://registry.gimp.org/node/33

 

Installasjon

XP/Vista: Gå til brukarmappa di. I Vista er det C:\Users\Brukarnamn, i XP er det vel C:\Documents and settings\Brukarnamn. Her vil det ligge ei skjult mappe som heiter .gimp-2.4, der tala tilsvarer versjonsnummeret til Gimp. I denne mappa ligg det mellom anna ei mappe som heiter plug-ins. Last ned ZIP-fila for windows, og pakk den ut til pluginsmappa.

 

GNU/Linux: Det ligg link til ei DEB-fil i den øvste kommentaren, eller so må ein kompilere. Sjå episode 47 av Meet the Gimp for video som viser installasjonsprosessen.

 

Bruk:

På Fil-menyen i biletvindauget vil du no ha eit punkt som heiter Save for web. Du vel format oppe til venstre, og komprimeringsgrad nedanfor. I den andre av dei to fanane der kan ein skalere biletet. Du kan beskjære biletet ved å dra i dei stipla linjene rundt biletet. Under biletet står storleiken fila vil få.

 

Du kan lage ein hurtigtast for denne om du vil. Fil --> Tastatursnarveier (i hovudvindauget til Gimp), under Programtillegg. Eg satte den til same som i PS, Ctrl + Alt + Shift + S.

 

 

Endringslogg:

  • La til punkt om å definere standard pensel, som eit tredje steg i avsnittet om å definere hurtigtastar for penslar.
  • Flytta punkt om å midlertidig aktivere fargeveljaren til Verktøy-delen.
  • La til punkt om å zoome med scrollhjulet.
  • Omsette menyreferansar til norsk.
  • La til punkt under Verktøy om å fjerne verktøy frå verktøyboksen.
  • La til eit avsnitt under punktet om å gjere arbeidsområdet betre.
  • La til punkt om å skjule utvalg.
  • La til punkt om å teikne rette linjer.
  • Endra Decrease/Increase brush size More til Decrease/Increase brush size Relative
  • La til ein liten parentes om at Skaler-spaken fungerer for alle penslar.
  • La til Save for web.
Endret av Torbjørn T.
Lenke til kommentar
  • 4 måneder senere...
Videoannonse
Annonse
  • 5 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...