Gå til innhold

GUIDE: Få Windows-fontar rendra som i Windows


Anbefalte innlegg

Her er ein guide på korleis ein kan få Windows-fontar som Verdana, Arial osv rendra slik som i Windows, i Linux (X). Eg har brukt Slackware og kan ikkje garantere at det fungerar på andre distroar utan vidare. Dette gjer du på eigen risiko!

 

Eg vil ikkje forklare her korleis du legg inn fontar du vil bruke. Reknar med du har dei inne (alltid lurt å ha Windows-fontane inne då mange websider osv bruker dei).

 

Det heile går ut på å skru på BYTECODE INTERPRETER i Freetype. Det er skrudd av som standard på grunn av patentar. Debian er ein distro eg veit har det skrudd på som standard, men ellers er det vel av.

 

Her er to screenshots som døme (bytecode interpreter er skrudd på i begge, men det eine bruker Windows-fontar):

 

Screenshot 1 (Bitstream Vera Sans, har ikkje så god rendring)

Screenshot 2 (Arial, Windows-rendring)

 

Eg syns i alle fall screenshot 2 er mykje meir behageleg.

 

For å få slike fontar, gjer du dette (som root):

 

wget http://heanet.dl.sourceforge.net/sourceforge/freetype/freetype-2.1.9.tar.bz2
tar -jxvf freetype-2.1.9.tar.bz2
cd freetype-2.1.9
pico include/freetype/config/ftoption.h

Finn denne linja:
/* #define  TT_CONFIG_OPTION_BYTECODE_INTERPRETER */

Endre slik at den er slik:
#define  TT_CONFIG_OPTION_BYTECODE_INTERPRETER

./configure --prefix=/usr
make
make install
ldconfig

 

No skal TrueType fontar rendrast betre. I GNOME må du gjere slik for å få fontane korrekte:

 

Screenshot

 

I KDE bør du behalde anti-aliasing på, men du må eksludere størrelse 0-14.

Endret av objorkum
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Og her er mitt screenshot av denne tråden:

 

http://home.no.net/objorkum/div/freetype-hw.png

 

Jaja, det er vel smak og behag, men eg synest det er mykje betre slik.

 

Anti-aliasing er jo berre ein metode for å få fontar som eigentleg ser stygge ut (i eindel størrelsar) til å sjå fine ut. Synes det er betre at fontane er slik dei skal vere (dvs utan anti-aliasing).

 

Menmen, det var no berre ein guide eg skreiv for at folk som vil ha det slik, kan få det slik. Kan ikkje rekne med alle er einige i det som skal skje, men håpar at guiden var god.

Endret av objorkum
Lenke til kommentar
  • 4 uker senere...
No skal TrueType fontar rendrast betre. I GNOME må du gjere slik for å få fontane korrekte:

 

Screenshot

 

I KDE bør du behalde anti-aliasing på, men du må eksludere størrelse 0-14.

glimrende guide dette.

klarte det nesten selv hehe

alt gikk greit helt til jeg skulle velge arial som font.

Da var den bare ikke der.

Noen tips her ?

kjører ubuntu 5.04

Lenke til kommentar
No skal TrueType fontar rendrast betre. I GNOME må du gjere slik for å få fontane korrekte:

 

Screenshot

 

I KDE bør du behalde anti-aliasing på, men du må eksludere størrelse 0-14.

glimrende guide dette.

klarte det nesten selv hehe

alt gikk greit helt til jeg skulle velge arial som font.

Da var den bare ikke der.

Noen tips her ?

kjører ubuntu 5.04

Hvis du ikke allerede har gjort det, legg til ekstra kilder og kjør:

 

sudo apt-get install msttcorefonts

Lenke til kommentar

ÆÆæææsj objorkum! Kva er dette for noko tull!? Windows har forferdeleg

rendering av fonter! Bitstream Vera er såvisst mykje herlegare å sjå på og

lese.. -- Men så liker jo eg betre å lese på papir enn på ekkel skjerm, mykje

av forskjellen ligg nok der.

 

Eg har lik font-rendering som olear, slik skal det vere :) Ein skal ikkje sjå

pixlane på same måte som ein gjer med ekkel windows-rendering. Neinei..

 

Hm. Vel. Så liker me forskjellig då. Men akk så herlig at linux har god

fontrendering seier no eg :) Og for all del; denne tråden burde ikkje vere

sticky - men få guiden inn i linuxguiden -- Isolert sett var guiden bra, eg

forstår berre ikkje kvifor folk utsett seg for slike lidelser på skjermen :]

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...