Jump to content

Velmont

Medlemmer
  • Content Count

    2532
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

4 :)

About Velmont

  • Birthday 12/06/1986

Profile Information

  • Kjønn
    Mann
  1. Eg er ein av desse nye elbileigarane. Bur på Grünerløkka. Eg synast det held med dei ladarane som er her, iallfall om dei får oppgradert dei siste gamle ladarane (som dei held på med). Det kjenst feil ut å ta so mykje plass i gata med bilen vår, so me har no byrja betala for garasjeplass. Òg fordi han står litt tryggare der, og originalt fordi det før var vanskeleg å finna gateparkering. Men no med betalt bebuarparkering (? - diverre gratis for elbil, som eg ikkje var klar over) so er det veldig lett å få plass rett utfor. Byrådet har gjort absolutt det eg tykkjer er best for byen og oss som bur her: fjern bilane, lag sykkelfelt, lag stader der folk har lyst å ferdast og hengja. By for menneske ikkje bilar. La heller oss som har bil betala for det, og finna oss kjellerparkering eller annan plass å putta bilen som for vår del vert brukt til lengre turar og i helgene.
  2. Eg hadde netsida mi på nynorsk fyrr eg turte å ganga yver sjølv. Det er morosam lesnad i dag! Eg startar gjerne på noko som ser ut som tullenynorsk (men eg prøver!) og so kjem litt dialekt her og der, med ein god del bokmål ispedd. Vert eg litt for engasjert i teksten, so vert det plutseleg eit par avsnitt med bokmål. Det var jo framleis bruksspråket mitt på den tidi (2003-2005), og eg var ikkje van med å tenkja med nynorsk stemme (slik eg gjer no).
  3. Hm, eg tykkjer det er sers mykje 2032-aktig med nynorsken. Ei framtid der ein endelegt hev funne fram til det rette riksmålet. Jeg bare lurer, man kan vel ikke skrive "hev" istedenfor "har"? Finner ikke noe om det i ordlista på http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html Høgnorsken er ei herleg privat norm. Det finst ingen krav um at me må fylgja staten sitt språk. Sidan dei prøvde å øydeleggja nynorsken med samnorsken, der dei gjorde han ekstremt laus, so samla nokon av oss seg um ein stramare norm. Det er faktisk den nynorske normi som hev flest brukarar. Altso alt flest folk segjer «eg skriv denne normi». Eg kjenner eigentleg ikkje til nokre andre strame nynorsknormer. Eg byter lett til ei anna norm dersom det kjem ei som er stram og konsekvent og vil verta utbreidd, men framlegget til denne nye nemndi er verkeleg heilt bak mål. Det opnar for mykje større rot i den vanlege nynorsken. Dei tek inn mange av sideformene til hovudformer, og gjer dimed den «brukte» nynorsken mykje vidare. Etter det so fjerner dei nokon små, sære, aldri-brukte ord. Kva vert resultatet? Rot. Eg ynskjer å skriva etter ei stram norm, helst regelrett og konsekvent. Difor likar eg høgnorsken, men eg er ikkje noko stort språkmenneske. Eg hadde gjerne sett at me hadde fengje ei norm som var stram og fylgjerett. Det er nok diverre lite truleg at høgnorsken fær større fotfeste enn han allereide hev (men likevel, det er høgst sannsynleg den private formi med flest brukarar(!)). Eg liker godt høgnorsken med tanken um at stramt, regelrett og fylgjestrengt er bra. Eg meiner det gjer han til eit enklare språk å læra og skriva. Men altso, hadde me fengje ei nedskjært, stram norm som eg pratar um (og som me vart lova!) so hadde eg glatt byta på dagen. For felleskapen
  4. Jao. Dei fleste nynorskingane eg kjenner er jenter i 20-års-alderen. Ikkje akkurat so veldig skjeggete. Kjenner ikkje so mange skjeggete nynorskingar utanom meg sjølv. :-)
  5. Ja, no er det vel fleire år sidan sist eg skreiv noko på diskusjon.no Det ser faktisk ut som at alle i denne tråden hev vorte medlem etter eg slutta å vera aktiv :-) diskusjon.no er litt interessant for min del, av di eg skreiv bokmål heilt til halvvegs inn i VG3. Eg hadde vore aktiv på diskusjon.no lengje då, og såg opp til dei som skreiv nynorsk. Hang mest i GNU/Linux-kategorien (som vart teken vekk, det var då eg slutta), og der skreiv dei flinkaste folki nynorsk. Eg bytte til nynorsk dagen etter eg kom yver ei tilfeldig netside der det stod; på VGS kann du velja kva språk du vil skriva, og det hev ingenting å segja for karakteren din, han vert utrekna slik (hovudmål pluss sidemål delt på 2). So eg bytte, og gjekk frå 3-ar i nynorsk til 5 på ein månad. Ganske enkelt av di eg berre byrja skriva det på fritidi (og her på diskusjon.no, eller hardware.no-forumet som det vel heitte då). Då eg gjekk ut fekk eg ein haug 6-arar i norsk. Lærarinna mi hadde ingen tru på at det var lurt for meg å byta av di eg var so dårleg. Dessutan var det ein rein bokmålsskule midt i Stavanger og administrasjonen måtte då plutseleg laga nynorske parallellutgåver av uppgåvene Moro å sjå at nynorsken held stand her framleis :-)
  6. Me hev framleis ikkje fengje dette til. Prøvd i lang, lang tid, fleire månadar. No byrjar det verta heilt idiotisk å betala for datatrafikk som ikkje fungerer. Kva skjer? Fekk du det til?
  7. Kor mykje betalte du? Å leiga bil kostar ekstremt mykje, elder, vel, mykje dyrare i Noreg - men likevel. Me skal vera i USA (vestkysten) i 60 dagar no. Leigebil for heile turen vil kosta 16000, og det er utan all form for forsikring. So der me eigentleg tenkte å leiga bil/bruka bil til det meste, so vert det nok veldig mykje mindre. Meir Greyhound-bussar. Men me må nok prøva oss på ein eller tvo køyreturar, men for oss er det viktugaste pris. Kann berre gjera so-og-so mykje på studielånet, det er ikkje ubegrensa Forsikringane er spesielt irriterande. Båe vanleg reiseforsikring, men òg bilforsikring. Vandt å få oversikt o.l. Ser ut til at Travelguard er det beste etter eg hev brukt tallause timar på å finna utav reiseforsikring. Fristar stort å berre vera jysla forsiktig. Me hev jo aldri i 23 år gjort noko skade som ei forsikring ville dekkja oss for likevel. Vondt å sitja med 1.000.000 i erstatningsandsvar, men det skjer jo utruleg sjeldan. Skumle greier iallfall.
  8. So... Korleis er han? Eg lurer på um eg skal kaupa denne til ei veninna eg hjelper med å skaffa ny maskin.
  9. Ja, hev du kaupt han no? Ser ut til at denne personen veit noko: https://www.diskusjon.no/index.php?s=hardware.no&showtopic=1131506
  10. Det gjeng jo ann å laga ein proxy screenscraper som gjer arbeidet. Burde ikkje vera særleg vandskeleg. Eg hev sjølv gjort det for tenester som ikkje hev API. Skriver ein proxy på min eigen tenar, den skraper og sender informasjonen til mobiltelefonen min.
  11. Eg lurer òg. Eg vil hava bilen, men ikkje sjåføren som berre vil køyra meg til plassar Microsoft synast er OK (DRM og Trusted Computing).
  12. Fær ikkje sett han. Fær denne feilmeldingi: Som er rart iom. at eg er frå Stavanger og synast å hugsa at det låg i same land som Oslo der eg bur no...
  13. No fekk eg So, eg gjev upp for no... Fær prøva meg i utlandet elder meir seinare. Elder kaupa av nokon andre for innkaupspris.
  14. Eg k om inn endå ein gong - då stod det der tryggleikstullet der (som ikkje var der tidlegare), fekk logga inn og søkt på ACDC og gjekk til billettinging. Men der heng det og kjem i ventekø att... Forresten, eg brukte tvo fanar. Er det slik at me som fær tryggleiksmeldingi er utolmodige og opnar fleire vindauga?
  15. Eg hev vore inne på den der sida der dei viser biletter so mange gongar no. Men han heng på "behandler" og fær den helvettes internal server error. Det er alt for mange brukarar. BAH. Eg prata med folk utanfor Spektrum i går kveld, koseleg -- men eg hev fengje forl lite svevn heile helgi, kunne ikkje sova ute. No vert kjærasten leid seg, ho pratar um ACDC kvar annan dag og vart i hundre då ho høyrde at dei skulle ha konsertar - so vart ho i hundre då dei kom til Noreg. Menmen, me fær prøva å skaffa billettar i utlandet.
×
×
  • Create New...