Gå til innhold

Hevder solceller mellom jernbaneskinnene kan gi like mye energi som fem atomkraftverk. Norske eksperter er skeptiske


Anbefalte innlegg

Det er vel ikkje så store synergieffekter å hente på å desentralisere sol-kraft? All straumen må jo nødvendigvis transporterast tilbake til "sivilisasjonen" for å kunne brukast. Mesteparten av jernbanenettet manglar uansett infrastrukturen i form av straumledningar, så skal ein ha solceller her så må jernbanen byggast ut.
Sjølv ved masseproduksjon av slike solcellepanel så kjem ein nok ikkje unna at det blir kostbart og lite effektivt å skulle montere solceller over ei strekning på mange mil, særleg med tanke på at i Norge så er det fyrst og fremst arbeidstida som er den største økonomiske investeringa, ikkje sjølve teknologien.

Andre ulempar med å ha solceller i jernbanesporet i tillegg til det som har blitt nevnt om snø/pollen/støv samt vibrasjonar og knusing er at vedlikeholdsbehovet totalt sett vil auke kraftig. Skal ein både inspisere og vedlikehalde jernbanespor og solcelleanlegg så betyr det at jernebanelinja må holde stengt mykje oftare for å utføre dette arbeidet.

Og for å ikkje svartmale totalt, dette kan sjølvsagt være eit aktuelt tiltak når vi går tom for andre stadar å montere solceller. Det gir marginalt meir meining å legge solceller i sporet enn å legge ut solcellepanel oppe på høgfjellet der det ikkje finnes verken veg eller bane frå før.
 

Inntil vidare så er nok solcellepanel i jernabane og langs vegane mest aktuelt der solcellepanelet saman med eit batteri og eit gatelys kan fungere som eit frittståande lyspunkt for å lyse opp strekningar og områder som per i dag manglar belysning fordi det ligg for langt frå nærmaste straumnett til at det er realistisk å strekke kabel. Sjølv om det fortsatt blir veldig kostbart å lyssette heile jernbanelinja så kan det være ein billegare måte å sette lys på utsatte punkt som kryssingspunkt, kurver, og liknande.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...