Gå til innhold

Anbefaling: Ukjent, men genialt spel på GOG.com


Anbefalte innlegg

Hei,

 

eg vil berre raskt få dele mi begeistring og entusiasme for eit eldre spel eg oppdaga for første gong i dag: King of Dragon Pass har no komt ut på GOG.com, med ein prislapp på $6. Det er relativt sjeldan at eg kjøper ting på GOG med ein gong dei kjem ut, men denne gongen tok nyskjerrigheita overhand, for i tillegg til å vere eit spel eg aldri hadde høyrt om, såg det veldig originalt og interessant ut.

 

Og instinkta mine viste seg å vere gode, for dette ser so langt ut til å vere ei perle av originalitet. Sjølv om eg aldri hadde spelt spelet før, tok det meg på ein måte med til gode gamle dagar, då eg kunne starte opp eit spel, og ikkje ha noko aning om akkurat kva det var eller korleis eg skulle spele det. For eg har nemleg aldri spelt noko liknande. Om ein må slenge ein merkelapp på det, er det i hovudsak eit slags turbasert strategi-spel, men fokus er på historiefortelling, og det er ikkje som noko anna strategispel eg har prøvd. Opplegget er at du skal styre ein klan i ei magisk verd.

 

Eg har dessverre ikkje tid til å skrive so mykje meir no, men for dei som er interesserte i strategi/rollespel, eller er på leiting etter noko utanom det vanlege, anbefalar eg å ta ein titt.

 

e6969c10b6ef8eee34c9415c53d144e113076f0a.jpg

 

 

 

 

6884ff34feb5125557687a940e34405b3d1b3f2d.jpg

 

Kay

Endret av KayAU
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Har vært interessert i dette siden gamer skrev om det (eller noe lignende) i en eller annen nettbrett artikkel. Som de fleste andre her prøver jeg å modere meg litt på gog for tiden, og har i utgangspunktet tenkt å vente på et evt tilbud. Spillet står meget høyt på lista sammen med theme hospital og anachronox.

Endret av Wrathmont
Lenke til kommentar

Eg har no spelt spelet kvar dag sidan eg kjøpte det, og har byrja å forstå meir korleis ting heng saman. Begeistringa mi har på ingen måte minka, for her er det ei djupne som fortsetter å gi spelaren nye ting. :) Eg kunne no ha skrive meir om korleis spelet fungerar, men eg trur kanskje det er betre at folk får oppdage det sjølv, slik eg har gjort. La meg berre seie at her er det ei rik verd å bli kjent med.

 

Det er ingen vits i å kjøpe spel til fullpris frå GOG før ein har tid til å spele dei, sidan dei kan komme på tilbod seinare, men dersom de har tid, er dette ingen dårleg måte å bruke knappe 35 kroner på. ;)

 

Kay

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...