Gå til innhold

Ny rimeleg(maks 1500) robust mobil med bra batteri?


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Kjøpte i sommar ein ny mobil i form av ein Sony Ericsson J801i, som er ein mobil av den "gamle" typen. Er vel ganske reaksjonær av meg og ville helst ikkje ha touch mobil ;)

Ei heller er eg særleg teknisk av meg, så den absolutt nyaste teknologien ser eg ikkje behov for :-p

 

Historiefortelling til side, så har denne mobilen frå første stund ikkje fungert 100 % slik at eg nok blir nødt til å skaffe ein annan.

Då kan det kanskje vere like greit å ta eit steg inn i framtida og satse på ein mobil av den "nyare" typen? :-p

 

Som sagt ser eg ikkje vitsen med å bruke fleirfoldige tusen på ein mobil som har det absolutt nyaste inkludert. Det viktigaste, for utan pris er:

 

-bra batteritid

-robust storleik (dvs helst liten vekt)

-Greit å komme seg på nett, men trenger ein wi-fi? Kjekt å ha, men kor fordyrande er det?

-GPS hadde vore veldig praktisk

-Brukbar fart, men skal vel overleve om eit program bruker 10 sek på å starte ;)

 

Truleg viser innlegget mitt at eg ikkje har den fjernaste peiling på slike ting :)

 

Har sett på nokre modellar, t.d. ZTE Blade, LG P500 og Nokia 5230, men det blir fort ein jungel.

 

Ein ting som er sikkert er at Apple er uaktuelt.

 

Nokon som gidder å engasjere seg? :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du sier du ikke vil ha en touch telefon, men sier du har sett på 3 touch mobiler?

 

 

Om du ikke skal ha touch bør du se på Samsung Xcover serien som er meget robuste og har meget bra batteri.

Du har også Nokia 3720 som også er robust, men ikke like bra batteri.

 

 

Problemet med disse er at de ikke går under kategorien "smart telefon" så de er ikke egnet for brukt på nett etc men funker like bra som din nåværende mobil.

 

 

Håper dette hjelper :)

Lenke til kommentar

Hei :)

 

Det er mogleg at det eg skreiv var utydeleg eller dårleg formulert, men det eg ville fram til var at touch tidlegare ikkje var interessant, men at det no kanskje er på tide å legge vekk sånne synspunkt...

 

Skal uansett sjekke ut modellane du nemnte, med var altså ute etter såkalla "smarttelefonar".

Takk for tips :)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...