Gå til innhold

Sommerjobb på dynga/søppelplassen


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Som sommerjobb er det ingen spesifike krav, sjølv om det å være over 18 år er ein fordel sidan du skal jobbe med maskinelt utstyr.

Nå kjenner eg ikkje til korleis det er i alle renovasjonbyrå men der eg hadde sommerjobb ein gong i tida var det ingen parkeringsdirigering eller veilednings oppgåver.

 

Der var det to arbeidsoppgåver som det blir veksla mellom frå veke til veke. Den første var innsamling på bil. Då var arbeidsoppgåva enkelt å greit å stå bakpå bilen og hente søppelet ved hvert stopp. (Dersom det var behov for å kjøyre lengre avstandar eller kjøyre raskare en 30 km/t måtte du inn i bilen og sette deg).

Den andre oppgåva var søppelsortering av plast og/eller papiravfall. Dette er ein forholdsvis monotom arbeidsoppgåve sidan du stort sett står ved eit samleband heile dagen. Men om ikkje anna får du sjå kor mykje rart det er folk kaster.

Ein viktig ting eg har lært er at dersom du skal kaste noke som du ikkje vil at andre skal sjå så må du for all del ikkje kaste det i resirkuleringskassa. Alt som havner der blir manuelt gjennomgått.

 

Når det gjeld dette med lukt så er ikkje det så ille, ein del avfall lukter men dette er ikkje lukt som setter seg i klær og hår på samme måte som f.eks fjøslukt.

Når du sorterer er det fast rutine at du ikkje roter borti noke som lukter, dersom det kjem opp noke som ikkje er reint papp/papir eller plast lar du det berre passere forbi deg på samlebandet. Det samme gjer du dersom du oppdager noke som kan være potensielt sett farlig som f.eks glasskår, metall og rotter :whistle:

 

Når du er ute på bil kan du oppleve at noke lukter, men då har du supersterk luktnøytralisering tilgjengelig som du kan spray på dersom det skulle være nødvendig.

 

Ellers så dusjer du etter at du er ferdig på jobb så då skal du ikkje lukte søppel når du drar heim etter endt arbeidsdag.

 

 

Når det gjelder dette med kor interesangt det er å jobbe i renovasjonen så er vel dette induvidelt, men for min del var dette ein sommerjobb og ikkje noke meir en det.

Men for all del det er heilt greit, er mange værre sommerjobber å finne tak i.

Fokuset er som oftest at du ikkje skal bli eksponert for noke som er potensielt farlig (som f,eks biologiske ting som råtner eller skarpe gjenstandar).

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...