Gå til innhold

Nynorsk-tråden! Laust og fast på/om nynorsk.


Alliha

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Bokmål er hovudmålet mitt. Eg skriv sidemålet mitt nesten like lett, eller det liker eg i alle høve å fortelje meg sjølv, men no las eg eit dikt eg har vanskar med å forstå. Det er ikkje det språklege eg slit med, men eg forstår ikkje kva diktet handlar om. Kan hende eg kan be om litt hjelp?

 

Eg er sorg og glede av Tor Jonsson

 

Skap meg ikkje om med skugge.

Eg vil vera den eg vart.

Eg er sorg i kvite klede,

eg er gleda kledd i svart.

 

Skap meg ikkje om med glede.

Eg vart den eg ville bli:

Konge i eit ukjent rike,

slave i mi eiga tid.

Lenke til kommentar

Jeg er veldig dårlig i Nynorsk så velger å skrive på bokmål.

Men jeg lurte på noe, har skrevet dette i snedige ting du lurer på men fikk ingen respons så tar den her:

 

Finnes det et miniprogram til skrivebordet på pcn eller en app til iPod som viser en eller flere nynorske ord og hva de betyr som endrer seg fra dag til dag?

 

Noe ala word of the day bare på nynorsk.

 

Er godt mulig at det ikke finnes men det hadde vært lurt :)

Lenke til kommentar

Eg har kome til å byrja å tenkje på kven eg er, sånn reint kulturelt sett og fann da dette med eldre historie og målføre ekstra interessant. Ikkje berre for Noreg, men også for andre land. Eg vil ikkje akkuratt sei eg er ein kløppar på språk, men eg har lyst til å lære meg fleire. Så kom eg inn på emnet bokmål og nynorsk som skriftmål, og byrja å tenkje på kvifor eg nyttar bokmål og ikkje nynorsk? Er verkeleg dialekta mi nærmare bokmål en nynorsk? Vil det ikkje vere "falskt" å bytte skriftmål når eg har skrivi bokmål i alle desse åra?

 

Når eg tenkjer meg om vil eg sei nei. Eg endrar jo ikkje på talemålet mitt til noko falskt konstruert. For eg tør å påstå at det er svært få som snakkar slik ein skriv. Eg har jo óg ætt i "nynorsken si heimstad" Vest-Telemark. Ein anna litt morosam konsekvens om eg gjeng over til nynorsk er at eg vil få eit mer seriøst preg :p Ikkje spør meg kvifor, men eg sjår på alle som nyttar nynorsk som meir seriøse en bokmålbrukerar. Og for å ikkje snakke om kor mykje vakrare det er, blir nesten poetisk uansett kva du skriv.

 

Berre mine 0.05 dalar.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Bra du seier: veldig få som snakkar som dei skriv. Der kjem normering av skriftspråk inn i biletet, som ein til dømes kan høyre i nyheitane. Dessverre slik at dei som faktsik nyttar dialekta si offentleg, som nyheitsoppleserar og liknande, blir utsett for urettferdig mykje pepper.

Ikkje at dette eigentleg har noko med "Nynorsk" emnet å gjera, men når me fyrst var inne på det med dialekt.

Lenke til kommentar

Ser, ikkje sjår. :p Men det er veldig få som faktisk snakkar slik dei skriv. Og dette er eit av slagorda for målungdom/mållaget: "Tal dialekt, skriv nynorsk". :)

Ikkje verst at eg i det heile skreiv såpass med minimal hjelp frå ordliste at det einaste du pirka på var "sjår" :p.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

http://www.youtube.com/watch?v=62Xgnx0oy-Q

 

 

Har hatt denne på hovudet i heile dag, prøvar å finne ut kva han seier men det er jo heilt umuleg.

 

Ang. dialekt så kan det hende det snik seg inn eit par fyfy ord mens eg skriv nynorsk. Hadde forøvrig nynorskprøve i forrige veke som me fekk igjen i forgårs, sidekameraten skreiv 4 sider mens eg skreiv ein side. Han fekk 1 i karakter mens eg fekk 4 og eg skrev ei side og kunne telle grammatiske feil på ei hand. :p

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Ja, no er det vel fleire år sidan sist eg skreiv noko på diskusjon.no

 

Det ser faktisk ut som at alle i denne tråden hev vorte medlem etter eg slutta å vera aktiv :-)

 

diskusjon.no er litt interessant for min del, av di eg skreiv bokmål heilt til halvvegs inn i VG3. Eg hadde vore aktiv på diskusjon.no lengje då, og såg opp til dei som skreiv nynorsk. Hang mest i GNU/Linux-kategorien (som vart teken vekk, det var då eg slutta), og der skreiv dei flinkaste folki nynorsk.

 

Eg bytte til nynorsk dagen etter eg kom yver ei tilfeldig netside der det stod;

 

  1. på VGS kann du velja kva språk du vil skriva, og
  2. det hev ingenting å segja for karakteren din, han vert utrekna slik (hovudmål pluss sidemål delt på 2).

 

So eg bytte, og gjekk frå 3-ar i nynorsk til 5 på ein månad. Ganske enkelt av di eg berre byrja skriva det på fritidi (og her på diskusjon.no, eller hardware.no-forumet som det vel heitte då). Då eg gjekk ut fekk eg ein haug 6-arar i norsk. Lærarinna mi hadde ingen tru på at det var lurt for meg å byta av di eg var so dårleg. Dessutan var det ein rein bokmålsskule midt i Stavanger og administrasjonen måtte då plutseleg laga nynorske parallellutgåver av uppgåvene :p

 

 

Moro å sjå at nynorsken held stand her framleis :-)

Endret av Velmont
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Haha, kjekk historie! :wee:

Går sjølv på vgs midt i Stavanger (St. Olav), og me er to stykk som skriv nynorsk i klassen! :!:

Men det går stort sett greit, utanom læraren vår som ikkje klare å skilje mellom bruken av orda "sidemål" og "nynorsk".

Frykteleg irriterande.

"Ja, denne teksten er skreve på sidemål."

"På torsdag skal me ha prøve i nynorsk." :)

D: Grrr.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Eg går på VGS i Lillestrøm. Får mange kommentarer på dialekta mi sidan eg opprinneleg er frå Ytre Sogn. Kun eg i klassa som skriv nynorsk. Elsker å forvirre dei i klassen med sognedialekt, haha! Men eg skriv akkurat som det passer meg, men det blir mykje bokmål på diskusjon.no. Viktig å kunne begge skriftspråka godt. :)

Lenke til kommentar

Forresten, apropos dialekt, kan eg skrive "eg meiner på at xxxx"?

Eg seie det ofte, men er usikker på om det er eit faktisk uttrykk. :p

 

Eg meiner på at du ikkje kan det. ;)

 

Det høyres dårleg ut i mine øyre. Eit anna vanleg uttrykk eg irriterar meg over er "eg blir å...", når det du meiner er "eg skal..." eller "eg har tenkt å...", kva har "blir" med dette å gjere? Eg trudde det var eit dialektfenomen, men høyrer det plutseleg frå alle kantar av landet, og ser mange skrive det.

 

RastaXP: Må skuffe deg. Toppen 5 dagar her, og sjeldan meir enn 2.

Lenke til kommentar

Det kjem nok frå gamalnorske «ég verð að ...» («eg vert/blir å ...») og/eller tyske «ich werde ...».

 

Ganske usikker på om dette eigentleg er feil språkbruk på norsk idag eller ikkje, men eg synest det høyrest ganske snodig ut, både munnleg og skriftleg.

Lenke til kommentar

Må si det er noe 70-talls over hele nynorsken. Ser for meg at de fleste som skriver nynorsk har mye skjeggvekst.

 

Hm, eg tykkjer det er sers mykje 2032-aktig med nynorsken. Ei framtid der ein endelegt hev funne fram til det rette riksmålet. :love:

Endret av Anarkhos
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Må si det er noe 70-talls over hele nynorsken. Ser for meg at de fleste som skriver nynorsk har mye skjeggvekst.

 

Hm, eg tykkjer det er sers mykje 2032-aktig med nynorsken. Ei framtid der ein endelegt hev funne fram til det rette riksmålet. :love:

Jeg bare lurer, man kan vel ikke skrive "hev" istedenfor "har"? Finner ikke noe om det i ordlista på http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...