Gå til innhold

Breidablik's logg - Core 2 Duo og Celeron på tørris!


Anbefalte innlegg

Hei! :)

 

Jepp, så var det på tide å prøve seg på tørrisklokking. Eg har drive med overklokking ein god del frå før, men den heftigaste kjølinga eg har brukt så langt er vasskjøling, og det tenkte eg då å gjere noko med. Eg driv for tida å oppgraderer frå LGA775 til 1366 i main-PCen, så eg tenkte eg like gjerne kunne klokke i hjel det gamle.

 

Det er då i utgangspunktet snakk om ein E8400, eit Asus P5Q Pro og 4 Gb OCZ PC2-8500 Reaper HPC, men sidan eg skulle bestille nytt utstyr likevel heiv eg med ein Intel Celeron 430 i handlekorga i tillegg, så det blir nok litt old-school-klokking også. ;)

 

Eg kjøpte heilt nyleg tørris-potten til tharshan (aka "Gubben"), og var i dag ein tur innom Tess for å spørje om bestilling av tørris. Det gjekk uventa enkelt og greitt. Dei sa dei kunne bestille til torsdagar, så dersom eg var interessert kunne eg berre komme innom. Eg tenkte då å vente til det nye oppsettet pluss celeronen kom før eg bestilte, så det blir mest sannsynleg gjort neste veke.

 

Eg kjem til å bruke denne tråden som ein slags logg for gjennomføring, resultat og spørsmål ang. tørris osv. :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det har vel strengt tatt ikkje eg heller. Eg har heilt nyleg investert litt over 5 500,- på nytt HK, CPU og RAM (* clicky *), 2 500,- på 26", litt over 3000,- på vasskjøling og no 2 000,- på dice-potten...

 

Om ein ikkje har råd tar ein seg råd... ;)

 

 

Edit: Pluss ca 300,- på Celeron 430. Dessutan blir det vel nokre hundre på tørris etter kvart også... Damn, det her såg plutseleg veldig mykje ut. :ermm:

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

Eg kan forresten nemne at den E8400en eg har sannsynlegvis er ganske redusert som det er. Den har køyrd på nesten 1,6V @ 4,65 GHz på luft tidlegare, og no har den litt problem med booting på høge frekvensar, men vi får sjå korleis den gjer det under skikkeleg kulde. Eg har som mål å få den opp mot 5 GHz, i alle fall over 4,8. Så alt i alt er det vel Celeronen eg har mest trua på. Den skal godt over 4 GHz, om mogeleg. ;)

Lenke til kommentar

Eg kan vel oppdatere litt her.

 

Først og fremst, i7-oppsettet kom i går. Foreløpig har eg stort sett berre fått sett det opp og montert vasskjølinga, men no utover kvelden blir det sikkert litt klokking - max fsb i første omgong (eller bclk som det heiter...). Til no køyrer kortet stabilt på 220 bclk, så då var det berre å fortsette.

 

Ellers er ikkje pakken med celeronen komen enno slik som eg trudde. Den skulle vore her i dag, men den er dessverre ikkje komen lenger enn til Ålesund, så då er den i alle fall her i løpet av morgondagen.

 

Ein annan ting er at eg manglar to skruar til potten, som det verkar til å vere umogeleg å skaffe. Korkje Jernia, Byggmaker eller ByggTorget har... Men det ordnar seg nok. ;) Eg kom også på at eg ikkje har aceton til å ha nederst i røret. Er det nokon som veit kor eg får tak i slikt? Er dette noko som vert seld på bensinstasjonar o.l.?

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

Kan jo komme med no primitive løsninger da. Som fks en gummiring/foring men en skrue opp gjennom hovedkort, som en 'backplate' løsning, også stramme til en mutter oppå hk? Skal vel gå fint det. :p Så lenge du ikke skader hovedkortet så regner jeg med at det skal funke flott.

 

Hihi. H50 er jo _litt_ morsom og klokke med den også. Sinnsykt lyst på custom vannkjøling. Men da må jeg nok modde noe jevlig, eller bytte kabb, igjen! :thumbdown:

 

Fortsatt lykke til, følger meg.

Lenke til kommentar

Eg kom også på at eg ikkje har aceton til å ha nederst i røret. Er det nokon som veit kor eg får tak i slikt? Er dette noko som vert seld på bensinstasjonar o.l.?

 

Aceton får du ihvertfall på apotek og sannsynligvis også i malingbutikker.

Lenke til kommentar

Då var ein stykk Intel Celeron 430 i hus! :w00t:

Aceton har eg ikkje fått tak i, så det får eg fikse over helga. Eg trur også eg skal byrje å isolere hovudkortet no snart. Det gjer jo ikkje akkurat noko å ha god tid til det. ;)

 

Update: i7-klokking

 

Den nye 920en min klarer seg veldig godt. Den køyrer atm 3,9GHz på 1,2V. Det må eg seie eg er rimelig imponert over. Temperaturane er jamt over litt over 60 grader (av og til opp i 65 på enkelte kjernar), men etter kvart som nye og kraftigare vifter til radiatoren blir bestilt skal eg vel få has på litt av dette også. :)

 

Berre for å nemne det: 3,9GHz på 1,2V er 1,24GHz over default frekvens (ca 35% overklokk) og spenning under stock! No gler eg meg til å teste den opp mot høgare spenningsverdiar. Greier den 4,4GHz på under 1,3V tru? :wee:

Endret av Breidablik
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...