Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 286
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Finst det alternativ til Starlink, og då helst europeisk-kontrollerte alternativ som Ukraina kan bruke dersom Trump og Musk gjer alvor av truslane?
  2. Det neste som skjer er vel at europeiske F35-jagarfly blir ubrukelege dersom Russland invaderer eller dersom USA bestemmer seg for å ta Grønland. Europa må komme seg vekk frå å vere militært- og teknologisk avhengige av USA. Og det må skje raskt! I tillegg må ein vurdere å innføre øydeleggjande sanksjonar mot USA dersom dei gjer alvor av truslane.
  3. Det kan bli mineralavtale likevel: Mike Waltz seier mykje rart, men her har han kanskje eit lite poeng. Om USA har tilstrekkeleg med interesser i Ukraina vil dei kanskje vere villige til å forsvare desse. https://www.vg.no/nyheter/i/25wxgG/usa-og-ukraina-naermer-seg-mineralavtale-etter-trump-raseri
  4. https://www.vg.no/nyheter/i/731Oy9/republikanske-politikere-vil-trekke-usa-ut-av-fn Men USA vil vel framleis behalde både medlemsskap og veto-rett i sikkerheitsrådet?
  5. https://www.vg.no/nyheter/i/GyJAwl/britenes-forsvarsminister-trump-skal-doemmes-paa-resultatene Veit han noko som vi ikkje veit?
  6. Så forretningar er ikkje så viktig lenger, å tvinge fram ukrainsk kapitulasjon er viktigare?
  7. Slik som det ser ut no er NATO-samarbeidet slik som ein kjenner det i dag over. Iallefall fram til det kjem ein ny president som vil vidareføre eit samarbeid med Europa. Då blir spørsmålet: Er det mogeleg å ekskludere USA frå NATO? Eller må ein opprette ein ny forsvarsallianse mellom europeiske land på sida av NATO?
  8. Dette minner nesten om då Trump ville ha Grønland. Zelenskyj har absolutt ingen grunn til å signere ein avtale som lar USA utnytte landet utan at dei får noko att for det.
  9. Men samstundes er det viktig at pengane blir brukt på "rett" måte.
  10. Norge og Storbritannia styrker samarbeidet: https://www.nrk.no/nordland/forsvarsministre-signaliserer-sterk-nato-allianse_-_-vi-er-pa-vakt_-vi-trygger-norge-1.17308506 Norge og Storbritannia sitt gode forhold går like tilbake til krigens dagar.
  11. Espen Barth Eide fryktar at Kina vil fylle tomrommet etter amerikanske bistandskutt. https://e24.no/internasjonal-oekonomi/i/1M0GWK/utenriksministeren-paa-g20-trump-gjengir-russisk-propaganda?referer=https%3A%2F%2Fwww.vg.no
  12. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/har-ingen-plan-for-a-evakuere-sivile-naer-grensa-til-russland-1.17294394
  13. Kongressen har tidlegare som kjent vedteke ei lov som hindrar presidenten i å trekkje USA ut av NATO. Kan alle dei ville utspela ein har sett frå Trump og administrasjonen hans i det siste vere eit bevisst forsøk på å oppnå det same ved å øydeleggje samarbeidet i NATO? Er det mogeleg å ekskludere NATO-medlemmer frå organisasjonen?
  14. Dette byrjar nesten å minne litt om korleis førebiletet i eit land aust for oss handterer politiske motstandarar.
  15. Kva meiner du han skal seie? At han sjølv er ein "diktator", at det var Ukraina som starta krigen og at Trump og Putin berre kan dele Ukraina mellom seg? Ukraina kjem ikkje til å overgje seg, uansett kva Trump og Putin måtte meine.
  16. "Alt" krev godkjenning frå USA. Vi er f...ed!
  17. NTB: Forsvaret forbyr Deepseek på alle militiære enheter og systemer. Fra før er TikTok og Telegram forbudt. Nå som Putin i praksis har fått kontroll over den amerikanske etteretningsdirektøren Tulsi Gabbard så bør Forsvaret og hele Europa stenge ned alle de amerikanske de facto spiontjenestene, også kalt sosiale medier (de som er under amerikansk og dermed Tulsi Gabbards kontroll) Sidan sist har ein også fått ein chatbot som kan fortelje "jødevitsar" eller vise bilete av kjende personar som gjer Hitler-helsing. Alt dette under påskot av "ytringsfridom". Men ei biletbok for born som lar born "vere den dei er", det er farlege greier det.
  18. Denys Davydov seier at han stemte på Porosjenko framfor Zelenskyj ved siste val. Han har vel tidlegare også sagt at det var Porosjenko som fekk bygd forsvarsverka i aust, f.eks. rundt Avdijivka som stod imot russiske angrep i månadsvis, medan Zelenskyj gjorde lite på dette området fram til krigsutbrotet. Zelenskyj trudde vel at det var mogeleg å snakke med Putin. Ein veit også at han ikkje trudde på dei amerikanske åtvaringane i opptakten til fullskalainvasjonen. Ein betre kandidat til å ta over er vel Zalushnyj. Eg har aldri forstått kvifor han fekk sparken som forsvarssjef. Zelenskyj har gjort mykje bra etter at krigen braut ut, og viste seg på mange måtar å vere rett mann på rett plass. Men alt dette er irrelevant for det ein diskuterer no. Poenget er: Zelenskyj er demokratisk vald, og det er mange gode grunnar til å ikkje halde val medan landet er midt i ein eksistensiell krig. Skal det likevel haldast val er det Ukraina, og berre dei som kan bestemme dette.
  19. Kva skulle det tene til, anna enn å lage usikkerheit og kaos som Russland ville tene på? Er det grunn til å tru at eit leiarskifte plutseleg vil få Trump til å støtte Ukraina i staden for Russland? Hugs at Trump-administrasjonen ikkje berre har lagt seg ut med Ukraina, men med heile Europa og verdigrunnlaget vårt.
×
×
  • Opprett ny...