Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 563
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Hjelpsomme svar

  1. The Avatar's innlegg in [Løst] 5000 for låsbytte ble markert som svaret   
    Du får heilt sikkert vite kva totalrekninga kom på dersom du spør.
     
    Ellers så er det ikkje så mykje arbeid som skal til før ein er oppe i dette beløpet. Både låsesylinderane og arbeidet kostar. Sjølv om jobben berre tok 10 min så er det nok fakturert for meir tid, samt for kjøyring til og frå arbeidsstedet. Sidan det var to mann som utførte jobben så har det også gått med minst 20 min med arbeidstid.
    I tillegg har det nok vært ein viss grad av forarbeid i form av å slå opp i arkivet kva låsessystem som bygget har, finne fram rette låsane og file opp nye nøklar.
  2. The Avatar's innlegg in Vet kommunen at utleier leier ut kjelleren til meg? ble markert som svaret   
    Som krikkert påpeiker så har ikkje kommunen oversikt over leigetakarar, kommunen retter seg mot eier når det er behov for det.
     
    Men dersom du ikkje ser hyblane lista opp som eigne brukseinheiter (eller at hyublane er lista opp som samme bruksenheit) så kan dette tyde på at du leiger ein hybel som ikkje er godkjent som eigen brukseinheit.
    Konsekvensen av å bu i ein ikkje-godkjent bolig vil variere litt alt etter kvifor boligen ikkje er godkjent, men ofte er det liten praktisk forskjell så lenge utleiger ikkje har gitt uriktige opplysningar, eller det er uforsvalig å bu der.
  3. The Avatar's innlegg in Parkeringsgebyr, har jeg eller parkeringsvakten rett? ble markert som svaret   
    Basert på kartet så er dette eit kryss der gata splittes ut og Svaneviksveien både fortsetter rett fram, og til høgre for å dekke Svaneviksveien 3A-C og 1A-B (som begge ligger bak Svaneviksveien 1 og 3).
    Gata har ein tilsvarande løysning 15 meter lenger nede der samme gata går som to parallellvegar.
     
    Du ser også at googlebilen har også oppfatta dette som ei gate og har derfor kjørt ned til høgre for å fotografere. Det hadde dei normalt ikkje gjort dersom det kun var ein utkjørsel.
     
     
    Så min konklusjon er at parkeringsvakta teknisk sett har rett.
    Men eg er også heilt enig i at det ikkje er lett å sjå. Den einaste indikasjonen som eg kan sjå på at det er snakk om ei gate og ikkje ein utkjørsel er at kantsteinen er kurva rundt trafikkøya(som er typisk for vegkryss) og ikkje forma som ein spiss (som er typisk for utkjørslar).
    Men sjølv om du hadde lagt merke til den detaljen så er det ikkje eit så er slik utforming kun brukt som indikasjon, aldri som merking av forskjellige typar kryss.
     
    Eg meiner på at du burde klaga, om ikkje anna på grunn av dårlig merking. Det er f.eks. ikkje skilta med gatenavn i vegstubben som går ned til høgre, det må du inn på kartet for å finne ut av.
    Det er heller ikkje slik at du skulle ha merka at det mangla adresser langs gata, ut mot vegen du kom kjøyrande på så finner vi både nummer 1 og 3. Eg kan ikkje sjå at du skulle hatt muligheit til å vite at det også fantes ei gateadresse 3A, 3B og 3C på baksida.
    Hadde det vært eit stort hol i nummerrekka, slik at det var f.eks. nummer 3 på eine sida av krysset og tellinga starta på 9 på andre sida så kan det være at du skulle ha oppfatta at nummer 5 og 7 då nødvendigvis måtte ligge nede til høgre, og at det då betydde at gata fortsatte ned dit. 
  4. The Avatar's innlegg in Bemanningsbyrå vil ha vitnemål fra vgs. ble markert som svaret   
    Du slepp eigentleg ikkje unna å sende inn. Men du kan også snu dette til noke positivt ved å vise til kva god motivasjon har gjort for at du har forandra deg.
     
    For å kompansere på eit høgt fråvær frå vgs som vanligvis er einaste målet som arbeidsgiver har på om du er pliktoppfyllande nok til å møte opp når du skal, så ville eg skaffa nokre ekstra referansepersonar som du kan oppgi.
    Særlig då personar som kjenner deg slik som du har vært no dei siste åra. Referansepersonane treng ikkje å være arbeidsgiverar, det kan også være andre personar som kan gå god for din karakter, slik som studiepartnere, veilederar på skulen, husverten og liknande.
    Sidan vitnemålet frå VGS ikkje ser så imponerande ut så er det viktig å vise til at du no er ein anna person som har møtt opp på forelesningane, har betalt husleiga i tide, osv.
  5. The Avatar's innlegg in [Løst] Leiligheten ikke klar til avtalt tid. ble markert som svaret   
    Du har fleire muligheiter.
     
    Når det både mangler funksjonibelt bad og kjøkken, samt at det elektriske ikkje er i orden så er eg enig i din vurdering som at leiligheita ikkje kan benyttast til boligformål.
     
    Når du ikkje får overlevert leiligheita i den avtalte standen som den skulle være i så er dette ein mangel.
    Når boligen har ein mangel så kan du etter husleigelova enten kreve avslag i husleiga etter § 2-11, eller erstatning etter § 2-13.
     
    Avslaget i husleige for ein bolig som ikkje kan benyttast i den fyrste veka blir då tilsvarande ei veke med husleige, altså at du då kun betalar for tre veker i januar.
     
    Eller du kan kreve erstatning for det tapet som du får fordi boligen ikkje stod klar til avtalt dato. Her er det verdt å merke seg at du har plikt til å prøve å minimere ditt tap så mykje som mulig.
    Erstattninga kan då enten være i form av å få dekt utgifter til å leige midlertidig bolig som f.eks. hotell, eller erstatning for dei ekstra reiseutgiftene du har ved å måtte bu 5 mil unna.
     
    Kva som er mest fornuftig vil kunne variere litt alt etter din situasjon, det er ikkje sikkert det hadde vært så mykje enklare for deg å bu på hotell i ei veke med ein liten baby heller.
     
     
    EDIT; eg tok utgangspunkt i at dette var eit leigeforhold. Om du har kjøpt leiligheita så er det andre reglar som gjeld. Det er ikkje uvanlig at kontrakta på kjøp av nybygg inneheld bestemmelsar om dagbøter eller liknande ved forsinkelser.
  6. The Avatar's innlegg in Hvem utfører kontroll på brannslukkerapparat i Bergen? ble markert som svaret   
    For Bergen er det fleire tilbydarar, som f.eks. http://www.teknisk-industrivern.no/documents/26.html eller http://www.noha.no/service-opplaering/service-vedlikehold/service-brannslokkingsutstyr/ som eg fikk opp øverst ved å google "bergen kontroll av håndslokker".
     
    Merk at mange retter seg hovedsaklig mot bedriftsmarkedet, så det er ofte forholdsvis dyrt for privatpersonar å få utført påkrevd sakkyndig kontroll og service.
    For mange er nok den praktiske løysninga å kjøpe nytt brannslokkningsapparat kvart 5 år for å oppfylle kravet.
     
    Ein anna ting som kan være verdt å merke seg er at sjølv om det er påbudt å få kontrollert brannslokkningsutstyret sitt så er det ikkje direkte straffbart å ikkje gjere det. Konsekvensen er stort sett at du ikkje har fungerande apparat dersom noke skjer, og at forsikringsselskapet ikkje vil betale ut full erstattning dersom dei meinar at du kunne ha slokt brannen dersom apparatet ditt hadde fungert.
  7. The Avatar's innlegg in Overtagelsesdato ble markert som svaret   
    Det står i punkt 8.1 at selger skal varsle overtakingsmåned med minst fire måneders varsel, og overtakelsesdatoen med minst 4 vekers varsel.
    Har du per i dag vanlig leigeavtale så gir dette god margin for å seie opp leigeavtalen slik at det passer med overtakelsesdatoen for den nye boligen.
     
    Og skulle det bli vanskelig så må du berre passe på å ha leigeavtalen gåande lenge nok slik at du ikkje risikerer å bli huslaus. Sjølv om du skulle ende opp med å fortsatt ha aktiv leigeavtale ved innflytting i den nye boligen så har utleiger tapsbegrensningsplikt, noke som betyr at utleigaren må prøve å finne ny leigetakar slik at du slepp å betale.
     
    I tillegg står det at selger skal gjere boligen klar ca 18 månedar etter byggestart. Tidsangivelsen på 18 månedar i staden for 1,5 år taler for at ei forsinkelse på 3-4 månedar heilt klart må være utanom det som er å rekne som rimelig framdrift (med mindre det foreligger utanforliggande forhold som må takast i betraktning).
  8. The Avatar's innlegg in Reise ut av landet i utføringsperiode av samfunnsstraff ble markert som svaret   
    Du må sjekke kva vilkår som er satt for gjennomføring av straffa, eventuelt må du kontakte kriminalomsorgen for ei avklaring.
     
    Konsekvensene av å reise til utlandet under straffeperioda utan lov vil variere, men ein eller anna form for reaksjon må du påberegne.
     
    Men med tanke på at straffa du har fått er forholdsvis få timar spredt utover ei forholdsvis lang periode, så vil det kunne gi rom for ein viss grad av fleksibilitet.
     
    Så sjekk nøye kva vilkår du har fått, og kontakt kriminalomsorgen om du er usikker.
  9. The Avatar's innlegg in Brannsikring av hyttegrend ble markert som svaret   
    Dersom problemet er at enkelte av hyttene ligger nærmare kvarandre enn 8 meter slik at det er behov for brannskiller så kan grunnen til at det ikkje er gitt detaljerte pålegg være at det finnes fleire løysningar.
    Mellom to byggningar så kan ein i utgangspunktet velge om det eine bygge skal ha full brannvegg på sin yttervegg og det andre bygget skal ha vanlig vegg, eller ein kan også velge at begge bygningane skal utførast med halve brannmotstanden kvar slik at dei totalt sett får den rette brannmotstanden.
     
    Dette er f.eks. ein vanlig problemstilling når ein nabo ber om å få bygge f.eks. garasje nærmare tomtegrensa enn 4 meter. Då er det enkelte som tillater dette mot at naboen bygger med full brannmotstand, då vil naboen kunne bygge ei tilsvarande garasje heilt intill tomtegrensa utan å tenke på brannmotstanden.
    Eller naboane blir enige om å bygge med halve motstanden, slik at ei eventuell framtidig nabogarasje også må brannsikrast.
    Eller at naboen får lov til å bygge ei vanlig garasje utan brannmotstand, men at du då må bygge med full brannmotstand dersom du på eit seinare tidspunkt likevell velger å bygge.
     
     
    Så om eg forstår situasjonen rett så har kommunen gitt beskjed om at situasjonen må utbetrast, men at dere står fritt til å velge løysning.
    Ei løysning kan være at alle gjer litt utbetringar på sine hytter, men det er også mulig å legge alt i å gjere store endringar på enkelte strategisk utvalgte hytter.
     
    Her vil det nok bli aktuelt å bruke konsulent frå fyrste stund. Det er ikkje gitt at det er så veldig avansert å dyrt å fikse opp i dette. Men det vil nok være svært fornuftig at dere får ein konsulent til å vurdere kva tiltak som er mest kostnadseffektive.
    Det enklaste er nok sikkert at alle kler ytterveggane på sine hytter med betong og gips, men det blir fort kostbart.
    Ein konsulent kan f.eks. foreslå ei teknisk løysning som f.eks. utvendig sprinkling som også vil gi brannmotstand mellom hyttene, men utan at det er nødvendig med nevneverdige ombyggingar anna enn å montere litt rør og dyser på veggane. Største utfordringa med ei slik løysning er nok frostsikring og vannforsyning, men det er slikt som brannkonsulenten kan hjelpe dere med.
  10. The Avatar's innlegg in utleiekontrakt og oppsigelse på 3 måneder ble markert som svaret   
    Dersom du har kjøpt bolig med leigetakar så har du tredd inn i avtalen som utleigar på dei vilkår som var avtalt i husleigeavtalen. Husleigeavtalen som leigetakaren har frå før er med andre ord fortsatt gjeldande for leigeforholdet.
     
    Det absolutt enklaste når du skal flytte inn om 3-5 månedar er derfor å seie opp avtalen no. Då blir oppsigelsestida gjeldande frå 1 september (antar at det er standard husleigeavtale der oppsigelsen ikkje går frå dato til dato), noke som betyr at boligen er ledig for deg å ta over den 1 desember.
    Sidan du skal bruke boligen sjølv så gir det også gyldig oppsigelsesgrunn.
    Du treng ikkje å tegne ny leigeavtale.
  11. The Avatar's innlegg in [Løst] Huseier truer med advarsel. Ubetalt husleie ble markert som svaret   
    Her har du forholdsvis lite rettigheiter. Utleigaren har godt grunnlag til å gi deg advarsel, og manglande betaling av husleige kan lett bli ansett som eit mislighold av leigeavtalen, som igjen kan danne grunnlaget for ein saklig oppsigelse.
    Særlig dersom dere også hadde ein muntlig avtale om at du skulle betale så snart som mulig, og du i tillegg har brutt den avtalen ved å enten ikkje holde utleigaren informert (eller at du har gjort økonomiske prioriteringar som har ført til at det har tatt lengre tid før du har råd til å betale).
     
    Utleigaren har også rett og plikt til å fastsette og håndheve husordensreglar så lenge det er husordensreglar som er å ansjå som rimelige.
    Forbud mot å bruke felleskjøkkenet som oppbevaringsområde, og forbud mot å trekke provisoriske kablar gjennom huset vil nok ikkje urimelige krav.
    Det å ikkje følge reglane som utleigaren har satt kan også føre til advarsel og dermed danne grunnlag for oppsigelse.
     
     
    Når det gjeld vindua som er dårlige så må du ta det på ein skikkelig måte.
    Ved å pårope dette som ein mangel så får utleigaren plikt til å utbetre mangelen, dersom det ikkje blir gjort innanfor ei fornuftig tidsramme så åpner det for at du kan f.eks. holde tilbake husleige, men då må du passe på at summen du held tilbake samsvarer med mangelens alvorlegheit. Vanligvis då differansen mellom husleige i ein tilsvarande bolig med tette vindu, kontra verdien av ein slik bolig med vindu som tek inn vatn.
  12. The Avatar's innlegg in [Løst] Tomteoppmåling fordi tomt skal skilles ut - trenger jeg være der? ble markert som svaret   
    Det enklaste er å ringe kommunen å spørre.
     
    Men eg kan ikkje tenke meg at det er av betydning om du er til stades eller ikkje. Så lenge oppmålaren kjem til der han/ho skal på tomta, så blir oppmålinga gjennomført objektivt basert på den dokumentasjonen som foreligger. Om du ikkje er enig i oppmålinga så er det noke som du kan klage på i ettertid. Oppmålaren kjem ikkje til å måle på ein anna måte kun basert på at du f.eks. er til stades og påstår at grensa eigentleg går ein meter bortafor grensemerket, eller liknande.
  13. The Avatar's innlegg in Fått tilbud om jobb etter fullført utdanning, hvilke goder kan jeg kreve? ble markert som svaret   
    Pass i alle fall på detaljane i avtalen du inngår.
    Som andre har sagt før så vil du normalt sett ikkje være verna frå oppsigelser dersom det blir dårlige tider. Det er så enkelt som at når det ikkje er jobbar som firmaet kan ta på seg så er det i seg sjølv gyldig oppsigelsesgrunn.
    Pass derfor på at dersom du alt no må binde deg til eit år, at du då også avtaler ein lønnsgaranti for heile året du har bundet deg.
    Husk også å sjekke opp kva som skjer dersom du av ein eller anna grunn ikkje skulle bli ferdig på normaltid. Vil du ha noke ansvar ovanfor arbeidsgiver? Vil dette bare føre til at kontrakta blir anulert? Dersom du får starte å jobbe sjølv om du ikkje har alt det formelle i orden så er det viktig at du får sette av tilstrekkelig med tid til å faktisk fullføre utdanninga.
     
     
    Ellers så er mitt råd at du ikkje bør være så opptatt av å forhandle fram goder. Det beste er at du forhandler fram ei skikkelig lønn. Goder som f.eks. gratis telefon er vell og bra det, men det beste er å få den summen som arbeidsgiver må ut med inn i årslønna. Då kan du kjøpe deg ein telefon sjølv, og du får pensjonsgivande inntekt.
    I tillegg vil du stå sterkare ved framtidige lønnsforhandlingar sidan arbeidsgiver ikkje kan "avvise" dine lønnskrav med å vise til alle godene som du har fått, og verdien av dei.
    Du vil etter mi meining ha meir å tjene på å skaffe deg ei høg grunnlønn med lite goder, enn å ha ei dårlig til middels lønn med mange goder.
  14. The Avatar's innlegg in Kan man selge forhåndsbestilt festivalbillett til dagens salgspris? ble markert som svaret   
    Prisen som er påført din billett er 650 kr. Etter svartebørslova så er det ikkje lov å selge billetten for meir enn den prisen som er påført billetten (650 kr) eller den prisen som billetten fyrste gong blei solgt for (også 650 kr).
     
    Hensikta med lova er å forhindre økonomisk spekulasjon på bakgrunn av vidaresalg av billettar, dette inkluderer å kjøpe opp billige forskuddsbillettar med tanke på å selge billettane vidare med fortjeneste.
     
     
    Enkelt og greit forklart, du har ikkje lov til å selge billetten på ein slik måte at du sitter igjen med meir pengar enn du la ut for å kjøpe billetten.
  15. The Avatar's innlegg in [Løst] tidsfris for innlevering av reiseregninger etter gjennomført reise ble markert som svaret   
    Etter foreldelseslova så er den allminnelige foreldelsesfristen 3 år.
     
    Men dei fleste arbeidsplassar har eigne reglar og avtaler som regulerer når reiserekninga må leverast av praktiske hensyn.
     
    Utbetalingar frå reiser for fleire år tilbake sidan vil gjere budsjetteringsjobben krevande. I tillegg vil du kunne sette bedrifta i ein vanskelig økonomisk situasjon dersom det plutselig kjem mange gamle utbetalingskrav samtidig. Det vil også være arbeidskrevande å kontrollere at reiserekninga er korrekt dersom det er veldig lenge sidan reisa fant sted.
     
     
    Eg kan godt sjå for meg at praksisen med å nekte å refundere reiserekningar som er eldre enn tre månedar er basert på eit tvilsomt juridisk utgangspunkt.
    Men spørsmålet er nok også kvifor du skal vente så lenge med å levere reiserekning, og om det er verdt bryet med å krangle for å få utbetalt eit slikt krav. Normalt sett så burde det ikkje være nokon god grunn til å utsette reiserekninga så lenge.
     
    Men kanskje det kan være eit tema i ein oppsigelsessituasjon der den oppsagte arbeidstakaren krever å få med seg alt dei har krav på etter lova.
  16. The Avatar's innlegg in Tidsbestemt leieavtale og uten sluttdato ble markert som svaret   
    Når kontrakta er ufullstendig, og det heller ikkje foreligger muntlig avtale om kva som var vilkåra for leigeavtalen så er det vell berre to alternativer.
     
    Enten så må ein følge husleigelova sine standarvilkår, med andre ord at avtalen går over til å være ei tidsubestemt leigeavtale med tre månadar oppsigelsesfrist, og med krav om saklig grunn for at utleigaren skal kunne seie opp avtalen.
     
    Det andre alternativet er at ein held fast på at hensikta var å inngå ei tidsbestemt leigeavtale og at det er ein feil at sluttdatoen ikkje står oppført. Då er det tre muligheiter, enten at leigeavtalen har ein minstetid på 3 år etter hovedregelen for tidsbestemte leigeavtalar.
    Eller at leigeavtalen har minstetid på 1 år dersom det er snakk om lofts- eller sokkelleiligheit i boligen som utleigaren bur i. Eller at leigeavtalen varer kortare enn 1 år med begrunnelsen at utleigaren skal bruke boligen sjøl eller har anna saklig grunn for ei kortare leigeavtale.
     
    Uansett vil det her kunne bli krangel frå leigetakarens side. Sjølv om du kan vise til at du hadde adgang til å inngå tidsbestemt leigeavtale på 1 år, eller kortare. Så betyr ikkje det at leigetakaren oppfatta avtalen på samme måte. Minimumstidene etter husleigelova er tross alt berre minimumstider og ikkje ein fasit for kor lenge leigeavtalen skal vare ved uklarheiter.
     
    Etter mi meining vil den rette tolkninga være å tolke leigeavtalen som tidsubestemt med begrensa muligheit for oppsigelse frå utleigaren. Dette fordi det er denne tolkninga som er til størst gunst for den svake parten. Det å berre tolke avtalen som tidsbestemt med tre års varigheit er ikkje nødvendigvis til den sterke parts ugunst sidan tre år kun er minimumsvarigheita for avtalen.
     
    Leigetakaren vil nok også argumentere for ei slik tolkning. I mangel på anna form for avtale så er det lett for leigetakaren å hevde at feilen i kontrakta er at utleigaren har kryssa av i feil rute, og ikkje at feilen er at sluttdatoen manglar.
     
     
     
    Men når det er sagt så er nok den beste framgangsmåten å prøve å få til ein avtale med leigetakaren.
    Slik som leigeavtalen foreligger i dag så er det eigentleg ei uoppsigelig tidsbestemt leigeavtale som aldri utløper, så her er nok ditt sterkaste kort å argumentere for at det ikkje er til leigetakarens gunst å være bundet i all evigheit til ein uoppsigelig leigeavtale. Men til tross for dette så er det både dyrt og tidkrevande å få tvinga gjennom din tolkning dersom leigetakaren gjer seg vanskelig. Det er heller ikkje gitt at du vinner fram i retten med at kontrakta skal tolkast slik som du vil.
  17. The Avatar's innlegg in Erstatte brus med kullsyrevann ble markert som svaret   
    Syreskadene vil det ikkje ha særlig betydning for sidan begge delar er omtrent like surt.
     
    Største fordelen er at du får i deg langt mindre sukker om du erstatter vanlig brus med boblevann. Men dersom du skal kjøpe vatn så vær obs på at enkelte typar smaksatt vatn også er tilsatt sukker.
     
    Dersom du trener hardt så må du også passe på at du delvis erstatter kaloriinntaket som du vanligvis får frå brus. Det er sjølvsagt bra å slanke seg, men det er ikkje nødvendigvis så bra for helsa å både starte med energikrevande trening samtidig som sluttar å ta til deg næring.
    For dei fleste så er sukkeret som ein får igjennom å drikke brus overflødig energiinntak, men det treng ikkje nødvendigvis å gjelde alle.
  18. The Avatar's innlegg in [Løst] SIO dyrehold- lov med smådyr eller fisk? ble markert som svaret   
    SIO vil ikkje ha dyr i sine boliger, men utgangspunktet etter lova er at ulempane med dyreholdet skal vegast opp mot fordelane som dyreholdet gir, og deretter avvege dei to behova.
     
    Du kan for eksempel sjå til Emalinedommen der retten tok opp spørsmålet om eit burettslag kunne nekte ein andelseigar å holde innekatt: http://norskhuskattforening.net/emmelinedommen.htm
     
    Det å tolke reglane slik at det er kun førerhund og liknande som kan godkjennast er ei svært streng tolkning.
     
    Så dersom du skriver søknad, og deretter forfølger saka gjennom rettssystemet så vil eg tru at du vil vinne fram med at det å ha ørkenrotte på rommet ikkje vil gi utleigaren eller dei andre leigetakarane større ulemper enn du får fordelar i form av depresjonsproblematikken.
    Hadde det vært snakk om ein stor skummel hund, høgrøsta pappegøyer, ein katt som pisser overalt eller ein giftig slange så kan eg nok være med på at hensynet til dei andre bebuerane og utleigaren må vege tyngre enn ditt behov for selskap. Men eg tvilar på at SIO kan vinne fram med at ei ørkenrotte i bur vil medføre så store ulempar at dei ikkje kan tillate deg å ha eit selskapsdyr.
  19. The Avatar's innlegg in slåsskamp nach - burde jeg anmelde? ble markert som svaret   
    Du treng ikkje å levere anmeldelse for å sette deg i motposisjon for ein eventuell framtidig rettstvist.
    Men det kan være lurt at du setter deg ned og skriver ned kva som skjedde og kven som var til stades no medan du fortsatt husker det godt. I ein evntuell rettsak så vil du stille langt sterkare når du kan vise til slike detaljar medan motparten ikkje klarer å redegjere i detalj kva som hente.
     
    Uavhengig av dette så burde du nok vurdere å anmelde berre på grunn av voldsbruken. Det å slå nokon i ansiktet med ein gitarhals er langt over grensa for kva som er akseptabelt.
     
    Når det gjeld sjølve erstattningssaka så kan eg ikkje sjå at huseigaren skal kunne vinne fram. Verken med ein anmeldelse for skadeverk eller i eit privatrettslig erstatningskrav.
    Det at gitaren blei øydelagt må nesten eigaren sjølv ta ansvar for, han må i alle fall ta delar av ansvaret. Det er nok ikkje umogleg at når du reiste deg frå stolen var i kontakt med golvteppet som igjen var i kontakt med bordet som igjen gjorde at den perfekt balanserte gitaren falt. Men samtidig kan det ikkje utelukkast at det var ein av dei andre som satt rundt bordet som har forårsaka at bordet bevegde seg. Ansvaret for uhellet må derfor ligge på den som satte fra seg gitaren på ein slik måte at den lett kunne falle.
     
     
    Dersom du blir politianmeldt så kan eg ikkje sjå at dette skulle være noke problem for deg. Ei enkel forklaring og henvisning til at dei andre festdeltakarane kan bekrefte din versjon burde være rikelig nok for å få saka henlagt.
     
    Kva forsikringsselskapet gjer kan vil ikkje ha påvirkning for din sak.
     
    Største faren er nok eit sivilrettslig søksmål, men heller ikkje der kan eg sjå at gitareigaren kan vinne fram. Og sjølv om du av ein eller anna grunn skulle tape saka så skal du berre dekke gitareigarens tap, noke som i dei fleste tilfeller tilsvarer eigenandelen av innboforsikringa. Gitareigaren har ei ulovfesta plikt til å begrense dine tap, så han kan ikkje kreve erstattning for verdien av heile gitaren dersom denne er forsikra.
  20. The Avatar's innlegg in Fylleangst. Hvorfor? ble markert som svaret   
    Fylleangst er kroppens naturlige måte å informere deg om at du hadde ein fin kveld i går.
     
     
    Årsaken til fylleangst er litt komplisert sidan det er mange ting som spelar inn. Men ein av dei viktigaste årsakane er at når du er berusa så frigjer kroppen endorfinar som i tillegg til å være smertedempande gjer at du kjenner deg glad og oppstemt.
    Det som skjer når du drikker er at kroppen pumper det som finst av endorfinar i blodet, men morgonen etter så er beholdninga tom og sidan kroppen bruker litt tid på å produsere opp meir endorfin så vil du ha ei periode der du kjenner deg nedstemt og i tillegg er ekstra følsom for ytre stimulans som smerte eller skarpt lys.
     
    Mange påstår derfor at når du drikker så "låner" du lykke frå dagen etter.
     
    Men i tillegg så har sjølvsagt psyken til personen stor betydning for kor alvorlig fylleangsten er. Både med hensyn på kor godt du håndterer fylleangsten dagen derpå, men også i forhold til kor lett du mister kontrollen i fylla slik at du gjer ting som faktisk var dumt.
    Vanligvis er fylleangst berre at du er hyperoppmerksom på eigen oppførsel slik at du går rundt og skammer deg over ting som ingen andre verken oppdaga eller reagerte på som unormalt.
     
    Men dersom du på festen har slått opp med kjæresten, slått ned veninna, flasha puppane, ringt sjefen for å seie opp jobben og fyllekjørt heim så har du sjølvsagt ein grunn til å ha angst, men det har ingenting med fylleangst å gjere, det er godt gamaldags anger fordi du har oppført deg idiotisk.
     
     
    Mitt råd er derfor at du jobber litt med deg sjølv og slapper litt av slik at du ikkje tar deg sjølv så seriøst. Då vil du oppleve at mykje av fylleangsten gir seg.
    Eit anna råd er at du tar deg noken festar der du drikk lite (så liten at du husker heile kvelden), då vil du sjå at det du går rundt og har fylleangst for i utgangspunktet er små detaljar som ingen andre enn deg sjølv tenker over.
    Det er sjølvsagt verre å ha fylleangst dersom du ikkje husker store delar av kvelden (sidan du då ikkje veit om du gjorde noke dumt eller ikkje).
  21. The Avatar's innlegg in Fagrev automatiker, HMS. ble markert som svaret   
    Du lærer vell det du må lære på skulen?
     
    Ein del av forskriftene, som f.eks. forskrift om bruk av personlig verneutstyr på arbeidsplassen eller forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav er det greit å vite om.
    Men i det vanlige så held det å vite om at slike forskrifter ekstisterer. Om du ikkje er borti Ex-soner i det heile tatt så treng du ikkje å kunne noke om det. Men om du berører denne problematikken så må du sjølvsagt vite om regelverket.
     
    Ellers så er det eit viktig skille mellom lov og forskrifter på den eine sida, og veiledningar, normer og standarar på den andre sida.
    Lover og forskrifter må alle følge, men ofte er det her lite detaljar om praktiske løysningar som er i henhold til regelverket. Derfor finnes det også ein del veiledningstekster og liknande som beskriver mulige og praktiske løysningar. Montørhåndboka er ein slik bransjestandar som viser ein måte å oppfylle krav etter lover og forskrifter. Sjå på det som eit løysningsforslag, du kan løyse oppgåvene på andre måtar men då må du dokumentere at løysninga er lovlig på andre måtar. Det er viktig at standaren du bruker er oppdatert etter dei nyaste lovene og/eller forskriftene.
     
     
    Eit godt utgangspunkt for å finne det regelverket som du treng å kunne er http://regelhjelp.no der kan du søke enten på organisasjonsnummer eller bransje for å få opp ei oversikt over det regelverket som du må forhold deg til.
  22. The Avatar's innlegg in Usikker på om jeg ble tatt i fotoboks ble markert som svaret   
    Med 11 km/t på din nål så er det ikkje sikkert fotoboksa tok bilde ein gong. Du skriv ikkje kva fartsgrensa på stedet var, men dersom det var ei 80-sone så er det ikkje umogleg at lavaste hastigheit for bildetakning er på 11 km/t over fartsgrensa (i reell fart).
     
    Uansett, til sjølve spørsmålet. For å kunne bøtlegge deg så må politiet kunne identifisere deg som føraren av bilen. Men ein treng ikkje eit identifiserbart bilde for å sende brev til bileigaren for å spørre kven som kjøyrde bilen. Ofte vil dette brevet også inneholde eit forelegg som du kan velge å godta. Dersom du ikkje oppgir kven som var føraren så kan du bli innkalt til avhør (som du må møte opp til), men du har ikkje plikt til å sjølvinkriminere deg sjølv eller din nærmaste famile. I fenne forbindelsen kan også politiet starte etterforskning men med tanke på resursbruken for ei slik sak er det meget usannsynleg.
     
    Så det som nok kjem til å skje no dersom du faktisk blei tatt i fotoboksa er at du får eit brev frå politiet med forslag til eit forenkla forelegg på X kr alt etter kva fartsgrensa på stedet var.
    Då har du fleire valg, enten så kryper du til korset og berre aksepterer forelgget så er du ferdig med saka. Eller så nekter du å godta forelegget og du risikerer å bli innkallt til avhør deretter rettsak. Om du blir dømt vil då i all hovedsak være avhengig av kva bildet viser, men sidan du ikkje får sjå bildet bør rettsaka så blir dette litt gambling. Enten så er bildet for dårlig til å identifisere deg og du blir frikjent, eller så er bildet tilstrekkelig og du blir dømt. Då blir då vanligvis lagt ned påstand om høgare straff, i dette tilfellet høgare bot, men i tilfeller der fartsoverskridlelsen er stor kan det også være aktuelt med å legge ned påstand om fengselsstraff. I tillegg vil du nok bli ilagt saksomkostningane samt at bota kjem på rullebladet (i motsettning til eit forenkla forelegg).
     
     
    Min anbefaling er at du venter til du (eventuelt) får brev i postkassa, deretter ser du på kor stort forelegget er, og gjer ei vurdering av kor sannsynleg det er at du er identifiserbar på bildet. Basert på dette får du gjere ei vurdering om du berre skal betale og gjere deg ferdig med saka, eller om sattse på å ta saka vidare der du enten slepp heilt unna (med unntak av den tida du må bruke på å stille i avhør og/eller tingretten), eller du får ei litt høgare bot.
  23. The Avatar's innlegg in Parkering: kjøre eller rygge inn? ble markert som svaret   
    Som med alt anna så er det fordelar og ulempar med begge delar.
     
    Men det vanligaste argumentet for å rygge inn er at du får betre oversikt sidan du kan sjekke parkeringsplassen du skal inn på medan du posisjonerer bilen for rygging. Når du skal utigjen frå parkeringsplassen så slepp du blindsoneproblematikken som ein lett får dersom det er kyrssande trafikk på parkeringsplassen/gata, særlig om du er så uheldig å bli ståande imellom to store varebilar med fronten inn.
     
    Ved å rygge inn så auker ein litt sannsynlegheita for ryggebulkar ved at der er lettare å komme borti noke når du rygger inn mot ein litt trang parkeringsplass. Men samtidig er sannsynlegheita for meir omfattande ulykker mykje mindre. Dersom du ryggar utifrå parkeringsplassen så kan du mykje lettare treffe gåande personar eller bilar i bevegelse. Så dersom det fyrst skjer eit uhell ved rygging ut frå parkeringsplassen så kan skadane bli langt meir omfattande enn berre ein bulk.
     
    For evakueringssikkerheita der det er meininga å evakuere med bil så vil det også være ein stor fordel om ein ikkje treng å rygge for å kome seg vekk.
     
    Eit anna argument som ofte blir brukt for å rygge inn er at arbeidstakaren om morgonen er meir våken og konsentrert, og dermed har betre forutsettningar for å finnavigere under parkeringa. Etter arbeidstid er arbeidstakaren ofte meir sliten og veldig klar for å komme seg for heim, då er det mykje større fare for at nokon ryggar ut litt for fort, eller utan å sjå seg godt nok for.
     
    For mange arbeidsgivere som er opptatt av kostnadseffektivitet så er det veldig gunstig å pålegge dei ansatte om å rygge inn. Dersom det då skjer ryggeuhell så er det bilføraren sin feil, og det er då bilføraren som må bruke sin forsikring.
    Dersom det skjer ryggeuhell i forbindelse med rygging ut av parkeringsplassen så kan det fort være ein anna arbeidstakar som blir påkjøyrd, og då fører til det utgifter for arbeidsgiver.
    Så ein slik ryggeregel gjer at arbeidsgiver effektivt flytter risikoen for økonomisk tap frå virksomheita til arbeidstakarane, samtidig som ein kan vise til at det tross alt er viktigare å passe på at ingen blir skada enn å passe på at bilane ikkje blir bulka.
     
    Andre ulemper ved å rygge inn er som nevnt over dette med eksos som misfargar fasaden, eller går inn i luftinntak eller vindu, osv.
     
    Dersom ein er mest opptatt av å unngå bulker ved at døra til nabobilen slår inni sida på bilen, så er det mest effektive at annakvar bil står med fronten inn, og den neste bilen står med fronten ut. Då vil ein parkere slik at passasjersida på bilane står veldig tett slik at ein får ekstra god plass på førarsida (for begge bilane) slik at sjåføren lett kjem seg ut utan at døra kjem borti nabobilen.
     
     
     
    Det finnes mykje harde fakta på konsekvensane ved både den eine eller andre måten å organisere parkeringa på. Men det kokar eigentleg ned i at du må velge parkeringsstrategi alt etter kva ein er mest opptatt av å unngå. Sjølv tell eg flest fordelar med å rygge inn, men det finnes fordelar med å parkere med fronten inn også.
  24. The Avatar's innlegg in [Løst] Amerikansk juss ble markert som svaret   
    Er det ikkje enklare å ta direkte kontakt med ein amerikansk advokat? Den personen kjenner det lokale lovverket best, og det burde heller ikkje være noken umiddelbar språkbarriere?
     
    Sannsynlegheita for å finne ein advokat som for morro skyld har lest seg opp på amerikansk lovgiving, innanfor rellevant område og rett delstat er nok svært lav.
    Då må det eventuelt være om du finner ein amerikanar som har jobba som advokat i USA og deretter flytta til Norge.
  25. The Avatar's innlegg in [Løst] Lov å kjøre bil med bedøvelse i tanna? ble markert som svaret   
    Du bør uansett dobbeltsjekke med tannlegen. Det som er av betydning er om medikamentet er merka med raud trekant eller ikkje. 
     
    Vegtrafikklova definerer det slik:
     
    Så du må også vurdere litt sjølv om du er skikka til å kjøyre bil eller ikkje. Lokalbedøvelse som kun bedøver lokalt og som ikkje fører til at du blir sløv ellers i kroppen vil være uproblematisk, men om du blir sløv, svimmel eller liknande så har du ikkje lov til å kjøyre.
×
×
  • Opprett ny...