Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    18 748
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av The Avatar

  1. Gjest 25f44...439 skrev (5 timer siden):

    En dame i Bergen gikk fra å være ufør til å ha en omsetning på 4,2 millioner på salg av hjemmelaget armbånd og smykker. 

    Anonymous poster hash: 25f44...439

    Du kan også spele lotto. Av dei få personane du ser som har fått det til så er det veldig mange fleire som ikkje klarte å tene pengar. 

    Desverre handlar det ofte vel så mykje om flaks som hardt arbeid. Får du ein influencer til å skrive nokre gode ord om smykkene dine så kan mykje være gjort. 

    Eg vil gjette på at svært mange av kundane dine ikkje kjøper slike smykker berre som pynt, dei fleste kjøper smykkene for å vise seg fram. Det du treng er noko ekstra som ein berre får med dine smykker. Det nyttar ikkje å legge ut bilder av smykkene dine om dine potensielle kundar tenker "slikt smykke skal eg lage meg". Du kan desverre ikkje på noverande tidspunkt stille med unike kunstneriske ferdigheiter, ei heller unike og eksklusive råvarer, og du var heller ikkje ein kjendisfaktor eller spesiell kunnskap som du kan bruke til å selge smykkene.

    Då må du finne noko anna som du kan bruke som innsalg, og då er nok det enklaste å fortelle ei unik historie om deg og dine smykker. Alt frå kvifor du starta å lage smykker, kvifor du har valgt mønster og farge, osv. 

    • Liker 2
  2. Normalt sett er slike skadehindrande tiltak noko som brannvesenet tek på eiga rekning som ein del av oppgåva som brannvesenet har med å ta seg av andre ulykker enn berre brannar. Om brannvesenet har store utgifter så sender dei rekninga til Finans Norge som representerer forsikringsselskapa som elles måtte tatt ei større rekning om det ikkje hadde blitt gjort tiltak av brannvesenet. 

    Så dette vil du nok ikkje få ei rekning på. 

    Dersom det er behov for avfuktig eller andre spesialiserte oppgåver så må du sjølv ta dette gjennom ditt forsikringsselskap. 

    • Liker 1
  3. Leo_ skrev (På 21.6.2024 den 10:16 AM):

    De var ikke akkurat interessert i å hjelpe, fikk svar på første henvendelse:

    At rettleiinga du har fått er mangelfull og oppfattes som avvisande er eg einig i, særleg med tanke på at det blir henvist til spesialenheten.no og ikkje til ein konkret artikkel, samtidig så kjem det veldig ann på kva du har formidla i eposten. 

    Det er ikkje så lett å starte ei etterforskning på bakgrunn av eit rykte om at nokon kan ha blitt søkt opp utan tenestemessig behov i eit anna politidisktrikt.  Dersom det er aktuelt å starte ei etterforskning nesten i blinde så blir det spesielt viktig å belyse kvifor du meiner oppslag på deg sjølv ikkje har tenestleg behov. Også spesialeininga for politisakker må prioritere kva dei bruker tid på og det må kunne forsvarast reint arbeidsmiljømessig kvifor alle tjenestepersonar i politiet får sin arbeidshistorikk gjennomgått. 

    Ikkje legg til grunn ei føring på den spesialeininga ikkje bryr seg før du har vurdert om du har gitt spesialeininga eit grunnlag for å starte etterforskning. Herunder også at du belyser kva du meiner er problematisk med at du blir søkt opp, for her er det stor forskjell på om du blir søkt opp av eksen din som jobbar i politiet, eller om du blir søkt opp som ein av mange som er eigar av ein svart Skoda og har fått fartsbot siste halvåret. At du meiner at det ikkje er tenestemessig behov fordi du er uskuldig, treng ikkje å bety at det er feil å ha søkt deg opp for å sjekke deg ut av ei pågåande sak. 

    • Liker 4
  4. Brother Ursus skrev (19 timer siden):

    Nå eskalerer man altså fra bilbrann til forsøk på mordbrann på tilfeldige mennesker. Regner med at politiet ikke ser noen forbindelse her heller.

    Det er ingenting som heiter forsøk på mordbrann, i dag er heller ikkje mordbrann brukt i straffelova. 

    Ein mordbrann er per definisjon ein brann som kunne ført til tap av liv (eller tap av store verdiar), dette kjem frå tidlegare tider der ein straffa utifrå mogleg konsekvens. Er ikkje så lenge sidan at det var dødsstraff for innbrudd i bygningar der folk sov, nettopp fordi ein rekna at ein som var villig til å bryte seg inn til sovande også var villig til å drepe bebuarane dersom dei hadde vokna. I dag brukar vi ikkje lenger begrepet mordbrann, men i staden så straffar vi likt alle metoder som lett kunne ført til tap av liv likt uavhengig av om det er brann, sprenging, oversvømming, osv. 

     

    Det sagt så dette ei opptrapping av alvorlegheit. Det burde være relativitetsteorien enkelt å finne ut av om sannsynleg brannårsak et utvendig (påtent) eller innvendig. 

  5. Uderzo skrev (På 21.6.2024 den 8:59 AM):

    Hvis personen er så dårlig i norsk/svensk, hvorfor ikke bare skrive på engelsk så det er mulig å forstå hva han sier? Eller er han kanskje like dårlig i engelsk 😅
    Merkelige greier.

    Vil gjette på at det er for å få politiet til å fokusere på svenske innvandrarar i staden for meir relevante mistenkte. 

    Tenker umiddelbart på Laila Bertheussen saka og at ho tagga ordet "RASISIT" og eit hakekors for å få det til å virke som at det var trusslar retta mot dåverande justisminister frå FrP. 

     

    Utanlandske krimimelle som vil presse pengar frå Hagen i form av kryptovalutta ville nok være i stand til å bruke AI verktøy om dei var så dårlege i norsk/svensk at kravet blir vanskeleg å tyde. Så sjølv om det ikkje er eit bevis i seg sjølv så er det minst like sannsynleg at brevet er fabrikert for å skjule eit drap som at det er kidnapparar som står bak. Om det er kidnapparar som står bak så er det enten kriminelle med dårleg språkkompetanse eller meir sannsynleg at dette er gjort med vilje for at det ikkje skal være mogleg å legge igjen ubevisste hint om forfattaren. Særleg i lengre tekstar så vil ein kunne finne måtar som forfattaren har formulert seg på som kan likne på formuleringar som vedkommande har skrevet før utan skjult identitet. 

    Det er også relativt vanleg at ranarar snakkar engelsk til ransofferet. I beste fall så vil politiet bli lurt til å ikkje etterforske nordmenn, og som bonus så er det litt vanskelegare å kjenne igjen stemma når ein brukar engelsk og ikkje sin vanlege norske dialekt. 

    • Innsiktsfullt 1
  6. Det er fint mogleg å gjere gode kjøp på slike sider. Det som ofte er problemet er at det ikkje nødvendigvis er same produkt du kjøper i dag som var til salgs i førre veke, det er derfor ikkje alltid du kan stole på anmeldingane ettersom det ikkje alltid er same produkt som blir omtalt. 

    Eg vil også oppfordre til å være forsiktig med alle produkt der kvalitet er viktig, elektriske komponentar, helsekost, produkt med hudkontakt, og alt av sikkerheitsutstyr skal en være veldig forsiktig med. Kjøp gjerne dekorasjon og andre duppedittar, men sykkelhjelm og ladarar styrer eg unna. 

  7. Utan merking så blir det ikkje lett å seie noko om verdien.

    Tok eit raskt googlesøk på messingbestikk med trehandtak, og får ganske mange treff på liknande type bestikk.

    Eit pent bestikk i ordentlig trekasse for oppbevaring kostar litt om du skal kjøpe det nytt, så sjølv om vi tek utgangspunkt i at dette er eit relativt billig bestikksett så er det nok verdt ein del hundrelappar likevel, kanskje også opp mot eit par tusen ettersomd et ser ut til å være eit stort sett.

    Kor mange delar består det av?
    Det ser ut til å være mykje fleire skeier enn det er knivar og gafflar, reknar med det er spiseskeier og litt mindre dessertskeier eller teskeier? Er det gafflar i ulike størrelser også? Altså spisegaffel og forretsgaffel?

    • Liker 1
  8. Ulike nasjonar og befolkning har ulikt verdisyn, og sjølv om det sikkert er veldig mange ulike meiningar ute å går så må det vel ikkje feil å seie at den vestlege framgangsmåten er ein av dei betre samfunnstrukturane som ivaretek behova til den jamne innbyggaren.

    For fengselsvesenet så er den vestlege måten den måten som både gir best rettssikkerheit med tanke på bevisførsel, og er forholdsvis gode for å ivareta fanganes fysiske og psykiske helse under soning (sjølv om den nordiske behandlinga av fangar ligg ganske lang framfor til dømes USA sin medtode).
    Og i tillegg så har den vestlege metoden som mål å rehabilitere slik at dei straffedømte skal ha moglegheit for å kunne kome tilbake til samfunnet etter at dei har sona sin straff.

    Det El Salvador gjer med disse fengsela er veldig effektivt. Ved å låse inn alle poteniselle problemmakere så får ein redusert kriminaliteten. Utfordringa sett med vestlege auger er at ikkje alle fangane er dømde etter gode rettslege prosessar, så ein del av dei innsatte kan være uskuldige eller skuldige i mindre alvorlege lovbrot enn det dei er dømde for.
    El Salvador får også eit problem om og når fangane slepp ut sidan det ikkje er tatt omsyn til rehabilitering i det heile tatt, så dette er personar som i svært liten grad får moglegheita til å leve eit lovlydig liv etter fengselsopphaldet. Både fordi dei nok vil sleppe ut med ein stor avsky mot styresmaktene, og fordi det nærmaste dei har fått av utdanning er opplæring i vold og kriminalitet, og fordi eksfangar i El Salvador ikkje kan forvente å få tilbod om vanlege jobbar slik at dei då må ty til kriminalitet for å livnære seg etter fengselsopphaldet.

     

    Generelt er eg ikkje ueinig med trådstarter, det er ikkje gitt at vestleg styresett er fasiten i alle tilfeller.
    Skal ein ha eit velfungerande demokrati så krev det at befolkninga i sin heilheit er opplyste nok til å kunne stemme på dyktige leiarar. I vesten har vi hatt dette fordi det har vært ei kampsak å få stemmerett, fyrst frå menn som ikkje er landeigarar og seinare av kvinner. Denne kampen og viljen til å være med på å bestemme har også ført til at befolkninga har brukt tid på å sette seg inn i korleis dei vil bruke stemmeretten sin.
    Min litt dystre spådom er at demokratiet står for fall. Det blir vanskeleg å oppretthalde eit fungerande demokrati når dei som stemmer ikkje har peiling på politikk og kanskje enda verre ikkje stemmer utifrå fakta og gjennomførbar politikk.
    Ein kan seie mykje stygt om diktatorer, men den store fordelen med ein eineherskande leiar er at det er lett å få ting gjort utan å bruke åresvis på diskusjonar utan konklusjon.

    • Innsiktsfullt 1
  9. freedomseeker skrev (15 timer siden):

    Ja Norge var en av de tregest til å få vaksinert befolkningen i den vestlige verden, smitte utstyr i den første kritiske fasen ble også stoppet av den svenske tollen.

    Det stemmer ikkje. Vaksinasjonsgraden i Europa var klart lågast i aust Europa, mykje fordi dei er utanfor EU/EØS og hadde dårlegare tilgang på vaksiner.
    I tillegg hadde vi i Norge store utfordringar med at folk ikkje ville vaksinere seg, og dei som sa seg villige til å vaksinere seg møtte ikkje opp slik at mange vaksinedoser måtte kastast.

    Smittevernutstyret som vart stoppa i tollen var utstyr med manglande dokumentasjon. I den fyrste fasen av pandemien så var det mangel på sertifisert verneutstyr for bruk i helsetenesta. Dermed vart munnbind som ikkje var tette nok stoppa i tollen. Det var fyrst mykje mykje seinare at befolkninga som ikkje var helsepersonell vart oppfordra til å bruke munnbind som ikkje nødvendigvis trengte å oppfylle same krava som ved bruk på sjukehus.

    Grunnen til at dei norske smittervernråda ikkje anbefalte bruk av munnbind var mykje på grunn av at det viktigaste var å sikre at ein hadde nok munnbind til helsetenesta.

  10. Auto Asmodeus skrev (51 minutter siden):

    PS. Får håpe at mattilsynet ikke finner ut om ekorn-katapulten jeg lagde på hytta.

    Skal du ta ein lærdom frå denne saka så er det å ikkje legge ut bilde av oppfinninga på Facebook slik at dyrevernarorganisasjonane kan sjå den. 

     

    Eg er heilt for at vi skal ha dyrevelferd, og ein skal sjølvsagt kunne straffast for å torturere dyr utan mål og meining. Men sett opp mot det å bruke gift eller skaffe fleire kattar så virker denne innretninga å være forholdsvis human. Ein skal også ivareta kva som er praktisk mogleg å gjere i ein slik situasjon. Det er ein grunn til at fiskeslakteri brukar straum for å bedøve store mengder fisk samtidig, men eg reknar med at det er gode grunnar til at slike straumførande innretningar ikkje er kommersielt tilgjengeleg for vanlege forbrukarar. 

    • Liker 5
    • Innsiktsfullt 1
  11. Gjest 07de3...6fd skrev (15 timer siden):

    Det kan jeg gjøre ja :) godt tips :) problemet er bare at det er blitt sånne teite nye regler nå at de kun tar imot elektroniske søknader og cv. Det er ikke lov å oppbevare på papir pga personvern og at ikke opplysninger skal komme på avveie. Har vel noe med dikkerj å gjøre kanskje .

     

    Men kan deldl møte opp å spørre etter sjefen og domrre han om jeg kan dende min cv. De vil helst ikke ha det på epost jeller lengre og mange tar ikke åpne søknader. Men det går an å gå rundt å presentere meg selfølgelig og spørre om de tren folk. Kanskje jeg får lov å vise mon cv og ta den med meg hjem igjen etter han eller hun har sett på den. Da trenger de jo ikke å oppbevare den 

    Anonymous poster hash: 07de3...6fd

    Dei har lov til å ta imot søknad og CV på pair, GDPR regelverket stiller berre krav til forsvaleg oppbevaring. Mange bruker det likevel som unskuldning fordi det kan være enklare å holde kontroll på poteniselle søkarar om alle søker elektronisk i eit utlysningsverktøy.

    Om du møter opp personleg og får beskjed om å sende inn CV elektronisk så har du likevel oppnådd det vikitgaste. Poenget med å møte opp direkte er å gi den som skal tilsette eit ansikt å knytte til namnet, og for å vise at du er interessert og motivert til å få jobben. Det er også ein god muligheit til å få eit fortrinn ovanfor andre søkarar ettersom du kan bruke dette møtet til å gi eit godt fyrsteinntrykk slik at du kan spare inn litt tid på formalitetar og høfligheitsfraser når du kjem til sjølve internvjuet.
    Er du litt kreativ så kan du vurdere å lage deg visitkort eller liknande som du kan legge igjen sjølv om dei ikkje vil ha søknaden i papirversjon. Eit anna tips er å lage ein veldig kort jobbsøknad der du ikkje har med så mykje andre opplysningar enn namnet ditt, kontaktinfo og at du er jobbsøkande.

     

    Veldig ofte kan du berre møte opp og spørre etter sjefen. Særleg på litt mindre arbeidsplassar er det veldig enkelt. På større arbeidsplassar kan det være ein fordel å gjere avtale om at du kjem innom, det kan også være greitt å ha satt seg litt inn i leiarstrukturen i firmaet ettersom det ikkje nødevndigvis du får snakke med storsjefen når du dropper innom uanmeldt, så då er det greit å være orientert om den personen du snakker med er ein relevant mellomleiar eller om det er ein vanleg tilsett som berre har i oppgåve å ta imot søknaden og sende deg ut igjen.

  12. Det høgsterett skal ta stilling til er vel om denne fella er lovleg etter dyrevelferdslova:

    Sitat

    Avliving av dyr og håndtering i forbindelse med avlivingen skal skje på dyrevelferdsmessig forsvarlig måte. Den som benytter bedøvings- eller avlivingsutstyr, skal påse at dette er egnet og vedlikeholdt.

    Då er det eigentleg to spørsmål. Det fyrste er om drukning er dyrevelferdsmessig forsvarlig, og for å vurdere om det er forsvarleg så er det vel rimeleg å sjå til kva alternative måtar som var tilgjengelege.

    Det andre spørsmålet er om avlivingsutstyret er egna eller ikkje. Det at fella var heimelaga skal nok ikkje ha så stor betydning, så det fell nok tilbake til det fyrste spørsmålet om ei drukningsfelle er lovleg eller ikkje.

    Det at det var innblanda frostvæske (glykol) i vatnet skal etter mitt sin ikkje bety stort. I beste fall så er glykol eit stoff som gjer at ein fell i djup søvn og at stoffet blir tatt hurtig opp via hudkontakt. Eg ser i store norske leksikon at dyreforsøk har vist at dyr tek mindre skade av stoffet enn mennesker, men eg vill nok argumentert at det er eit par hakk betre for dyrevelferden at musene drukner i ei væske som også er bedøvande enn om det hadde vært berre reint vatn.

    Og sjølv om vi på ingen måte har ein fasit så har det ofte blitt sagt at drukning er ein av dei mindre smertefulle måtane å døy på, om mekanisk knusingsskade er særleg meir human måte å drepe mus på kan nok diskuterast, men der er sjølvsagt ein raskare avlivingsmetode.

     


    Sjølv om høgsterett heilt sikkert ikkje kjem til å vurdere dette, så lurer eg på om det er slik at denne fella hadde vært heilt innafor lova dersom det ikkje var vatn i den, slik at musene berre vart fanga i bøttene og så drept på anna måte nokre dagar seinare?

    • Liker 2
    • Innsiktsfullt 3
  13. Morromann skrev (10 minutter siden):

    Men nå var det aldri noen reell fare for utryddelse av befolkninger fra covid-19.

    Tråden handler ikkje om covid-19 sjølv om det er den openbare samanlikninga sidan det er derifrå vi har den nyaste erfaringa.
    Tråden handler om ein potensiell ny pandemi utan kur og med høg dødelegheit. Ved ein slik pandemi så vil det einaste som nytter være å unngå å bli smitta fram til ein kan bli vaksinert mot viruset.

    Dette er svært mykje som kan seiast om måten Covid-19 vart handtert på, men sjølv om vi i dag veit fasiten så meiner eg det var heilt rett å innføre umiddelbare tiltak for å redusere omfanget av smitte i staden for å krysse fingrane og håpe at pandemien ikkje blir så veldig dødeleg.
    Det som er nytt med pandemiar i dag er at det er svært mange personar som reiser svært mykje over heile verden på kort tid. Dersom vi får ein ny svartedauden så må vi også anta at smitten har blitt spredt til alle kontinent før vi i det heile tatt har oppdaga at vi har ein pandemi.

     

    Min personlege meining om Covid-19 handteringa er at den var særdeles vinglete. Dersom ein går for å isolere befolkninga  så må ein ta steget fullt ut og akseptere at isolasjon har ein pris, både på psykisk helse for befolkninga men også får økonomi og arbeidsliv. Heile poenget med å isolere seg er å holde seg isolert til dei som alt er smitta ikkje lenger er smittsomme, det nytter ikkje å holde seg isolert på kvardagane, for deretter inviterte til folkefest i helga, og når smittetalet går opp så innfører ein ny isolasjon fram til neste helg eller ferie.
    Isolasjonsstrategien kunne også ha vært innført langt meir skånsomt dersom ein hadde kunne forby folk å reise rundt omkring i landet. Nordnorge hadde omtrent vært heilt fri for Covid-19 om det hadde vært innført innreiseforbod. Det vart forsøkt ei søringkarantene men det var ikkje lov så det måtte ein slutte med. I tillegg var stengte landegrenser, men også det hadde avgrensa med effekt når helsearbeidarar fekk reise inn frå land med mykje smitte og reise omtrent rett inn på sjukeheimen eller sjukehuset der dei aller mest sårbare oppheld seg.
    For ikkje å snakke om alle dei teite reglane som vart innført slik som at sjenkeplassar som også serverte tomatsuppe eller pølse i brød fekk holde opent medan reine sjenkeplassar ikkje fekk holde opent sjølv om det er ein brun pub med separate sittegrupper og klientell som ikkje danser på bordet.

    Alt i alt så var dei norske tiltaka såpass inngripande at det fekk store negative konsekvensar, samtidig som at ein ikkje holdt på tiltaka lenge nok til at det var effektivt. Hadde fyrste isolasjonsrunda vart ei veke eller to til så hadde vi truleg sluppet alle dei påfølgande nedstengingane. Alternativt burde ein gått langt mildare til verks og berre hatt anbefalingar.

    • Liker 1
  14. LD93 skrev (37 minutter siden):

    Som tittelen sier.. Er det egentlig realistisk?

    Eller hva er det nærmeste realistiske en kommer.

    Hvor du er fri fra alle lover og regler nasjonale eller internasjonale, hvor en stat ikke kan til syvende og sist bestemme over deg.

    Alle landområder er vel mer eller mindre eid av en stat per i dag?

     

    Det korte svaret er nei.

    Det nærmaste du kjem er å opphalde deg i internasjonalt farvatn der ingen nasjonar har jurisdiksjon, men også der er mykje regulert gjennom internasjonale avtaler.

    I praksis vil det alltid være ein stat som avkrev deg for skatt og avgifter. Dersom du ikkje klart både oppheld deg og bur i same staten så kan du fort risikere at det er fleire statar som avkrev deg for skatt.

    Det vil også være ulovleg for ein stat å ta frå deg statsborgarskapet om du ikkje har skaffa deg anna statsborgarskap.

    Det er fleire som har prøvd å etablere sin eigen nasjon, men det er ingen som anerkjenner nasjonen som ein sjølvstendig stat. Mange har fått late som at dei bur i ein sjølvstendig stat utan at myndigheitene bryr seg så lenge ein fortsetter å betale skatten sin, men dersom ein sluttar å betale skatt så blir ein til slutt arrestert for skatteunndragning. 
    Sjølv om du til dømes flytter til Halaib-triangelet så er det ikkje gitt at norske myndigheiter rekner deg som utflytta.

  15. liquidsquid skrev (8 minutter siden):

    Ser det er opp til flere i denne tråden som presiserer at de har autisme. 
    Er dette egentlig relevant? Å stå i "kjedelige" jobber er vel kjipt uansett om man er autist eller ei?

    Det er relevant for kva som er aktuelle jobbar, og om ein i det heile tatt kan ha ein vanleg jobb.

    Eg er heilt einig i at alle må kunne stå i kjedelige jobbar, det som ofte kan være utfordringa for personar på autismespekteret er at autistar har synes andre ting er kjedelig. Der andre arbeidstakarar vil ha størst mogleg variasjon i arbeidsdagen så vil autistar typisk fokusere på ein ting om gangen.

  16. Eg tenker at det er lite hensiktsmessig å ta eit årsstudium berre for å prøve å finne ut om dette er eit fagområde som du skal ta meir utdanning. Særleg om det i tillegg er på ein privatskule slik at du i tillegg må betale for det.

    Eit årsstudium i IT passar best for dei som alt har eit yrke der ein har fått ei vridning i arbeidsoppgåver slik at ein treng litt overflatisk IT kompetanse. Som f.eks. om du fortsetter med helsejobben din men får meir administrative ekstraoppgåver med datsystem så kan eit årsstudium i IT være ein fornuftig utviding av eksisterande kompetanse.

    Eg ville nok anbefalt å forsøke å finne ut om dette er eit aktuelt nytt yrke på andre måtar, også fordi at formalutdanning ikkje nødvendigvis gir godt innblikk i kva du kan forvente som arbeidskvardag i praksis.

  17. ForTheImperium skrev (På 30.5.2024 den 4:27 PM):

    Land grupperte seg med andre land og hadde egne tiltak. Fattige land fikk de dårligste vaksinene mens de rike fikk de aller beste med en gang. Så gud forby hvis det kommer en ny pandemi med et virus som er rett og slett uslåelig med ingen kur og dødeligheten som spanskesyken, da nærmer vi oss utryddelse? 

    Paradoksalt nok så er denne framgangsmåten ein god måte å handtere pandemiar på for å unngå at menneskeheita blir utrydda. Hadde dette vært ein veldig dødeleg pandemi og ein hadde valgt å spre vaksinene heilt rettferdig og likt fordelt utover heile verdens befolkning så hadde vi kunne risikert at alle land får stor avfolking og dei få gjennlevande er for få og spredt utover for stort område til at ein kan få folketalet oppigjen.
    Då er det mykje enklare om ein verner eit tilstrekkeleg stort geografisk område som då kan overleve pandemien med samfunnsstrukturen i orden, og så kan etterkommarane av disse reise rundt i og spre menneskeheita til alle verdenshjørner.

    At nesten alle land valgte sine eigne tiltak var også ein stor suksess med tanke på å forhindre mulig utrydding. Fleire ulike strategiar aukar sannsynlegheita for at i alle fall nokon av strategiane hadde fungert. Hadde alle land hatt same tiltak som ikkje fungerte, og pandemien hadde vært veldig dødeleg så hadde vi kunne risikert at så mange mennesker døyde at menneskeheita blir utrydda.
    Det einaste som hadde vært meir optimalt om vi skal tenke stort på det er at FN eller liknande organisasjon burde bestemt kva tiltak kvart enkelt land skulle innføre slik at absolutt alle tiltak vart forsøkt. Alt frå veldig få tiltak som sikrar at landet kan opprettholde produksjon og økonomi til tross for stor risiko for smitte, til dei mest ekstreme tiltaka med fullstendig isolasjon der eit land eller område stoppar all kontakt med andre mennesker og overlever på hermetikk og tørrvarer til pandemien går over.
    Det er likevel fullt forståeleg for at ingen land vil frivillig gå for å innføre tiltak som ein ikkje ser fornuften i, berre for at det er ein veldig liten sjans for at det er berre disse tiltaka som fungerer.

    Sjølv om det er bra for menneskeheita at ein nasjon runierer sin eigen økonomi og forsvarsevne for at ikkje heile menneskeheita skal døy av sjukdom, så er nok folk flest vel så opptatt av at dei skal ha eit liv som er verdt å leve også etter pandemien, meir enn at ein skal overleve for ein kvar pris.

    • Innsiktsfullt 1
  18. Sitter med inntrykket av at utviklinga ikkje går heilt rette vegen. Ikkje fordi eg ikkje liker AI-verktøy men fordi software utviklinga går mykje fortare enn hardware utviklinga.

    Ein mobiltelefon er dårleg egna til å køyre tung bilde- og videoredigering. Sjølv med kraftig nok hardware så får ein problem med varmeutvikling om mobiltelefonen også skal få plass i lomma. Særleg når ein også skal lage mobiltelefon vatn og støvtett.

    Android rulla nyleg ut ei oppdatering full av nye AI funksjonar, eg er spent på kor mykje disse funksjonane reduserer batteritida.
    Det er fint å ha ein supercomputer i lomma som kan gjere alt som ein stasjonær-PC kan gjere, men ikkje når baksida er at telefonen må ladast anna kvar time.

  19. Gjest 0b983...c99 skrev (12 timer siden):

    Jeg skriver denne tråden som anonym,
    fordi når jeg stilte det samme spørsmålet på Reddit i går så ble jeg slaktet og kalt "entitled" og alt annet i boka.

    Jeg har autisme, og derved har jeg veldig snevre interesser.
    Jeg kom meg nylig på bena igjen etter flere års sykdom,
    og er nå i prosessen med å utvikle ferdigheter i mine interessefelt. Jeg får uføretrygd.

    Etter flere mislykkede forsøk på å jobbe med ting utenfor mine interessefelt,
    har jeg kommet til den "selviske" avgjørelsen at jeg nekter å arbeide med noe jeg ikke liker.
    Dette er også en utilitarisk avgjørelse; ingen sjefer liker ansatte som skulker og så får sparken.

    Målet mitt nå er å utvikle ferdighetene tilstrekkelig slik at jeg kan forhåpentligvis
    selge ting online via digital distribusjon og kombinere dette med uføretrygden.

    Mine spørsmål er:
    1: Hvorfor blir folk sinte over at noen ikke vil ha en jobb de ikke brenner for?
    2: Innser de ikke at der finnes folk som faktisk vet hva de vil jobbe som,
    og ender opp med å få det yrket de har en lidenskap for?

    Prøv så godt dere kan å fokusere på desse 2 spørsmålene.
    Jeg kommer ikke til å gi mer informasjon om meg selv,
    etter det sirkuset på Reddit

    Anonymous poster hash: 0b983...c99

    Som også @Tussi skriv så er det ikkje frivillig å jobbe (om ein ikkje lever på eigne sparepengar). Alle skal jobbe og tene pengar til livsoppholdet til seg sjølv og sin familie. Så er det ein del som som ikkje kan jobbe, og dei får uføretrygd fordi dei også har levekostnadar sjølv om dei er for sjuke til å jobbe.

    Det som nok provoserer folk du snakker med er at du legg lista for kva du er villig til å jobbe med særdeles høgt. Du vil ikkje ha ein triveleg jobb, ein interessant jobb, eller utfordrande jobb. Du seier du berre vil ha ein jobb du brenner for, det er sterke ord. Eg vil påstå at det er særdeles få som faktisk brenner for jobben sin, sjølv dei mest spennande jobbane har kjedelige arbeidsoppgåver. Dei fleste som liker jobben sin gjer det fordi dei totalt sett er fornøgde med jobben sjølv om enkelte aspekt av jobben er veldig kjedelig.
    Det er veldig få som har oppriktig lidenskap for å jobbe på lager, i butikk eller som reinhaldar, men det er ofte slike jobbar ein ender opp med å måtte ha fordi ein treng ei inntekt.

    Hadde du moderert deg eit par hakk så trur eg nok du hadde fått mykje meir støtte for at du treng ein jobb du er motivert for dersom du skal klare å holde ut i jobben. Som sagt så er "brenner for" og "lidenskap" eit i overkant sterkt uttrykk.
    Det er også ei kategorisering som det i praksis er umogleg å oppfylle, det vil i praksis være heilt umogleg å finne ein jobb du verkeleg brenn for, og sjølv om du finn ein slik jobb så vil nok også du oppleve at også denne jobben blir mindre engasjerande etter ei stund.

    Å jobbe etter evne er ei samfunnsplikt. Klarer du å finne ein jobb som du også liker så er også sjansen stor for at du gjer ein god jobb, som igjen er bra for både deg og arbeidsgiver. Men om du ikkje får drømmejobben din så må du akseptere å bruke din arbeidsevne i ei anna stilling til du får jobben.
    Det er nok få trikkeførere som har lidenskap for jobben, men det er nok mange trikkeførere som priser seg lykkelig for at dei får jobbe under tak på regnværsdagar eller for at dei får ha ein stillesittande jobb utan å være innelåst på eit kontor. Dei elsker ikkje alle sider med jobben, men dei er glade i jobben sin fordi det er eit fint kompromiss mellom ein jobb som er samfunnsnyttig og ein jobb som ikkje er ubehageleg å utføre.

     

    For deg så er det store spørsmålet om du er arbeidsfør eller arbeidsufør. Med autisme så vil din "sjukdom" være usynlig og mange vil nok dømme deg for å være lat og "entitled" fordi dei får inntrykk av at du tek eit aktivt valg om at dersom du ikkje får fast stilling som astronaut så er du ikkje villig til å ta andre jobbar.

    Systemet med uføretrygd er basert på at dersom du er i stand til å jobbe så skal du jobbe, uføretrygd skal du berre få dersom det er dokumentert at du ikkje er i stand til å jobbe. Dersom du kan jobbe men berre velger å ikkje jobbe så får du ikkje uføretrygd. Sidan Norge er ein velferdsstat så vil du i staden få sosialstønad, altså at du får akkurat så mykje frå staten som du treng for å dekke dei aller mest nødvendige kostnadar med mat og husleige.

    • Liker 2
  20. Gjest dd5ff...25d skrev (5 minutter siden):

    Tviler på at hun har spurt om det. Hun tar med seg Mari Kay produkter og kataloger i garderoben og tar med prøver sov og skal ha oss til å prøve hudpleie i garderoben for å få oss til å kjøpe 

    Anonymous poster hash: dd5ff...25d

    Sidan du nemte Sporty24 så tok eg å søkte opp ordensreglane. Sporty24 kallar ordensreglane sine for medlemsreglar.
    Utanom ein notis om normal oppførsel og at ein tek hensyn til andre så finn eg ikkje dei utfyllande medlemsreglane på nettsidene. Det eg finn på nettsida er at medlemsreglane blir jamnleg oppdatert og at du finner dei på nettsidene og som info-plakatar på treningssenteret. Det er mulig du kanskje må være pålogga for å finne medlemsreglane.

  21. Også basert på loggen så er eg etter forholda fornøgd med at nødvarselet ikkje blir for mykje misbrukt.

    Eg er ikkje heilt fornøgd med at varselet om "vanleg" ekstremvær blir sendt ut som nødvarsel, særleg nå ekstremværet handlar mest om faren for oversvømmelse og anna materielle skader meir enn liv og helse så synes eg kanskje at nødvarselet blir brukt heilt rett. Det er ikkje som at ein før ringte i kyrkjeklokkene og blåste i tyfonane ved ekstremvær så kvifor innføre slikt varsel no når det er elektronisk?

    Det sagt så synes eg at nødvarsel om så akutt rasfare at ein har starta med evakuering, væpna politiaksjonar og gasslekkasjer er heilt korrekt bruk av nødvarselet.

×
×
  • Opprett ny...