Gå til innhold

Nynorsk-tråden - Alt du vil vite om nynorsk, men ikkje tør spørje om


Underpants

Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Hei, og velkomen til nynorsk-tråden.

Dette er tråden der du kan spørje om alt det du nokon gong har lurt på innan nynorsk. Mellom 10% og 15% av innbyggjarane i Noreg nyttar ein eller annan variant av det nynorske skriftspråket, og eg håper de der ute kan svare oss bokmål-brukarar på ting vi lurer på innan nynorsk.

 

Me held oss unna diskusjonar for/imot nynorsk i skulen o.l.

Eg vil heller ikkje ha nokre reaksjonar som «Nynorsk suger! Måtte denne tråden dø!» Eg skriv sjølv bokmål og bor i Oslo, men eg har respekt for skriftspråket for det.

 

Eg startar gjerne. Når skal man bruke «til dømes» og kva er «kven» eit spørjeord for?

 

Om eg har skrive nokre feil i dette innlegget så får de rette meg, då eg ikkje kjennar meg heilt trygg når eg skriv nynorsk.

Endret av Underpants
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Nynorsk er skøy.

 

"Til dømes" har samme meining som "for eksempel", medan "kven" er det samme som "hvem". :)

 

Er det forresten lov å skriva "medan"? Eg tykjer berre det låt nynorsk.

Skrevet (endret)

Ofte, når eg skriv nynorsk, bikkar eg over på svensk.

 

Og forresten: "medan" tyder "mens", "samstundes" og så vidare.

Endret av kjetil02
Skrevet

Eg har sett at ganske mange brukar ordet "dykk" når ein eigentleg skal bruke "de"

 

"De" er subjektforma, og "Dykk" er objektforma. Altso, dei som utfører verbet skal alltid vere "de"

 

Dømer:

De må kome dykk heim att.

De må lære å skrive betre nynorsk.

Eg skal hjelpe dykk.

 

 

Såg forresten at du gjorde den tabben i siste setninga di Underpants ;)

Skrevet (endret)

Kvifor heve landsmålet gradvis vorte so forfalle? Det er mest so ein lyt spørja seg um nynorsken kan heve nokon framtid. Vil han halda fram med å næra seg bokmålet, slik tendensen er?

 

Ein lyt heve von og hug åt nynorsken. Men soli skin ikkje på honom, og framtidi er ikkje nett ljos.

Endret av frevild
Skrevet
Men språket vert og nytta i dei indre delane av Austlandet, som ligg nært Vestlandet.

 

Hvor eksakt mener du med dette? Telemark? som forøvrig ikke er indre østland..

Skrevet
Men språket vert og nytta i dei indre delane av Austlandet, som ligg nært Vestlandet.

 

Hvor eksakt mener du med dette? Telemark? som forøvrig ikke er indre østland..

 

Eg meiner dei områda som ligg meir i midten av Sør-Noreg, langs fjellskiljet mellom Austlandet og Vestlandet. Ikkje Hedmark til dømes.

post-150056-1203610473_thumb.png

Dette biletet vise kommunane etter målform. Merk at sjølv om ein del er nøytrale, er det nynorsk som er det mest naturlege å bruke der.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...